tirsdag 30. juni 2009

Bilder frå junihagen

Dette er blomster i hagen akkurat nå. Her er Linaria purpurea, frøplanter fått på ei hagevandring i ein fantastisk flott og kreativ hage i Utvik i fjor sommar. Plantene der kom visst frå frø frå ein hage i England. Den sår seg visst veldig iherdig, og så sløv som eg er til å ta vekk frøstandar har eg den vel snart over alt....
Her er første blomsten på Lychnis chalcedonica, kvit, fått som bytte-prikleplanter av Berit i fjor. Nå er det ein flott skog av dei, enda eg har gitt vekk maaange! Herlege planter, veks ute på kanten av eit bed som snur ut mot ein skrent, magert og solsteikt. Det likar dei, og det synest eg eg bra! I same bedet har eg også Lychnis coronaria, kvit den også, men den stod så langt inn i bedet at eg ikkje fekk til å ta bilde. Den har også akkurat starta blomstringa.

I same bedet veks Geranium himalayense. Dei sådde eg i fjor, men stussar over at mine ser mykje bleikare ut i fargen enn dei på bildet. Eg klagar ikkje, for den er litt anleis enn andre Geranium, som har ein tendens til å vere litt like. Dessutan høver den godt i akkurat dette bedet. Geranium "Magnar" veks også i dette bedet, noko mørkare i fargen, men den har blomstra av nå. Det kom opp ei einaste frøplante frå frøa frå akoen i fjor, men det var nok for meg;-) (eg er absolutt ingen mestersåar). Tilfeldigvis har dette bedet fått aldeles nydelege fargar: i framkant store, robuste Plantago major "Rubra", som jo er ganske mørk raude. Så kjem det grå i form av malurt og lammeøre. Blomsterfargane går (for det meste) i lys lys pastell: Linariaen i lys rosa, ei lysegul akeleie som fortsatt blomstrar, lys bleiklilla Timian og lys bleiklilla Geranium, kvit/sølvfarga Lychnis chalcedonica og kvit Lychnis coronaria. Det er rett og slett pent, og for ein gongs skuld nokolunde harmonisk i fargane. Var stort sett flaks, men likevel da.... Eg er fornøgd:-D

Her er eit utsnitt av dette tørre solbedet, med "Bestarosa" i bakgrunnen. Den er eit rotskudd av buskrose frå hagen til farmora mi i Stryn, og er veldig vanleg i gamle hagar her. Den likar seg også godt i denne solfylte sørveggen, rett ved ein mur. Ellers ser de lammeøre Stachys byzantina og Linaria, Hosta og kvit haustfloks som ikkje blomstrar enda.

På den aller tørraste og magraste plassen på tomta veks desse nellikane (Dianthus deltoides) frå Hajal. Har to slag til, men hugsar ikkje navna i farten. Dette er den finaste synest eg, den har litt mørke stilkar og blad, og ein herleg, intens rosafarge.

Dette er min sjølvsådde timian frå i fjor. Den er fantastisk blomsterrik, og så fin! Bier og humler surrar rundt den heile tida, og sjå kor fin den er ved sida av Artemisia stelleriana (Sandmalurt). Det er forresten ein malurt etter min smak, rimeleg kompakt vekst, og stive stilkar, samt ein vanvittig fin sølvfage på blada!

Stachys grandiflora, prydsvinerot, er fin akkurat nå. Egentleg ei plante eg vil ha meir av rundt omkring, den er villig, blomsterrik, og den blomstrar på ei tid litt etter enkelte ting, og før andre ting, om de forstår....

Nattlys (Oenothera) er fint! Veit ikkje meir om navnet, har fått den av nokon. Den likar også sol og tørr jord, det er fint. Sjå på dei raude, spisse knuppane! Skal dele og formeire opp denne når eg får den hersens stien i boks.

Lenger bort i bedet, ved sitteplassen, blomstrar nå den kvite, høge Ridderspora.

Enda lenger bort kom desse nydelege nellikane igjen i år, dei var kjøpt i fjor. Eg synest dei er fine!

6 kommentarer:

Marit sa...

Så mange flotte blomster du har! Håper du husker på å ta bilde av den Iris ensata fra eurobulb ;-)

Randines hageblogg sa...

Flotte bildet av blomstene dine, den Linaria purpurea var flott.
Det er alltid inspirerende å se andres plantevalg, det gir grobunn til nye sorter og ideer (les diller).

Ha en fin julimåned Herdis!

Herdis sa...

Iris: eg lovar på tru og ære å ta bilde av irisen. Går og ser på den mange gongar om dagen, og kan også sjå den frå kjøkkenvinduet. Den slepper ikkje unna å bli avfotografert!
Takk Randine. Linaria var eit hyggeleg bekjentskap, eg har også ein lilla variant, men den finst i fleire andre fargar også. Har sådd ein som heiter "Canon J. Vent" i år, og den har spirt. Gleder meg til den!

Røsslyng sa...

Ojojoj, så mye flott blomstring!Vakkert!
(og denne fargekræsjen du har nevnt i tidligere innlegg kan jeg ikke se spor av noe sted, så det så ;) )

Herdis sa...

Takk, Røsslyng. Av og til klaffar det, av og til kræsj. Sanninga er at eg likar at det kræsjar litt, det beste er å balansere akkurat på grensa...;-)

Anonym sa...

Ja, sannsynligvis sa det er