Mykje som skjer i hagen for tida. 5. juni i dag, og vi har eit vær som gjerne kunne gitt seg ut for å vere juli. Eg har flytta kjøkkenhagen min i år, og som vanleg ligg eg litt etter med det meste, så fekk ikkje tak i settepoteter... Har laga til fire pallekarmar på eit ubrukt område, men som trengte litt rydding først. Fekk også planta rotskudd av den gamle Besta-syrinen. Den opprinnelege buska måtte fjernast da vi planta hekk i april. (Hemlokk). Rotskuddet står nå ved den nye kjøkkenhagen, og kan kanskje glede den som jobbar der (meg!😂) på rette tida, med nydeleg blomsterlukt.
Så legg eg ut eit bilde av noko eg ønskar meg, nemleg utepeis! Kanskje ein gong🤗


Under: superpetunia raspberry blast.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar