tirsdag 28. september 2010

Stiklingorgie i september

Nå driv eg som mange andre og tek inn sommarblomster for hausten. I går kom eg plutseleg på at eg hadde lese om folk som overvintrar alt muleg rart som eg vanlegvis berre har kasta, og googla litt her og der. Har også nyleg vore på bytur, og kjøpte meg da eit engelsk hageblad. Der stod det som tips for hausthaginga at ein skulle ta stiklingar av diverse sommarblomster NÅ.... Muleg det berre går an i England og andre land med meir dagslys om vinteren, men skitt la gå. Eg prøver! Moseplassen har også prøvd, rett nok i mai da.... (Fordi eg aldri greier å lære meg heilt korleis eg skal bruke blogspot, så har eg ikkje greid å flytte på bilda denne gongen, dermed ligg dei hulter tuil bulter. Wordpress på meg snart, tenker eg...)

Under er bilde av ein flott hengepellis som eg kjøpte på Lillehammer i fjor sommar, og som på mirakuløst vis greide seg på planterommet mitt i vinter. Det er ein seigliva type, med andre ord. Den har ein nydeleg, mørk raud farge som sjølvsagt ikkje vart heilt rett på bildet. I sommar har den stura litt på grunn av det kalde været, men har etter kvart blitt finare og finare på verandarekkverket. Eg har greid å få til ein stikling av den i sommar, men den brukte veldig lang tid på å rote seg. Mor mi har fått den, der får den i alle fall godt stell. Nå har eg sett nye stiklingar på planterommet, og så får vi håpe at nokre slår til i det minste. Dei har jo heile vinteren på seg til å bestemme seg.

Neste bilde har ingen ting med stiklingane å gjere, men er teke ut av eit soveromsvindu i andre etasje her for ei veke sia. Det er asfaltarbeidarar i full sving med å asfaltere gardsplassen vår, og det vart så fint! Vi har tenkt på det ei stund, men det kostar litt så det har blitt utsatt og utsatt. Nå som garasjen er ferdig, så var det greit å hive seg frampå da kommunen uansett skulle asfaltere rett ved oss, og maskinene var her likevel. Dette er nesten det beste som har skjedd denne sommaren, farvel ekkel grus med masse (Roundupresistent?!) ugras i!

Her er Million bells-stiklingane: blomsterbilde av den lenger ned.

Mørk raud hengepellis:

Minipetunia, eller meir korrekt: superpetunia?

Så eit portrett av ein av dei få fuchsiaene eg har: Dollar princess meiner eg den heiter. Er sett på planterommet i dag, og eg får håpe den fortsatt lever til våren.
Så vidt eg har greid å finne ut er dette Million bells: Den har vore enda meir djup lilla i fargen tidlegare i sommar, men blomstrar fortsatt ivrig. Har ikkje hatt det godt, planta i ei dum potte som hadde alt for god drenering, så den har nesten vore dau fleire gonger. Fargen er veldig fin, så den kan eg tenke meg mange av neste år....
Dette er visst superpetunia? Eg googla minipetunia, men fekk nesten ikkje treff, så det navnet er nok ikkje korrekt. Den gir sterke petuniaassosiasjonar fordi den luktar akkurat slik, og er veldig klissete å ta på. Eg er ikkje sikker på om eg har likt denne fargen særleg godt, men plantene er frodige og eg er eksperimentmodus, så vi prøver for moro skuld. Blir det veldig mange plantar gir eg dei berre vekk, og dauar dei er ingen skade skjedd.
Den eg ikkje tok stikling av var den kvite bacopaen. Eg får sjå, den er lett å få tak i, og kanskje overlever morplantene.
Ellers har eg ein fuchsia som var einaste overlevande av arten sist vinter. Den heiter Claire de lune, og er ganske fin. Den har blitt stor og fin igjen i løpet av sommaren, men ikkje blomstra før nå.... Det blir fint på planterommet ei stund framover gitt. Skal altså ta bilde av den og legge ut når den sprett ut, tenkte eg skulle prøve å skaffe meg oversikt over dei få eg har og kva dei heiter. Har også to fuchsiastiklingar som har stått på kjøkkenbordet i heile sommar. Dei har vokse veldig sakte, og eg har gjort meg hard og plukka av blomsterknuppar eit par gonger, men nå skal dei få lov til å vise seg fram. Da blir det bilde og navn i bloggen, med håp om eit gjensyn på den andre sida av vinteren:-)