tirsdag 30. september 2008

Sol, jobbedag, trøtt & slapp

Ufff og æsj! Sit på jobb og skal førebu meg til ein drittdag i morra som vitne i ein barnevernssak. Ute er det sjølvsagt SOL, og nydeleg haustvær, perfekt hagevær med andre ord. Inni huet mitt er det skodde, som ikkje vil letne, sjølv etter inntak av betydelege mengder sterk kaffe. I tillegg er bilen min på verksted, og eg kjører rundt i ein bitteliten, gamal, eit-eller-anna-merke, med dieselmotor som må glødast og ikkje veit eg, og med radio med KASETTSPELAR! -og eg skal heilt til Førde og heim igjen i morra.....

KVA kan muntre meg opp ein sånn dag tru? Kanskje eit tur påPlantasjen i morra, sjølv om det var lite snacks igjen der sist, og sjølv om eg lir av plassmangel....?

Vi får sjå. Nå må eg berre helle i meg enda litt kaffe, og prøøøøøøve å fokusere på noko vettugt her.

Ha ein fin dag de da, i det minste!

fredag 26. september 2008

Leptinella squalida - tråkkbregne


På hagegal fekk eg svar på kva den vesle bregna var for noko. Her kan du lese svara eg fekk.

torsdag 25. september 2008

Fridag i Lundhagen














I dag har eg endeleg fått gått over og luka skikkeleg i Lundhagen. Det trengtes. Eg har faktisk greid å bli kvitt enorme mengder med skvallerkål i dette feltet, men nå strever eg med ein annan luring som er litt for ivrig: småhjerte (Dicentra formosa). Det skal innrømmast at eg har vore glad for å ha dei, for dei har absolutt gitt skvallerkålen konkurranse, og er fine å sjå på i alle fall på forsommar og vår. Men det får da vere grenser, eg har ikkje lyst til å ha småhjerte over alt heller! Eg har spart igjen eit par felt, og plantar inn ein god alliert: sildre! Eg likar sildre. Dei er fine i fasongen, dei har frisk grønnfarge, dei sprer seg passe fort og er lette å luke, og dei blomstrar med dei mest luftige, lysrosa fine blomsterslør du kan tenke deg, som står lenge. Dei lagar så tette tepper med rosettar at det meste av ugras får problem. Dei kan også vekse i skugge, og det må dei eg planta i dag finne seg i. Eg har også renska øverst i feltet, som er ganske bratt. Der er det i tillegg til skugge, også knusktørt! Der skal rosegeraniumen få herje fritt! Har spadd opp dei som hadde gått amok i det bedet som eg trur må bli steinbed. Der vil eg heretter ha nusselege, låge pute- og tuedannande stauder som vil ha det tørt. Det bedet mistar eg stadig kontrollen over, og det er eg lei. Er dessutan fint å kunne sjå bergknausen bak bedet, og det kan ein jo om plantane er låge.
Planta inn ein bunndekker til i lundhagen i dag: den du ser på bildet over. Eg anar ikkje kva den heiter, nokon som veit?
Flytta også omsider Lythrum salicaria "Blush" (lysrosa), den har stått i eit ventebed og blomstra fantastisk i heile sommar. Det er ei plante eg verkeleg er glad i. Nå kom den endeleg på ein skikkeleg plass, ved sida av sambucus "Black Beauty" som har dobla størrelsen sin i sommar. Når eg så får flytta den irriterande soleiebusken (Kerria japonika), så blir det bra.
Jo, dette har vore ein bra dag!

tirsdag 23. september 2008

Bestilling hos Jensen

Hosta 'Remember Me' 45,-
Sanguinaria canadensis 30,-
Thalictrum rochebrunianum 25,-
Phlox divaricata 'Clouds of Perfume' 20,-
Polemonium caeruleum 'Brise d'Anjou' 25,-
Hosta 'Blue Mouse Ears' 60,-
Polemonium 'Apricot Delight' 25,-
Sanguinaria canadensis 30,-
Mertensia virginica 30,-
Athyrium nipponicum 'Pictum' 35,-

Hå hå!! Fornøgd nå, ja. Har jo ikkje plass, men akkurat nå bryr eg meg ikkje om akkurat det. Er spent på om det er mange han er utsolgt for.

(Hajal, var det ikkje hosta "Remember me" du skrytte så fælt av? Flott er den, håper den siste han har blir Eidar!)

mandag 22. september 2008

Amorpha fruticosa

Har nokre sånne ståande i eit ventebed. Har sådd dei sjølv. Har lese at dei tåler både tørke og væte, så ikkje veit eg. Fint bladverk med nydeleg, frisk lysegrønn farge. Likar denne buska, blir spennande når dei blir litt høgare enn 30 cm. Har nå planta ut to i bed, ei i eit tørt og solrikt, og ei der det er fuktig og solrikt. Så får vi sjå.

fredag 19. september 2008

Treplantedagen





Har fått gjort ein del i hagen i dag, mellom anna planta fire tre. Får vel lage ei liste:
Paulownia tomentosa havna bak garasjen, etter mykje grubling og sikting. Blir kanskje stort, har eg hørt!
Acer palmatum shirasawanum "Aureum" planta eg ved surjordsbedet, opp mot lundhagen. Der ser eg det frå kjøkkenvinduet, og det er faktisk fint nå, med den raude haustfargen sin.
Salix alba "Sericea" (sølvpil) flytta eg til midt på stakittet på nedsida av huset.
Tilia cordata (småbladlind) sette eg ved inngangen til hagen på sørsida. Det er ikkje mange metrane frå husveggen, og eg var litt i tvil, men ser for meg at det kan gje fin skugge på ein planlagt uteplass i sørveggen. Det kan jo lett beskjærast, så eg tek sjansen. Det kjem til å lage ein fin inngangsportal til nedste hagen.

Ellers lurer eg på kvifor tre som lind og sølvpil blir levert med buskform? Eg vil da ha dei som skikkelege tre, med stamme! Hadde valgt ut den linden med mest muleg gjennomgåande stamme, og beskar den litt for å få fasong. Skal ta meir seinare. Salixen var litt meir "ugrei", men planta den litt skrått, slik at det lengste skuddet vart loddrett, og beskar den litt og. Håper det blir bra.

Har ellers fått renska opp meir i skvallerkål-land, som kanskje ikkje er det lenger! Stakk kantar godt inn på plenen (he he), og fjerna litt ugras, men det var ikkje mykje. Fekk planta ut følgande:

Eupatorium rugosum (kvit hjortetrøst), ved storhjortetrøsten. Cimicifuga ramosa (?) "Brunette", ein rosalilla asters, ei frøplante av ein slags sjølvsådd busk som eg ikkje hugsar kva heiter, og ein del til som eg ikkje hugsar i farten. Desse vart flytta frå eit overfylt ventebed, og dermed fekk eg nokre åpningar til nye småtassar som treng overvintringsplass. Ikkje så mange da, lurer på å ta i bruk grønnsakspallekarmane. Sjølv om det er litt teit, veit jo åssen det blir til våren... Det er nedslåande kor fort ny bedplass blir fylt opp, plantar eg for glissent tru? Skal også flytte ein del kuleprimula frå solbedet ved muren, er skrekkeleg lei dei store rosettane som blir slappe av tørken der oppe, sjølv om det er spektakulært om våren. Skal også flytte all haustfloksen ned til den fuktige nedsida, samt hestemyntene. Er drittlei mjøldogg. Det gjer eg muligens i haust, eller til våren.

Nå er eg fornøgd med innsatsen, og håper på litt meir regn.... Det kom nokre dråpar nå i ettermiddag, det høyrer jo til på Eidamessa som er nå i helga. Været styrer ingen, så eg kan da vel i all stillhet kose meg ørlitt over at det regner?

Ha ein fin fredagskveld!

torsdag 18. september 2008

Superwoman!!!

De vil vel ikkje tru det, men eg har spadd opp diverse floks, fått pakka i posten, handla og vaska HEILE HUSET i dag. Spesielt det siste punktet bør de legge merke til - er ei storhending. Hmm, morradagen er ettertrykkeleg frigjort til hagejobbing. (hurra!) Ellers må de også ha ein fin kveld.(*stort glis*)

onsdag 17. september 2008

Paulownia tomentosa

Har gjort eit kupp i dag! Stakk innom Rebakken hagesenter på Reed på veg heim frå Sogndal. Hadde ca. 20 minutt å gå på i høve til ferja på Anda, og telte veldig på knappane, for eg har jo mange ståande på vent i potter, og ventebeda er smekk fulle! Måtte berre kikke, har reist standhaftig forbi fleire gonger i sommar - og eg går meg rett på ei samling med spennande busker og småtre utanfor drivhuset...... Mange rare navn, som sjølv ikkje ein hagegal drog kjensel på i farten (!!!). Ho som eig gartneriet fortalde at det faktisk er hennar exmann, også psykolog, som hadde sådd det meste av det. Han bur i Utvik, og eg veit eg har hørt at han er rimeleg hageinteressert. Eg endte opp med ein Paulownia tomentosa (til 250,-....), og beskjed om å reise heim og google navnet, ho var ikkje sikker på kva det var.

Her kan du lese om KEISERINNETREET (eller Keisertre, som resten av Norge insisterer på å kalle det) (Paulownia tomentosa) frå Kina. Her er det også ein tråd om det frå hagegal.

Eg har vore høgt oppe heile kvelden i grunnen - og når ein legg til at eg fekk ein rota stikling av Sambucus Black Lace i posten i går, så forstår de vel at eg er glad og inderleg tilfreds -- ?

mandag 15. september 2008

Haustbukett

Her er bilde av ein bukett eg laga i går. Cosmos og calendula samt litt asters og storhjortetrøst. Skal snart ta bilde og legge ut av det digre ringblomstbedet mitt. Det er flott nå! Noko av det eg kosar meg mest med for tida. Det er herleg å kunne plukke inn det ein vil av blomster. Calendulaen under er berre kjempefin - har jo gløymt navnet i farten. Eeh - trur eg sådde til saman sju pakker med ulike calendulafrø! (=ringblomst). Skal hauste litt frø i år....

søndag 14. september 2008

Hostaliste

Her ser du Gold Standard til venstre for sambucusen


Oversikt over dei eg har:
Color Glory, lime/grønn/blågrønn variegert (Zimtrade 08)
Love Pat, intenst blågrønn (Eide hausten 07)
Gold Standard gyllen/lime/grønn (Nautesund 07)
Navnlause:
Grønn med kvite kantar, halvhøg
Grågrønn einsfarga, halvhøg
Lime/grønn variegert, halvhøg
Blågrønn einsfarga, låg med små, litt spisse blad

lørdag 13. september 2008

Endeleg litt hageaktivitet







Har hatt ein fin dag i hagen. Gjekk laus på skvallerkål-området på nedsida, og fjerna all duken. Eg har røska opp meter på meter med røtter... Dei ser friske ut, men har omtrent ikkje funne grønne blad. Berre inne ved stammen på nokre busker har den fått kose seg i fred. Luka grundig rundt Sambucus n. Black Beauty. På utsida av bedet er det stakitt oppå ein murkant. Noko av problemet før har vore at denne smale stripa har vore full av skallerkål, som så har innvandra i bedet igjen. Nå er kanten sprøyta med Roundup to gonger i løpet av sommaren, så nå håper eg vi er kvitt det grøvste.

Ellers har eg planta litt hosta, og ein nyinkjøpt ligularia, samt ein crocosmia som har teke seg ut i potte i sommar. Nå var det på tide å la den få kome i jorda før det blir kaldt. Det er Lucifer - chiliraud! Kjempefin.

Nå prøver eg å laste opp fleire bilder, men får det ikkje til - kvifor det da? Hadde eit bilde av lasset med skvallerkålrøtter, rimeleg oppsiktsvekkande mykje. Må eg lage nytt inlegg for å få inn fleire bilder eller? Uansett så ser de blomstrande saker frå hagen min akkurat nå: Helenium autumnale "New Hybrids" sådd i fjor, ein rosa kattehale kjøpt hos Nautesund som har blomstra uendeleg lenge, og som står oppreist! Blad av cyclamen hederifolium , knollar kjøpt i London i mars, nå planta i Lundhagen og to stk. haustanemoner kjøpt i fjor og plassert i lundhagen. Veldig fine, og tenk når dei blir enda større! I kveld skal eg ut med TPT, altså turdamegjengen. Gleder meg! Ha ein fin laurdagskveld!

fredag 12. september 2008

Lathyrus odoratus "Matucana"

Den var litt "klundrete" å så, kva nå det skuldast. Få frø spirte, og lang tid brukte den på å vekse seg til - men nå omsider! Nydelege blomster i lilla og mørk lilla, og så den nyyyydelege lukta.....

Les meir om den her.

Driv og samlar frø av den nå. Skal ha denne neste år også.

torsdag 11. september 2008

Raid på Plantasjen

Førdetur i dag som sagt, og eg hadde nøyaktig 45 minutt til overs før møtet eg skulle på. Ruta gjekk jo rett forbi Plantasjen, og gjett om eg var full av kjøpelyst etter ein lang sommar utan å handle så mykje som ein grastust... (kva eg nå skulle brukt den til, har i grunnen nok frå før). Dette vart resultatet:

Asarum europaeum X 2
Deutzia hybr. Rosa Lind
Clematis "Multiblue"
Clematis "Mrs. Cholmondeley"

Buddleia davidii "Royal Red"
Tilia cordata (lind), småblada
Ligularia hessei
Primula japonica "Alba" X 2
Paeonia suffruticosa (trepeon)
Acer shirasawanum "Aureum"


Aceren hadde kosta over 700 kroner, og eg fekk den for 240! Trepeonen fekk eg for 60,.... 70% på alt med andre ord. Peonen og aceren var dei to siste, om nokon skulle få lyst på eit tilsvarande kupp. Eg er fornøgd!!!

Neste skritt blir å kome seg ut av hagedvalen og få planta det. Skal, skal, skal, skal ut av den nå!

Ellers er det snart helg her hos meg, må sjølvsagt ein liiiten tur på jobb i morra også, men .
Haustanemonene mine blomstrar så fint i Lundhagen, og eg har dessutan kjøpt meg to pakker med Thalia-narcissar i dag, dei skal også i Lundhagen - og er dei aller finaste påskeliljene!

onsdag 10. september 2008

Masse jobbing - null haging



Kjører visst mest bil for tida, Loen i går, Selje i dag og Førde i morra. Været er ubegripeleg fint, kan ikkje hugse sist det var så fint vær så lenge. Nesten litt skummelt, nå må det da vel kome litt regn snart?? Om ikkje anna så for avvekslinga si skuld..... (he he)

Får heller kose meg med bilder av tidlegare bragder - her er den nyanlagte lundhagen frå juli.

fredag 5. september 2008

Første malingsstrøk på det nye planterommet

Etter å ha planlagt dette pinleg lenge, fekk eg i går starta med malinga! Det er eit rom i kjelleren som har vore brukt til "verksted" (les: roterom), men nå har vi fått oss garasje, så nå kunne rommet endeleg frigjerast til eit etterlengta planterom. Eg har delvis studiepermisjon for tida, så det blir vel tid til litt småtteri i heimen - Eg ser på istandsetting av planterom før vinteren som eit så viktig bidrag til mi helse og trivsel, at det bør vere verd ein del for arbeidsgjevaren også!

Skal legge ut bilder av prosessen når eg får nokre etter-bilder å vise fram.....

Har ellers vatna potteplantene mine i dag...... Blir lite utehaging for tida. Lite overskudd har det vore, og eg har vore vekkreist ein del i helgene på grunn av ungdommar som skal installerast på hybel, samt diverse. Nå ser eg fram til ein god periode med halv jobb, og ro og fred. Huset er nesten tomt - mannen er vekke og jobbar i vekene stort sett, og dei store gutta har flytta. Vi får visst fint vær veka som kjem blir det sagt! Flott det! Nå er utetempen såpass låg uansett at eg orkar å drive ute i full sol - så da kan eg jo grave litt innimellom maleøktene. Trur eg har arbeidsoppgåver nok for både dette livet og langt inn i det neste....

ps. Fann den aller første raude chilien i dag. "Long John" har vore usigeleg treg, butikkchilliane mine i fjor var mykje kjappare og meir produktive....hm....

torsdag 4. september 2008

Første notat i ny-dagboka


Dette er ei vidareføring av hagedagboka eg har hatt på nettstaden hagegal.no eit par år nå. Eg har blitt heilt avhengig av å skrive om opplevingane mine i hagen, og med plantar og hage i utvida forstand - i skikkeleg utvida forstand handlar haging om livet, og å leve.....(saknar ein høveleg smiley her....)

Eg er nok også temmeleg avhengig av å følge med på andre sine hagedagbøker, og få kommentarar frå likesinna på opp- og nedturar i den grønne delen av tilværet.... (og litt til) Uansett: eg startar skrivinga i den nye dagboka med håp og tru på at det trivelege nettverket av hagedagbokskrivande hagegale ikkje forsvinn, det endrar berre fasong!

Ha ein fin haustkveld alle saman! (saknar igjen ein høveleg smiley: gruppeklem!!!)