tirsdag 24. februar 2009

Tirsdag med ny farge, pluss Basilicumspirer:-)

Har nå prøvesmakt litt på tirsdagen, etter blåmandagen, og merkar at fargen heldigvis er annleis i dag. Den gjekk meir over mot lysegrønn da eg oppdaga spirer i potta med Basilicumfrø på badet i dag. Bra!! Eg skal så meir snart, er vel på tide med ein del sommarblomster nå. Teller på knappa om eg skal så tomat og agurk, for eg har egentlig ikkje nokon plass å ha dei. Vestlandssommaren er ofte kald og våt, og det trivst dei ikkje med. Kanskje om eg bruker det store stuevinduet mot sør, men da må persienna vere nede heile sommaren, eller så blir dei svidd av sola. Må tenke meir!

Vi ønske alle dei gode vennene mine ein flott tirsdag også, og seie takk for omtanken i går. (*klem*)

mandag 23. februar 2009

Blåmandag

Hørte på radioen i dag at det er dette som er den opprinnelege blåmandagen. Nå kan det jo ligge så mange slags tydingar i det, men eg er deppa i dag, så det høver ypperleg å oppfatte denne dagen som blå. Muligens blågrå, dyster og tung....

Kva er det som gjer at enkelte dagar berre er ufyselege? Denne gongen har eg ingen ting å skulde på heller - alt er liksom berre "feil". Det er så vanskeleg å godta seg sjølv av og til, og da leitar ein etter bevis på at ein er så håplaus som ein føler seg. Små ting blir stooooore....... Hendingar og ting folk seier blir granska og vridd og vrengt, så ein er sikker på å få med seg absolutt alt negativt innhald som på nokon måte kunne ha vore i det, og litt til - langt inn i det absurde!!!

Nå skulle eg ønske eg kunne legge meg og sove heilt til i morra, og at eg vakna til ein flott dag med sol og berre hyggelege folk! Merkeleg kor stor vekt ein legg på dei små, dumme tinga, og kor liten vekt ein greier å legge på alt det som verkeleg er BRA. Tull alt saman, eg veit det innerst inne, men eg greier ikkje å FØLE det akkurat nå.

Trur jammen eg går og legg meg og les litt, og håper at tirsdagen har ein annan farge.

fredag 20. februar 2009

Staudeinspirasjon!

Magnar var i Stryn kulturhus i går og snakka om stauder. Det var eit inspirerande foredrag han holdt, og eg innsåg at staudene hans ikkje berre er "raritetar", men også veldig vakre... mange av dei da. Eg er av det slaget som ikkje greier å opparbeide stor entusiasme berre fordi ei plante er skjelden, den MÅ vere pen og. Han viste veldig mange bilder av fantastiske skjønnheter, hardføre, og mange lette å så! Trur eg må prøve meg på litt spesielle staudefrø etter kvart. I år er det nok for seint, men neste år kanskje? Eg håper eg får ein betre staudesesong i år enn eg hadde i fjor, merkeleg at eg lykkast så bra første året eg sådde, men ikkje året etter. Eg trur eg må melde meg inn i STA og.... Høres ut til at ein kan få tak i mykje spennande der. Nye hagevyer dukkar opp!

Inspirert av Magnar har eg sådd meir stauder i dag. Eg trur ikkje dette er sånne som må ha ein lang kuldeperiode for å spire. Her er lista:

STAUDER
Campanula alliarifolia
Campanula lactiflora
Coreopsis grandiflora "Early sunrise" (Harryford, frøboksen i fjor)
Iris, låg (sjølvhausta frø 07, etter blomstring...)
Liatris spicata "Floristan white" (prøver igjen)
Liatris scariosa "Gracious"
Primula florindae
Salvia glutinosa (sådd i lauvjord frå lundhagen, etter anvisning på pakka)
Sedum "Turkish delight" (Th&M)

ANDRE
Anthriscus sylvestris "Rawenswing" (skal ut, treng stratifisering)
Basilicum (Seemnemaailm)
Gaura lindheimerii
Kepaløk "Stuttgarter riesen"
Purre (Seemnemaailm)

Eg har ikkje heilt peiling på lauk og purresåing, men meiner å hugse at folk sår dei inne tidleg? Ikkje veit eg om lauk kan priklast heller. Det får gå som det går, dette har eg aldr gjort før. Planen er at kjøkkenhagen skal utvidast i år, og eg vil prøve nye slag. Har fått lovnad på noko møkk frå eit småbruk, så eg håper energien held seg oppe så eg får gjort alt eg har lyst til!

I dag skal vi feire barnebarnet til mannen min som er 1 år, og her i området er det starten på vinterferien nå. Eg skal jobbe mandag og tirsdag, så skal eg ha fri. Det er litt synd at det fine vinterværet har forsvunne. Vi hadde sol og snø aldri så lenge, og eg kom inn i ein illusjon om at når var det "vinter", og at den skulle vare til "våren" - ha ha!!

Vestlandsnaturen mixar årstider som det høver, og det uforutsigbare er det forutsigbare;-) Dermed er det nå "vår", med snøklokkeblomstring, gåsungar og hasselblomstring som snart er over. Eg har blanda følelsar, der er jo godt med vår også. Samtidig kjenner eg at eg har ikkje fått gått nok på ski.

Må til slutt nevne at Charisma (hippeastrum) blomstrar, men berre med to klokker på stengelen. Litt ergeleg. I fjor var den ny, og blomstra sååå fint. Eg har også fått blomst på Exotic Star, den liknar veldig på Papilio, som ikkje har teikn til knupp enda. Calimero og Rozetta er nesten i farta, Rozetta hadde kvileår i fjor, men eg hugsar den som ein av dei finaste fylte. Den har faktisk fire klokker, men det skulle berre mangle. Eg må skjerpe meg på hippestellet utover sommaren, i fjor vart dei ståande inne for lenge, og da fekk dei ikkje nok gjødsel. Skal legge ut bilder av dei som blomstrar seinare.
Ha ein fin fredag, og helg, alle saman!

torsdag 19. februar 2009

Blodbeger II

I går fekk eg blodbeger-frø frå New Dawn, og i dag vart dei sådd. Nå er eg spent på korleis dette går!

Ellers går livet sin gang. Eg har att nokre månader av spesialist-permisjonen min,og lurer på å jobbe fullt i mars og april og heller ta ut meir fri i mai og juni. Nokon som kan gjette kva eg skal da?

Eg har sådd meir Impatiens, nå har eg opplevd at tre-fire spirer skaut i været med lynets hastighet, medan resten av gjengen spirer i det snegletempoet eg ar vant med frå den kanten. Denne gongen lar eg dei berre stå der på kjøkkenet, delvis og laust innhylla i plast slik at det ikkje skal kome trekk på dei. Eg ser på dei fleire gonger om dagen da, men det teller vel ikkje som dilling?? Blodbegerpottene står også der, denne gongen prøver eg med lys OG varme frå første stund. Ny frøleverandør denne gongen, eg har eit visst håp.

Eg har så lyst på litt energisk veksing og frodighet nå! Så langt har det vore mest slappe spirer og spiredød... Æsj! Nokre luringar veks heldigvis: butikk-chilien er prikleklar. Piri-piri-plantene (Impecta) står i stampe. Eg trudde dei skulle oppføre seg omtrent som chili, men nei.

Uansett blir det ein hyggeleg kveld for ElinG og meg: vi skal til Stryn kulturhus og høyre på Magnar Aspaker. Det gleder eg meg til!

søndag 15. februar 2009

Staudesåing og vellykka hagelagsmøte

Siste veka har eg sådd følgande:

Aquilegia "Green Apples" (plant world seeds)
Aquilegia "Spring Magic"
Aquilegia "Clematiflora" (Plant world seeds)
Auriklar mix (Hajal)
Corthusa matthiola (Snuffeldyret, forrige frøboks)
Delphinium blå?(frø frå hage i Gausdal)
Helleborus mix (Hajal, såmøtet 12.02.)
Lavatera thuringiaca (Impecta)
Linaria purpurea "Canon J. Went" (Impecta)
Luzula nivea (Impecta)
Meconopsis horridula (Langangen)
Nepeta fassenii (Snuffeldyret, forrige frøboks)
Nigella "Oxford blue"
Verbascum "Southern Charm" (Impecta)
Viola pedatifida (hajal, forrige frøboks)

Hagelagsmøtet sist torsdag hadde som tema "Såing av stauder og sommarblomster", og Hajal hadde med seg potter og jord, samt sjølvhausta frø og demonstrerte og fortalte korleis han sår stauder og set ut til stratifisering. Det var ikkje så kollossalt mange frammøtte, men vi var ca. 12 til saman. Det var ein grei størrelse på forsamlinga for å stille spørsmål og diskutere tema som dukka opp. Sommarblomstene fekk vi ikkje snakka så mykje om, men eg hadde "heldigvis" nokre totalt mislykka forsøk på å så Impatiens og Lobelia å vise til, og hadde samla opp mange amatør-spørsmål til den/dei med ekspertise på dette temaet. Eg vart ikkje så mykje klokare må eg innrømme. Konklusjonen deira var at "du dillar for mykje!" OK, så har eg sådd nye Impatiensfrø, og lar dei spire der dei andre spirte (det fungerte i alle fall). Nå gjer eg ikkje meir enn å vatne ei stund, så får det gå som det går. Er det for mykje "dilling" som er problemet, så går det kanskje nå da??

Siste Blodbeger-tips var at dei vil ha LYS (det også...), så eg får sjå om eg gidd å flytte dei irriterande pottene frå badegolvet og under lys ein plass. Har lyst til å kyle dei ut snart, i rein frustrasjon. Set min lit til dei "snille" plantene eg brukar å få til, og ventar på å få fylle planterommet med kjekke små sommarblomstspirer som veks og likar seg. Det er koseleg det....

Ellers reiser ElinG og eg til Stryn på torsdag for å høyre og sjå Magnar Aspaker sitt foredrag om såing av stauder og dyrking i ophøyde bed. Det gleder eg meg veldig til. Nå skal vi snart hente "knotten" hos bestemor og bestefar. Han har overnatta, og føler seg veldig stor og flink, og antyda at han ville ligge der ei natt til. Vi får sjå korleis det ligg an i dag...

tirsdag 10. februar 2009

Det spirer omsider på badet

I dag fann eg endeleg nokre små spirer i ei av pottene med Verbena bonariensis, og noko eg trur er ei spire i den eine petunia-potta. Da er ikkje frøa forheksa av ei slem antihageheks eller noko slikt, som er nesten hadde byrja å tru.... Men blodbegerpottene er golde og utan liv framleis.

Har ei lusebefengt, så vidt levande overvintringsplante av sistnevnte i kjellaren. Kanskje det blir den som blir redningen? Kan ein ta stikling av den tru? Det meiner eg at eg har lese ein plass. Odla.nu-frøa har eg enda ikkje fått, dei vart bestilt for nøyaktig ein månad sidan. Grrr!

lørdag 7. februar 2009

Kunstig vår på badegolvet og hippeblomstring omsider

Her er ein ukjent rosa hipp som endeleg har kome i blomst. Den har mista navnelappen sin i sommar, men eg lurer på om det er ein som opprineleg var merka "rosa", kort og godt. Det er muleg at ekspertar som Sigrid klarer å finne navn på den, men uansett er den fin! Eg er glad i dei enkle, og rosafargen med det grønne i midten er liksom så vårleg og uskuldig. Ei fin oppmuntring akkurat nå, når spireprosjekta mine går så som så...

Her er den same rosa hippen med dagens utetilhøve i bakgrunnen. Godt det er ei glasrute mellom.... "Hipp i vinterlandskap" kunne høve som tittel. Den står sjølvsagt på kjøkkenbordet, for eg vil kunne sjå på den så ofte som muleg!


De hugsar kanskje at eg har hatt midd-angrep på hippelaukane mine? Eg har nå kvitta meg med 8 stykk som er kasta, og hadde eit lønnleg håp om at resten er friske. Så såg eg litt meir nøye etter på denne "cluster"-hippen som var kjøpt frå Eurobulb og skulle ha vore raud: Den er som de ser kvit, og har nydelege, liljeaktige enkle blomster. Eg er så glad i denne, men oppdaga ei raud stripe på eit av blada. I dag skal eg ta den ut av potta og dele den opp, den består av mange laukar nemleg. Tek vare på dei som ser friske ut og kastar den dårlege. Så kryssar eg fingrane for at det går bra!

I dag vart fleire frøpotter plassert på badet; desse kjem frå ein kunstig vinter i køleskapet til ein kunstig vår på badegolvet: Verbena bonariensis og Thalictrum rochebrunianum. Dei siste kunne eg sikkert ha sådd og sett ut, og det skal eg gjere med resten av frøa. Saken er at eg har prøvd det før utan resultat, så nå tenkte eg at eg skulle ha meir kontroll over desse etterlengta spirene med å gjere det slik. Dei skal få stå på planterommet til det blir vår ute, i kamp med tagetes og andre sommerblomster. Eg VIL ha sånne i hagen............!!!!!!

onsdag 4. februar 2009

Desperat såing - nytt forsøk på Flittiglise

Spirene av Impatiens som eg sådde 10. januar står berre der framleis. ("Picotee swirl" og "Expo"). Nokre få spirer med "frøhatt" på hue, ingen blad. Står bom stille, ingen ting skjer.... Eg har heller ikkje fått spiring på blodbegerfrøa som står på badegolvet, oppi ein sånn plastboks med lokk og hjul, under plast. dei vart sådd 20. januar. Har ikkje gitt opp heilt enda. Ei heller er det spirer i pelargonium peltatum "Summer showers mix"-potta.... Lobeliaspirene ("White lady" og "Ruby cascade") ser ufriske ut, bortsett frå nokre heilt få i eit par av pottene. Kva gjer eg feil? Er rett og slett deppa her.

Derfor har eg sådd nye frø i kveld, med stoooort håp om at det går betre nå.

Har sådd i kveld:
Impatiens "Safari"
Impatiens "White candy"
Petunia "Fantasy pink morn"

Kryssar det meste i håp om betre hell denne gongen.