tirsdag 11. oktober 2011

Frøbestilling og dundyne

Dette bildet er av modne fersknar i ein bakhage i Kristiansand. Om nokre år har kanskje eg også slike i hagen, har nemleg planta ein ferskentre i haust. Amsden, kjøpt på Torheim gartneri.

Ja, så har eg bestilt første sending med frø, nei den andre var det kanskje. Har også rydda inn pellisar, fuchsia og diverse andre overvintringskandidatar i dag. Så fann eg fram dundyna mi og skifta på senga. Nå er det haust!

Første bestilling var frå Magnar Aspaker:
Allium insubricum
Meconopsis aff Lingholm purple flowers
Meconopsis integrifolia
Trollius altaicus
Swertia kingii
Caltha palustris
Verathrum album
Delphinium brunonianum

Magnar bur i Harstad, og dyrkar for det meste skjeldne fjellhagestauder. Kvart år samlar han frø i hagen sin som han legg ut for sal eller bytte på heimesida si. Den inneheld utruleg mange bilder og beskrivingar av plantar, gjerne av ting du ikkje finn info om andre stader. Han har også såtabellar over kva sortar som må ha kuldebehandling og ikkje.

I dag rauk eg utpå igjen, med ei bestilling til Impecta:

Helenium autumnale "New hybrids"
Verbena bonariensis
Heliotropum arborescens "Marine"
Cobaea scandens
Cobaea scandens "Alba"
Browallia speciosa "Blue bells"
Pinus wallichiana
Paulownia tomentosa
Gingko biloba
Amorpha fruticosa
Enkiantus campanulatus

Her er det mykje tre og busker, nokre av desse slaga har eg sådd før utan å lykkast i å få fram noko brukbart. Det handlar litt om manglande spiring, og litt om manglande stell... (huff). Prøver nå igjen eg da, i og med at eg har bestemt meg for at den to mål store tomta mi ein dag skal bli full av fine vekster av alle slag. Tre, busker og stauder er fint i lag, og det finst så utruleg mykje spennande. Må innrømme at besøket mitt i fleire hagar i sommar, men ikkje minst til Gunnhild Humborstad på 1000 åpne hager har inspirert meg veldig. Litt galskap må ein dyrke i livet, og hagegalskap er ein undervurdert tilstand. Nå skal eg prøve å finne eit bilde å legge ut her, det er rot på maskina mi. Nokon må visst rydde der og.

Må seie frå om at bildet under ikkje er frå hagen til Gunnhild, men frå ein park i Kristiansand.