fredag 28. november 2008

Orange Souvereign - vanleg men fin

Dette meiner eg er eit bilde av Orange Souvereign, teke i fjor. Den er ein av dei aller finaste, synest eg. Lett å ha med å gjere, stor blomst, kraftig stilk og veldig ORANGE!. Nyleg oppdaga eg eit brett med hippeastrum på Bunnpris på Moengården Vest. Dei var merka med berre Souvereign, og bildet var fiksa litt sånn at den såg meir raudaktig ut. Det er nok mange som blir skuffa når det dei trudde var ein "Red Lion-juleraud" hipp viser seg å vere strålande orange. Eg har ein frå før, og den vart også kjøpt før jul som juleblomst. Eg er glad for å ha fått ein til....

Gleder meg veldig til blomstringa byrjar her nå, men må utsette det så godt det let seg gjere i fjorten dagar framover. Når eg er tilbake frå det store utland har eg vyar om å FRÅTSE i hippeblomstring til godt over jul. Spennande om Papilioen finn det for godt å blomstre i år, forresten. Men uansett blir det bra!

onsdag 26. november 2008

Hjerte til alle som treng litt varme



"Me and Molly"-bloggen gjorde sterkt inntrykk på meg i kveld. Eg kjenner meg nesten fysisk dårleg av ei så sterk å påminning om at det finst vondskap over alt i verda, og ikkje berre langt vekke der det er krig.....

Internett er eit mektig verktøy, som kan brukast til å gjere både vondt og godt. I kveld er eg oppteken av dei GODE kreftene som kan kanaliserast gjennnom nettet. Eg meiner at for kvar god, uegennyttig handling du gjer så aukar du summen av GODT i verda. Hurra for alle dei vennlege, omsorgsfulle og deltakande menneska som finst på nettet!

Intet nytt fra vestfronten

Er vel tida for å drøyme seg litt vekk, nå kanskje. Berit, hugsar du dette? Teke på The Roof Gardens i London i mars i vår. Høgt over bytrafikken.....

Frå eit drivhus i Kew Gardens.

Kew igjen - krokusblomstring mars 2008.

Nå for tida skjer det fint lite hagerelatert. Det einaste eg kan kome på er følgande, som kanskje har meir form av hagebekymringar- og planar;
-Sigrid skreiv på gal at det går an å kutte toppen/bladverket på hippeastrumlauken feil, altså for høgt opp, slik at knuppen får problem med å kome ut. Da lurer eg på om eg har gjort den tabben på nokre av mine i år, og nå har dei byrja å få blad. Det vil vise seg.

-Eg har fått ferske frø av kvit Martagonlilje som eg bør så snart. Må hugse det før ferien!

-Eg gleder meg til våren....

-Det vart kjempevanskeleg å legge inn lenker til bilder på navna i frølista eg la ut. Alle kodene rota seg saman og det vart berre tull. Er det eg som er klønete, eller er det eit problem fleire har?

Det var alt for i dag altså. Novemberinnlegg dette her forstår du.....


mandag 24. november 2008

Forsøk på frøliste: kva ligg i skuffen?

FRØ SOM VENTAR PÅ VÅREN
Stauder:
Anchusa italica "Dropmore"
Martagonlilje, kvit
Alcea filicifolia "Antverp mixed" (rustresistent)
Nepeta govaniana "Zaskar Dragon"
Pimpinella major "Rosea"
Symphyandra pendula
Molina arundinacea
Verbascum "Southern charm"
Verbascum "Banana Custard"
Sedum "Turkish delight"
Scabiosa "Beaujolais Bonnets"
Polemonium pauciflorum "Silver leaf form"
Polemonium boreale "Heavenly habit"
Lysimachia atropurpurea
Mimulus "Mystic mixed"
Digitalis "Camelot cream"
Helianthemum nummularium "Mutabile"

Sommerblomster:
Geranium "Summer showers mixed"
Thunbergia "salmon shades"
(Fortsettelse følger......)

søndag 23. november 2008

Kvit førjulsvinter med fem minus




Plutseleg vart det vinter ute.

Bilda er frå i fjor, men snøen er rimeleg lik seg i år også.

Mannen i huset har fått skikkeleg hekseskudd av snømåkinga, så han må fraktast til kiropraktor i morra. Det er eit og eit halvt år sia han var slik sist, så vi får vel vere glade for det. Eg skulle ha vore i Førde på kurs, men det droppar eg gladeleg. Vi har skumle planar om ein to vekers sydentur til Tenerife snart, så nå er det best å stelle fint med ektemannen så vi får han med...

Eg har fått kloa i ein ny hippeastrum - ein Macarena. Eg skal plassere alle laukane i kjelleren til vi er tilbake, har eg tenkt. Vil ikkje risikere noko blomstring medan eg er vekke!

Eg fekk tidlegare i haust mange gode råd på hagegal om kva som er sjåverdig på Tenerife, skal jammen gå inn igjen der og friske det opp før vi reiser. Vi gleder oss, men reisefeberen er på plass alt. Litt stress med at når vi er tilbake så er julegjestene rett rundt hjørnet. Da bør huset vere så nokolunde i orden, så eg ikkje blir oppteken med berre vasking og rydding til like inn i jula. Med det jobbstresset som mannen min har hatt i haust (og nå med vond rygg) er det ikkje stort han kan bidra med. For første gong i mitt liv har eg nesten alle julegavene klar før desember... Hmm. Kanskje eg greier å bli litt glad i jula og til slutt?!

fredag 21. november 2008

Meming her og...

Ingen har utfordra meg, men eg fekk lyst til å svare på spørsmåla likevel.... Greit?

1. Hvis du kunne, ville du leid inn en hagedesigner? Hvis nei, hvorfor – hvis ja: hvem?
Nei, hagen min får du aldri... Eg opplever at hagen nesten er ein del av meg. Da kan eg vel ikkje la nokon andre designe den, eller?

2. Er du fornøyd med størrelsen på hagen din. Ville du hatt den større, mindre? Hvorfor?
Hagen min er på ca. to mål, og den er herleg romsleg. Vi ser ikkje naboar gjennom kjøkkenvinduet, og eg føler at eg rår over eit lite rike som ingen andre har noko med. At den naboen som har utsikt til rotet mitt (tomme potter!!) ikkje direkte set pris på det han ser, er eg i grunnen smerteleg klar over.....

3. Nevn minst to hagegale du misunner (ikke på noen negativ måte, da…) – og hvorfor (og ikke nødvendigvis for hagerelaterte ting, det er tross alt november…).
Nei, eg misunner ingen, men eg beundrar folk for ting. Eg beundrar hajal fordi han veit og kan så mykje, og fordi han verkar som om han aldri går skikkeleg lei eller mistar motet. Det gjer nemleg eg av og til. Ellers beundrar eg Solfrid som verkar så fornøgd med haginga si uansett kva som skjer, og som alltid sår, tålmodig og full av optimisme, utan planterom!

4. Ville du flyttet hagen din til en annen klimasone hvis du kunne? Hvilken?
Nei - eg likar denne klimasona, som er 3 eller noko slikt. 2 1/2 kanskje etter kvart? Eg blir rett nok lei regnet og mildværet om vinteren, men det har den fordelen at det meste overlever fint ute utan dekking, som er ultrakjedeleg å drive med. Eg er glad i at årstidene skifter, og set større og større pris på hausten og vinteren som årstider. Det er fasinerande med fargane som endrar seg, strukturane som kjem gradvis meir fram og til slutt dei nakne, vakre greinene og alle blå- og gråtonane i mørketida, særleg om det er litt snø eller rim. Det er rett og slett så PENT! Eg ser mykje av dette frå kjøkkenvinduet mitt, og innser at når eg blir gamal så kjem eg til å nikose meg med berre å sitte og glo ut....

5. Hager du alene, eller sammen med din kjære? Hva bidrar han/hun med?
Mannen min er ein motor- og tekno-mann. Det som har med jord og grønnsvær å gjere interesserer han midt i nakken som det heiter. Sånn får det berre vere. Litt ensomt av og til, men han slår graset omhyggeleg, og snekrar ting når han må. Det er greit, og eg får frie tøyler heldigvis!

6. Hvorfor hager du?
Haging gir meg først og fremst GLEDE. Eg gløymer meg sjølv, og jobbar utan å føle at eg jobbar: det kjennest som rein moro! Det er også godt å bruke kroppen, eg likar å slite litt, svette, få til ting og sjå resultat. Hagen gir meg inspirasjon, skaparglede, stimulerer fantasien og overraskar meg stadig vekk. Bra!

7. Ser du en åndelig/metafysisk dimensjon i hagen?
Ja, faktisk. Eg blir av og til overvelda av alt som er levande, og ser kor stort det er. Hagen er ein del av naturen. Den er djupast sett ein slags hyllest til alt det som er levande. (Huff -dette vart svulstig..., beklager.)

8. Har du begynt å glede deg til våren, eller gleder du deg mest til jul foreløpig?
Eg likar ikkje jula så godt, så eg gleder meg nok mest til våren, ja. Likevel er det godt med ei hagepause nå. Eg treng den for å finne att inspirasjonen og draumane, slik at visjonen om min fantastiske, framtidige hage ikkje blir borte i traurige bladlusangrep, tørke eller kampen mot skvallerkålen.

torsdag 20. november 2008

Hippeastrum rutilum

Eg har vore så heldig å få nokre smålaukar av denne hippeastrumen - gjennom hagagal sjølvsagt! Hippeastrum rutilum, eller kappamaryllis som den også blir kalt. Eg har fleire store planter nå, sjølv om eg har gitt bort nokre. Eg ventar veldig på blomst, men ser ikkje teikn til noko enda... Kanskje til neste år da? Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves!

P.S. Nå som eg hadde skreve om desse luringane gjekk eg og kikka litt på dei, og gjett: den eine har knupp! Lovar å legge ut bilde så fort den sprett ut.

søndag 9. november 2008

Eit vakkert syn













I dag har eg potta dei siste hippeastrum-laukane. Nå har eg ein skatt på planterommet! De ser berre ein del av dei på bilda, har vel om lag 21 blomstringsklare, men sikkert like mange som er for små enda. Der har eg ein jobb å gjere snart: bør potte om og stelle litt med smålaukane. Det gjeld og frøplanter av clivia som har stått der i såpottene sine eit år snart. Dei lever i alle fall, det er det viktigaste. Det vil seie alle unntatt dei utan striper.... Dei viser seg å dø etter å ha sett veldig friske og fine ut lenge. Har lese at det er fordi dei manglar evne til å danne klorofyll, fordi dei er albinoar med heilt bleike blad. Når så næringa i det relativt store cliviafrøet er brukt opp, er det kroken på døra dessverre. Døden ventar..... Eg har ein plante med striper etter alle frøa eg sådde i fjor vinter. Den har altså mørkare striper med normal fungering, og greier å halde liv i seg sjølv om den veks litt seinare enn dei med heilgrønne blad. Ja ja. Da har eg plass til fleire....

Var forresten på tur i skogen i dag i lag med fire småkarar mellom 4 og 6. Det var godt å vere ute, er mildt og fint her nå. Litt vind var det, men fint likevel. Da vi kom heim fekk eg lurt meg ned i kjelleren og vaska potter ei stund. Eg har uendeleg mange, og i sommar har dei havna i ein stor, stygg rotehaug utafor kjellerdøra!. Eg har grudd meg for å gå laus på kaoset, men NÅ er eg i gang. Eg har også samla saman aluminiumsbretta mine, som det er plass til mange 7.cm.firkantpotter på. Dei er eg så glad for at eg kjøpte. Fann dei på ein butikk i Førde der dei sel kontorutstyr og cateringutstyr av alle slag. Bretta er nok bereikna på frakting av mat i store mengder, derfor er dei konstruert sånn at dei ikkje mister fasongen og plutseleg veltar innhaldet ut under bæring f.eks. Genialt for tung last av potter.

Eg ser for meg ein såsesong-start rett over jul med berre reine potter og brett, nytt planterom og ryddig uteområde..... Skal bli flinkare til å rydde heretter, eg lovar det!

Håper ellers alle får ein fin søndagskveld, og fortsatt fin farsdag!

torsdag 6. november 2008

Sol ute, hippeplanting inne

Dette er bilder frå i fjor, altså!


Innehagesesongen har starta, og eg driv på planterommet og førebur vinterens vindusblomstring og små overlevelses-gleder for meg sjølv....

Men, så er det altså SOL ute.......

Kanskje ein skulle ha gått ein tur på beina sine? Prøvd om dei fortsatt fungerer, liksom? Har vore lat og stillesittande etter at fjelltursesongen dabba av i september.

Må tenke litt meir på eit så grunleggande og vanskeleg spørsmål - og så må eg visst ha meg litt mat, kjenner eg.

Om du har sol eller ikkje: ha ein fin torsdag!!

lørdag 1. november 2008

Halloween og lauvraking

Nå er det Halloween-tider, og her er trappepynten vår! Eg må innrømme at eg blir litt oppgitt over alle foreldre som er så skeptiske til halloween. Eg har ein barnsleg glede av å kle ut ungar som monster og lage skumle gresskarlykter og sette på trappa! Muleg det er meg det er noko gale med, men kva er det som er så ille med å lage litt moro og fjas av og til? Vi er da ikkje nødt til å kjøpe heile den kommersielle delen av det for det? Ungane kan kle seg ut med det du har i huset frå før, og godteri et da moderne ungar likevel - halloween eller ikkje! Eg synest og det er bra å banke på døra til naboane - kor ofte gjer vi det i våre dagar? Å vandre rundt i skummelt kostyme og true med "knask eller knep" fører i alle fall med seg både meir kreativitet, sosial aktivitet og frisk luft enn å sitte og spele dataspel.

I dag har eg og raka lauv - endeleg! Har lenge tenkt at eg skulle prøve å ta vare på noko av alt det fine kompostmaterialet som vanlegvis bles over til naboen i løpet av vinteren... Ikkje mykje kosmetisk raking her i huset, vi har da naturtomt...? I alle fall når det passar oss.
Å rake lauv var og ein fin aktivitet i sola i dag, og eg hadde eit påskudd for å vere ute i hagen. Det er like fint med ein hageformiddag som med ein tur i skogen, og lettare tilgjengeleg! Er jo fint i skogen og, da. Det vart fylt godt opp i bingane som de ser. (det er ein trådbinge bakerst som ikkje synest så godt, pluss at eg fylte ein til). Til våren må eg gjere alvor av å skaffe meg eit par ekstra. Har så bratt hage at eg må ha "gjenvinningsanlegg" på ulike stader, i alle fall to.
Ha ein fin laurdagskveld!