lørdag 19. mai 2012

Trochodendron aralioides

Tur til Ole Jonny Larsen i Spjelkavika med hagelaget i dag. Får prøve å skrive litt om godbitane som vart kjøpt seinare, men nå må eg berre få skryte litt av denne skjeldne saken:

Trochodendron aralioides

Artikkel frå arboretet på Milde

søndag 13. mai 2012

På tide å så ringblomster...?

JAAA, det er verkeleg på tide. Eg er nok litt seint ute som vanleg, men sår inne og håper at varmen kjem snart, for nå føles det som om det er mars/april, sjølv om vi er langt uti mai. Frøa ligg nå i vatn, og det er fire sortar i år:
Calendula "Honeymoon" 
                 "Pacific Beauty"
                 "Apricot Daisy"
                 "Peach Sherbet"
Skal verkeleg prøve å halde dei frå kvarandre, så eg får sjekka korleis dei ser ut og oppfører seg med tanke på nye frøkjøp. Lengtar etter lukta av ringblomster. Det er sommar!

Ellers har eg sådd asparges i år ("Mary Washington"), og dei står i jordbærkorga si som eit grønt slør, og seier tydeleg ifrå om at nå vil dei ha meir plass! Skal prøve å prikle, men dei er jo så tynne så tynne! Dei skal plantast i ein pallekarm, og eg er verkeleg spent på korleis det vil fungere. Tenker jo på rotugras og sånt, for dette er jo som ein slags kjøkkenhagestauder som kjem att frå rota år etter år. Må prøve å skjerpe meg på lukinga... Gleder meg til å kunne ete nokre ferske skudd om ein to-tre år:-)