søndag 18. oktober 2009

Litt haging igjen omsider

Endeleg fekk eg rota meg ut i hagen igjen. Ser at det forrige innlegget er frå midten av juli. Nei og nei for ein sløv hage- og bloggeigar. HUFF!!

Rett etter det siste innlegget var skreve reiste vi på ferie. Da hadde det vore tørke ei lang stund, kjempevarmt (slik at underteikna vart sittande dehydrert og slapp i ein krok), samt at eg hadde pådrege meg ALT for mange sommarblomster og andre "ute om sommaren"-planter, og heldt på å jobbe meg i hel med alt som måtte ordnast før vi kunne reise vekk. Neste år skal eg og må eg få til vatning i kjøkkenhagen, og eg skal ikkje ha så mange plantar i potter ute. Er jo muleg å drepe seg på vatning i tørkeperiodar, det er ikkje det mest morosame eg veit i 30 graders varme altså....

I dag har eg pusla litt i kjøkkenhagen, og har teke inn nokre purrar samt alle "gulerøttene" mine. Stor skuffelse at dei ikkje vart noko av, dei fleste var små og kulerunde, såg ut som om dei hadde slutta å vekse nedover ganske tidleg. Kanskje heng det saman med at det var så tørt på våren/forsommaren. Eg vatna ikkje godt nok, det er eg klar over. Rødbetene vart det heller ikkje noko av, men der trur eg ein diger lønn rett ved har skulda. Den skal vekk så fort det blir ei lita skorpe med tele i bakken. Ser for meg at eit av valnøtt-trea kan få stå der i staden.

Den grusomme hausten vi har hatt må også nevnast, for etter at vi kom heim frå sommarferie uti august har det regna i eitt.

I dag har det faktisk vore fint, sol på stueveggen nå. Fårikålgryta står og putrar, og snart får vi middagsbesøk. Håper hagegløden tek seg oppatt, for eit liv utan hagegalskap er knapt noko liv.

Ha ein fin søndag!