onsdag 29. april 2009

Magnolia og morellblomstring

Det skjer så mykje for tida! Eg rekk knapt å følge med på alt, det dukkar opp gamle kjenningar og nokre nye over alt ute.
Her er eit par av dei skikkeleg vår-aktige, som liksom symboliserer årstida: den eine er relativt ny, planta av meg, og gir meg kvart år nesten eit grøss av fryd over at noko såå pent og eksotisk vil vekse og blomstre i MIN hage; magnoliaen min: Leonard Messel.
Den andre er skikkeleg gamal (morelltreet), og det var i hagen frå før vi kjøpte huset. Nå er det fullt av lav og mose på stamme og greiner. Det syng kanskje på (nest)siste verset, men er skrekkeleg sjarmerande, og lagar tak over lundhagen min. Eg er glad i det treet!
Skal legge ut fleire bilder i morra;-)




søndag 19. april 2009

Vår-overrasking

Har nettopp oppdaga at eg har sanguinaria canadensis i hagen min... Den hadde eg gløymt at eg hadde planta!!