tirsdag 11. oktober 2011

Frøbestilling og dundyne

Dette bildet er av modne fersknar i ein bakhage i Kristiansand. Om nokre år har kanskje eg også slike i hagen, har nemleg planta ein ferskentre i haust. Amsden, kjøpt på Torheim gartneri.

Ja, så har eg bestilt første sending med frø, nei den andre var det kanskje. Har også rydda inn pellisar, fuchsia og diverse andre overvintringskandidatar i dag. Så fann eg fram dundyna mi og skifta på senga. Nå er det haust!

Første bestilling var frå Magnar Aspaker:
Allium insubricum
Meconopsis aff Lingholm purple flowers
Meconopsis integrifolia
Trollius altaicus
Swertia kingii
Caltha palustris
Verathrum album
Delphinium brunonianum

Magnar bur i Harstad, og dyrkar for det meste skjeldne fjellhagestauder. Kvart år samlar han frø i hagen sin som han legg ut for sal eller bytte på heimesida si. Den inneheld utruleg mange bilder og beskrivingar av plantar, gjerne av ting du ikkje finn info om andre stader. Han har også såtabellar over kva sortar som må ha kuldebehandling og ikkje.

I dag rauk eg utpå igjen, med ei bestilling til Impecta:

Helenium autumnale "New hybrids"
Verbena bonariensis
Heliotropum arborescens "Marine"
Cobaea scandens
Cobaea scandens "Alba"
Browallia speciosa "Blue bells"
Pinus wallichiana
Paulownia tomentosa
Gingko biloba
Amorpha fruticosa
Enkiantus campanulatus

Her er det mykje tre og busker, nokre av desse slaga har eg sådd før utan å lykkast i å få fram noko brukbart. Det handlar litt om manglande spiring, og litt om manglande stell... (huff). Prøver nå igjen eg da, i og med at eg har bestemt meg for at den to mål store tomta mi ein dag skal bli full av fine vekster av alle slag. Tre, busker og stauder er fint i lag, og det finst så utruleg mykje spennande. Må innrømme at besøket mitt i fleire hagar i sommar, men ikkje minst til Gunnhild Humborstad på 1000 åpne hager har inspirert meg veldig. Litt galskap må ein dyrke i livet, og hagegalskap er ein undervurdert tilstand. Nå skal eg prøve å finne eit bilde å legge ut her, det er rot på maskina mi. Nokon må visst rydde der og.

Må seie frå om at bildet under ikkje er frå hagen til Gunnhild, men frå ein park i Kristiansand.

onsdag 31. august 2011

Nokre glimt frå hagen

Først litt blomstring, noko tilfeldig valgt. Ei sjølvsådd valmue som viste seg å vere ganske søt, og den einaste daglilja eg har, og den har eg til og med to av! Stemmer visst ikkje heilt, for eg har ei til som aldri har blomstra. Den SKAL eg flytte nå i haust, og så få vi sjå om den vil vise seg fram neste år.

Dei andre bilda er frå det store mureprosjektet mitt i sommar. Har fått det rimeleg bra til, og er stolt som berre det over byggverket. Hadde aldri greid det utan hjelpfrå den eldste sønnen min med dei tyngste steinane. Trappa skal eg jammen vise fram ein annan dag, har visst ikkje fått eit godt bilde av den. Den er eg sååå fornøgd med!

Etter kvart som denne noko triste sommaren har nærma seg slutten har endeleg hagetiltaket kome tilbake til meg. Eg har nå hatt tre lange og gode hagedagar, og har fått gjort veldig mykje. Kom heim frå forumtreff i Kristiansand søndag kveld, og hadde fått masse inspirasjon og påfyll. Kjekt var det, og møtte mange kjempekoselege folk. Skal på treff neste år også, så sant det går.
Her er det bilde av alle 24 plantar og stilklingar som vart med heim i handbagasjen på flyet. Takka vere Nefertiti sitt tips om korleis ein ekte hagegal ordnar reiseplantane sine fekk eg med meg atskillig meir enn eg hadde sett for meg at gjekk an!

torsdag 10. mars 2011

Tid for frø

Sit med bunkevis med frøpakkar her, og det dukkar opp ting eg dessverre hadde gløymt at eg hadde skaffa: Gladiolus caucasicus-frøa frå Akoen for eksempel. Spennande! Må berre prøve å få dei i jorda nå da, ellers blir det vel dårleg med spiring...

Her ei liste over staudesådden så langt:

Gladiolus caucasicus (Akoen)

Gladiolus i. palustris (Akoen)

Delphinium cashmerianum (Akoen)

Iris wilsonii (Racemosa)

Anthyllis vulneraria coccinea (Seascape)

Har også på sålista matthiola longipetala, eller Gresk levkøy som den heiter i Impecta-katalogen. Skal visst lukte godt, så det skulle bli ein velduftande sommar når både den og heliotropium "Marine" set i gang å blomstre. Mmmmm, gleder meg til varme sommarkveldar på plattingen:-)

onsdag 2. mars 2011

Litt hageaktivitet igjen

Har endeleg fått ordna og rydda litt på det lusebefengte planterommet mitt i dag. Har strevd med å bli kvitt beista, og har ikkje turt å så eit frø før eg hadde kontroll på det. Da eg endeleg forsto at det var Decis som måtte til, gjekk det bra. Nå er det ingen lus igjen, hurra!

Har jo lenge tenkt at nå MÅ eg snart få sådd blodbegerfrøa frå frøboksen. (Boks med frø som folk legg overskotsfrø i, og sender vidare til andre som har sagt seg interessert). Har jo prøvd å så denne luringen før, men utan hell. Det blir sagt at frøa bør vere ferske, og nå har eg brukt ein mix av "sjølvhausta amatørfrø" frå diverse plassar, noko som brukar å fungere bra når det gjeld frø. Berre prøv, det hjelper ikkje med fin frøpakke, dei heimehausta er alltid best. Blir spennande nå framover:-)

Rhodochiton atrosanguineum (Blodbeger)

Har også lagt i vatn frø av denne, det er ein pelargonium ved navn "Maverick Star"


Og sist men ikkje minst, berre for å ha litt meir "på gang", ei av alle pakkane med løvemunnfrø eg ikkje fekk sådd i fjor: Antirrhinum "Appleblossom"
Dette var ein liten begynnelse, og så er det berre å vente på spirene!