onsdag 2. mars 2011

Litt hageaktivitet igjen

Har endeleg fått ordna og rydda litt på det lusebefengte planterommet mitt i dag. Har strevd med å bli kvitt beista, og har ikkje turt å så eit frø før eg hadde kontroll på det. Da eg endeleg forsto at det var Decis som måtte til, gjekk det bra. Nå er det ingen lus igjen, hurra!

Har jo lenge tenkt at nå MÅ eg snart få sådd blodbegerfrøa frå frøboksen. (Boks med frø som folk legg overskotsfrø i, og sender vidare til andre som har sagt seg interessert). Har jo prøvd å så denne luringen før, men utan hell. Det blir sagt at frøa bør vere ferske, og nå har eg brukt ein mix av "sjølvhausta amatørfrø" frå diverse plassar, noko som brukar å fungere bra når det gjeld frø. Berre prøv, det hjelper ikkje med fin frøpakke, dei heimehausta er alltid best. Blir spennande nå framover:-)

Rhodochiton atrosanguineum (Blodbeger)

Har også lagt i vatn frø av denne, det er ein pelargonium ved navn "Maverick Star"


Og sist men ikkje minst, berre for å ha litt meir "på gang", ei av alle pakkane med løvemunnfrø eg ikkje fekk sådd i fjor: Antirrhinum "Appleblossom"
Dette var ein liten begynnelse, og så er det berre å vente på spirene!

2 kommentarer:

krepsemor sa...

Så var også du i gang! Det er så herlig å ha våren og sommeren framfor seg, med alle forventninger den innehar. Selv om vi gjerne vil at den skal være her NÅ! Sånn har det alltid vært =)
Blodbeger er blitt en måha-plante. Jeg har sådd for andre gang, for mine egne selvhøstede frø var nok ikke modne likevel! I morgen skal de prikles =)
Ønsker deg lykke til!

Herdis sa...

Ja, våren med alle forventningane er herleg. I dag såg eg knuppar på vrihasselen min, dei må ha kome i løpet av dei to siste dagane. Nydeleg syn! Eg er veldig spent på spiringa på blodbegerfrøa, men blir nok ikkje så skuffa om det ikkje spirer, blir heller veldig overraska om det gjer det. Håper eg ikkje er alt for seint ute, så dei rekk å blomstre:-)