tirsdag 7. juni 2016

Besøk i hagen!

Søndag sat eg ute litt om kvelden før eg skulle legge meg, og så dukka plutseleg denne karen opp! Prøver nok å gjømme seg, og håper det beste med nesa inni eføyen.....😬🤔

søndag 5. juni 2016

Travle tider i hagen

Mykje som skjer i hagen for tida. 5. juni i dag, og vi har eit vær som gjerne kunne gitt seg ut for å vere juli. Eg har flytta kjøkkenhagen min i år, og som vanleg ligg eg litt etter med det meste, så fekk ikkje tak i settepoteter... Har laga til fire pallekarmar på eit ubrukt område, men som trengte litt rydding først. Fekk også planta rotskudd av den gamle Besta-syrinen. Den opprinnelege buska måtte fjernast da vi planta hekk i april. (Hemlokk). Rotskuddet står nå ved den nye kjøkkenhagen, og kan kanskje glede den som jobbar der (meg!😂) på rette tida, med nydeleg blomsterlukt. Så legg eg ut eit bilde av noko eg ønskar meg, nemleg utepeis! Kanskje ein gong🤗
Duppesoleia måtte også flyttast, men ser ut til å trivast ved salixen. Skal dele den når den blir større, så eg kan ha denne nydelege stauda fleire plassar. 

Under: superpetunia raspberry blast. 

Rhododendron luteum, blomstrar for første gong. Flott plante! Luktar aldeles nydeleg.....


Nye bed i kjøkkenhagen. Dei to fremste laga i dag, og delvis fylt med kompost frå den gamle varmkompostbingen. Den eine skal eg ha squash i når plantene blir større. Ellers har eg sådd plukksalat, bondebønner og sukkererter i dag. Planta ut to plantar med brekkbønner, og har seks grønnkål frå før. Så spørs det på gartneren nå da...