tirsdag 10. juli 2012

Chiastophyllum oppositifolium, smørblad

Har nyleg kjøpt frø av chiastophyllum oppositifolium, smørblad eller gullbue på norsk. Frøa hadde sortsnavnet "Solar Yellow". Ikkje før frøa dumpa ned i postkassa, så snubla eg over same planta på eit lokalt gatneri (Nyttingnes). Den var fin! Er glad eg fekk tak i den, og gleder meg til å sjå korleis den likar seg i det bedet eg har planta den. Skal også så frøa til våren, og håper sorten med det flotte navnet "Solar Yellow er enda finare enn den eg har kjøpt:-)

mandag 9. juli 2012

Paeonia suffruticosa

Ja, da har eg planta min femte trepeon. Kjøpte den hos Tilseth gartneri i Ørsta, og den sto så pjuskete og liten for seg sjølv,  i ei ødelagt potte... Eg tenkte at den kunne det kanskje gå an å prute litt på, så eg spurte om eg fekk den til redusert pris. Du får den for 150,- var svaret, og eg slo til! 100 kroner avslag, og det på Sunnmøre! Etterpå kom eg til å tenke på at med eit så kontant tilbud frå ein sunnmøring burde eg sjølvsagt har pruta lenger.... Ja ja, vi Nordfjordingar er ikkje så gode på business vi....

Trepeonar er fantastiske planter. Eg burde skrive opp navna på dei eg har ein dag, for hukommelsen er ikkje heilt på topp. Nå håper eg at den nye vesle tassen som har fått ein så tøff start i livet vil vekse og trivast i hagen vår.                   PAEONIA SUFRUTTICOSA