søndag 15. februar 2009

Staudesåing og vellykka hagelagsmøte

Siste veka har eg sådd følgande:

Aquilegia "Green Apples" (plant world seeds)
Aquilegia "Spring Magic"
Aquilegia "Clematiflora" (Plant world seeds)
Auriklar mix (Hajal)
Corthusa matthiola (Snuffeldyret, forrige frøboks)
Delphinium blå?(frø frå hage i Gausdal)
Helleborus mix (Hajal, såmøtet 12.02.)
Lavatera thuringiaca (Impecta)
Linaria purpurea "Canon J. Went" (Impecta)
Luzula nivea (Impecta)
Meconopsis horridula (Langangen)
Nepeta fassenii (Snuffeldyret, forrige frøboks)
Nigella "Oxford blue"
Verbascum "Southern Charm" (Impecta)
Viola pedatifida (hajal, forrige frøboks)

Hagelagsmøtet sist torsdag hadde som tema "Såing av stauder og sommarblomster", og Hajal hadde med seg potter og jord, samt sjølvhausta frø og demonstrerte og fortalte korleis han sår stauder og set ut til stratifisering. Det var ikkje så kollossalt mange frammøtte, men vi var ca. 12 til saman. Det var ein grei størrelse på forsamlinga for å stille spørsmål og diskutere tema som dukka opp. Sommarblomstene fekk vi ikkje snakka så mykje om, men eg hadde "heldigvis" nokre totalt mislykka forsøk på å så Impatiens og Lobelia å vise til, og hadde samla opp mange amatør-spørsmål til den/dei med ekspertise på dette temaet. Eg vart ikkje så mykje klokare må eg innrømme. Konklusjonen deira var at "du dillar for mykje!" OK, så har eg sådd nye Impatiensfrø, og lar dei spire der dei andre spirte (det fungerte i alle fall). Nå gjer eg ikkje meir enn å vatne ei stund, så får det gå som det går. Er det for mykje "dilling" som er problemet, så går det kanskje nå da??

Siste Blodbeger-tips var at dei vil ha LYS (det også...), så eg får sjå om eg gidd å flytte dei irriterande pottene frå badegolvet og under lys ein plass. Har lyst til å kyle dei ut snart, i rein frustrasjon. Set min lit til dei "snille" plantene eg brukar å få til, og ventar på å få fylle planterommet med kjekke små sommarblomstspirer som veks og likar seg. Det er koseleg det....

Ellers reiser ElinG og eg til Stryn på torsdag for å høyre og sjå Magnar Aspaker sitt foredrag om såing av stauder og dyrking i ophøyde bed. Det gleder eg meg veldig til. Nå skal vi snart hente "knotten" hos bestemor og bestefar. Han har overnatta, og føler seg veldig stor og flink, og antyda at han ville ligge der ei natt til. Vi får sjå korleis det ligg an i dag...

3 kommentarer:

Anonym sa...

Uææææh, no veks sålista di faretruane her.....eg har ikkje begynt enno! Har leita fram utstyr for å begynde så smått no, måtte berre lese litt blogg og ta ein kopp kaffi først :)

Miamaria sa...

Ikke gi opp blodbegerne, de kan komme veldig plutselig. Hørtes ut som et koselig hagelagsmøte det der. :) Såing pleier å være suksesstema, det er jo på denne her tiden at folk "våkner".

Herdis sa...

Elin, det blir kanskje prikleplanteoverskot her, vi kan muligens bytte litt? Ellers har eg ikkje gitt heilt opp blodbegerfrøa, men eg har fått tilbod om nye frø.... Sår dei og, så får vi sjå.