onsdag 17. september 2008

Paulownia tomentosa

Har gjort eit kupp i dag! Stakk innom Rebakken hagesenter på Reed på veg heim frå Sogndal. Hadde ca. 20 minutt å gå på i høve til ferja på Anda, og telte veldig på knappane, for eg har jo mange ståande på vent i potter, og ventebeda er smekk fulle! Måtte berre kikke, har reist standhaftig forbi fleire gonger i sommar - og eg går meg rett på ei samling med spennande busker og småtre utanfor drivhuset...... Mange rare navn, som sjølv ikkje ein hagegal drog kjensel på i farten (!!!). Ho som eig gartneriet fortalde at det faktisk er hennar exmann, også psykolog, som hadde sådd det meste av det. Han bur i Utvik, og eg veit eg har hørt at han er rimeleg hageinteressert. Eg endte opp med ein Paulownia tomentosa (til 250,-....), og beskjed om å reise heim og google navnet, ho var ikkje sikker på kva det var.

Her kan du lese om KEISERINNETREET (eller Keisertre, som resten av Norge insisterer på å kalle det) (Paulownia tomentosa) frå Kina. Her er det også ein tråd om det frå hagegal.

Eg har vore høgt oppe heile kvelden i grunnen - og når ein legg til at eg fekk ein rota stikling av Sambucus Black Lace i posten i går, så forstår de vel at eg er glad og inderleg tilfreds -- ?

5 kommentarer:

hildeG sa...

Heldig du som bor i et klima hvor keiserinnen kan overleve... Jeg er også glad i å så trær - og har en del ymse i barnehagen. Har sådd denne også, den spirer greit, men klarer ikke hedmarksvinteren.

hajal. sa...

Gratulerer med Keisertreet !
Her kom ein Sambucus 'Black Lace' i posten og ein dag .....

Herdis sa...

Eg meiner det heiter keserinnetre (empress tree)eg da! Ser at akoen også kallar det keisertre, så eg kan ta feil.....(neppe, blunk.) Ja, Hajal - da har vi den ettertrakta black lacen begge to da. Forundrar meg fortsatt over at ingen gartneri kan ta den inn!?

Iris sa...

Jeg er grønn av misunnelse angående både keiser og keiserinnetrær...Lurer på om det hadde overlevet her?
Du er i hvertfall heldig som har fått deg et så fint tre, Herdis!

Herdis sa...

Må visst ete i meg att det med Keiserinnetre. I Norge (og Danmark) heiter det visst keisertre. Ja, eg er heldig! Lurer på kvar det skal stå....