fredag 19. september 2008

Treplantedagen





Har fått gjort ein del i hagen i dag, mellom anna planta fire tre. Får vel lage ei liste:
Paulownia tomentosa havna bak garasjen, etter mykje grubling og sikting. Blir kanskje stort, har eg hørt!
Acer palmatum shirasawanum "Aureum" planta eg ved surjordsbedet, opp mot lundhagen. Der ser eg det frå kjøkkenvinduet, og det er faktisk fint nå, med den raude haustfargen sin.
Salix alba "Sericea" (sølvpil) flytta eg til midt på stakittet på nedsida av huset.
Tilia cordata (småbladlind) sette eg ved inngangen til hagen på sørsida. Det er ikkje mange metrane frå husveggen, og eg var litt i tvil, men ser for meg at det kan gje fin skugge på ein planlagt uteplass i sørveggen. Det kan jo lett beskjærast, så eg tek sjansen. Det kjem til å lage ein fin inngangsportal til nedste hagen.

Ellers lurer eg på kvifor tre som lind og sølvpil blir levert med buskform? Eg vil da ha dei som skikkelege tre, med stamme! Hadde valgt ut den linden med mest muleg gjennomgåande stamme, og beskar den litt for å få fasong. Skal ta meir seinare. Salixen var litt meir "ugrei", men planta den litt skrått, slik at det lengste skuddet vart loddrett, og beskar den litt og. Håper det blir bra.

Har ellers fått renska opp meir i skvallerkål-land, som kanskje ikkje er det lenger! Stakk kantar godt inn på plenen (he he), og fjerna litt ugras, men det var ikkje mykje. Fekk planta ut følgande:

Eupatorium rugosum (kvit hjortetrøst), ved storhjortetrøsten. Cimicifuga ramosa (?) "Brunette", ein rosalilla asters, ei frøplante av ein slags sjølvsådd busk som eg ikkje hugsar kva heiter, og ein del til som eg ikkje hugsar i farten. Desse vart flytta frå eit overfylt ventebed, og dermed fekk eg nokre åpningar til nye småtassar som treng overvintringsplass. Ikkje så mange da, lurer på å ta i bruk grønnsakspallekarmane. Sjølv om det er litt teit, veit jo åssen det blir til våren... Det er nedslåande kor fort ny bedplass blir fylt opp, plantar eg for glissent tru? Skal også flytte ein del kuleprimula frå solbedet ved muren, er skrekkeleg lei dei store rosettane som blir slappe av tørken der oppe, sjølv om det er spektakulært om våren. Skal også flytte all haustfloksen ned til den fuktige nedsida, samt hestemyntene. Er drittlei mjøldogg. Det gjer eg muligens i haust, eller til våren.

Nå er eg fornøgd med innsatsen, og håper på litt meir regn.... Det kom nokre dråpar nå i ettermiddag, det høyrer jo til på Eidamessa som er nå i helga. Været styrer ingen, så eg kan da vel i all stillhet kose meg ørlitt over at det regner?

Ha ein fin fredagskveld!

1 kommentar:

Elisabeth sa...

Dette er en skikkelig arbeidsøkt, ingen tvil om det. Men det er jo deilig å få gjort endel om høsten også. Lykke til videre i arbeidet, og forts god helg til deg :)