søndag 5. juli 2009

Iris ensata - endeleg

Iris ensata "Gracieuse" i knupp over. Veldig flott med det spiralmønsteret!Her er den fullt utsprungne blomsten. Vakker! Det er Gracieuse, ingen tvil nå. To knuppar har åpna seg og tre til er på gang. Eg skal ha meg fleire japanske iris!
Ellers må eg berre ta med bilde av eucalyptusen min. Såg nemleg eit program med Monty Don på NRK i dag, og han var i Australia og New Zealand. Han beundra nokre flotte, kvitstamma eucalyptustre, og eg kom på at eg falt fullstendig for eucalyptustrea i Kew Gardens. Men eg har eit par sjølv, dei har faktisk overlevd ute i vinter. Nå har eg planta det eine i potte, for eg såg kor stort treet til hagevennina mi hadde blitt. Ho overvintra nemleg sitt i potte inne i vinter, og vi fekk dei samtidig. Prøver garasjen tenker eg. Blir uansett litt lunare enn ute, og dei overlever jo der...
Ein veldig fin og spesiell Delphinium med nesten svarte knuppar (navn...?), fått av Marosa for to år sidan. Den har eg bestemt at skal bytte plass med den kjempestore kvite ved plattingen, høver betre med denne halvhøge ved sitteplassen, og så får vi beundre den oftare. Sjå, den er kvit inni.... !


NÅ blomstrar denne giganten for første gong! Sådd sjølv, av frø frå RandiF, ei spire - nå ein gigant. Nesten like høg som meg i år, noko mindre i fjor men med tydeleg potensiale alt da.... Eg likar sånne gigantar. Imponerande vekstkraft, og gir ein frodig, jungelaktig effekt.
Ellers har eg plukka hylleblomster og sett saft. Står i kjelleren i 10-litersgryta mi. Nå må eg for all del ikkje gløyme den....

5 kommentarer:

RandiF sa...

Kjekt å sjå at du har fått til Telekiaen. Og den irisen var jo nydelig. Men eukalyptus ute? Det trudde eg ikkje gikk an her. Kor fikk du tak i den?

Herdis sa...

Fekk tak i den hos Håkon Vangsnes, Nautesund plantesalg. Han ga dei vekk, hadde egentleg ikkje noko for salg. Var "restar" han hadde ståande.

Telekia var den heitte, ja. Takk for tipset;-)

ToneM sa...

Telekia er en flott plante, og dessuten er den en skikkelig humle og sommerfugl magnet!

Marit sa...

Nydelig iris ja! Jeg samler på ensata, og skal garantert ha flere jeg også ;-)

Miamaria sa...

Den der var jo rå, den irisen!