onsdag 20. oktober 2010

Herlege Lopud, i herlege Kroatia - haustferiereferat!

Sidan denne bloggaren snart fyller eit veldig, veldig rundt antal år, så bestemte ho seg i vår for å gjere noko litt utanom det vanlege i haustferien. Sidan vi også har førsteklassing i år som trengte tilsyn i ferien, så "måtte" vi ta oss fri. Altså vart det bestemt at bestefar på 82, bestemor på 76, pappa på 57, storebror på 24, mellomstebror på 21, veslebror på 6 og mamma på snart - ja du veit det vel nå... 50, skulle på tur i lag. Eg kom over Lopudreiser sine sider tilfeldig, og reisemålet vart raskt bestemt: øya Lopud i Adriaterhavet, ein 50-minutts båttur unna Dubrovnik i Kroatia. Vi angra ikkje på det...

Her utsikten frå leiligheta og ned i beda under. Trass i at det var oktober var det mykje som blomstra. Vertinna sa at det var skrale greier, men vi syntes at det kunne ikkje vere så verst;-)

Vi budde privat, hos nokre utruleg koselege folk. Her er ein del av den idylliske stien inn til huset. Vi kom inn under ein flott pergola med vinrankar på. Eg fantaserte om korleis det er der om sommaren, i sval skugge, med sollys silt gjennom det frodige grønne lauvet...


Øya er bilfri, og det bur berre 2-300 personar der fast. Om sommaren er det annleis, da er det ein god del turistar. Lokalbefolkninga lever for det meste av turisme, og det er bra at det kjem folk som gjer at dei klarer å halde liv i dei koselege restaurantane og kafeane, og suvenirbutikkane. På kafeen under, som ligg på strandpromenaden midt i "sentrum", la vi att ein del kuna. Dei hadde fantastisk god, heimelaga is, og den beste kaffen på øya.
Ellers gjekk det mykje i pizza, og under ser du gjengen på favorittrestauranten. Sidan det var offisiell sesongslutt akkurat i slutten av haustferieveka, var det dessverre ein del plassar som stengte dei to siste dagane vi var der. Dette handla kanskje også litt om været, som etter Kroatisk standard var forferdeleg. Da kom det ikkje så mange dagsbesøkande over med rutebåten frå Dubrovnik. Uansett var majoriteten av vår gruppe fullsendig fornøgd med nokre dagar med pizza, og da var det i grunnen ikkje noko problem...

Utsikt frå vinduet i leiligheta vår:

Vi hadde to dagar med sol, ein dag med skikkeleg regnvær og fleire dagar med lettskya opphaldsvær. Temperaturen var stort sett fin, oppunder 20 grader. Vi hadde med regnklede, og lot oss ikkje stoppe av været. Vi brukte ein god del tid på å gå tur rett og slett. På øya er det stiar og vegar på kryss og tvers, alle bereikna på å gå sjølvsagt, og mange truleg svært gamle. Det er herleg å sleppe å måtte passe seg for bilar heile tida. Det er murt opp trapper og murar alle stader, og over alt du går er det grønt og frodig og veldig, veldig idyllisk! Det er laga til turorienteringspostar over heile øya, plassert på sjåverdige plassar, nokre nær sentrum, og andre litt meir avsides. Vi kjøpte oss eit kjempefint turkart som eg trur Lopudreiser og nokre spreke bergensarar har laga i fellesskap. Inntekta av kartet, som kosta ein hundrelapp, gjekk til brannvesenet på øya. Dette hadde vi stor glede av, særleg mor og veslegutten:-)
Nå har eg fått med berre ein brøkdel av alt vi opplevde og såg av spennande ting, med det får halde for i dag. Eg fortsetter seinare.

4 kommentarer:

anne - moseplassen sa...

Gratulerer med dagen som kommer!
Hurra :D

Så ut som en herlig ferie det der, sol og varme er ikke å forakte nå i høsthufsa :)

Men jeg glemte jo helt å takke for den hyggelige kommentaren i går, det ble mest å svare på det du lurte på liksom. Men jeg setter stor pris på å høre at du liker skrivinga mi :D
*klem*

Herdis sa...

Takk for det! Eg har nemleg vore "utbrent" sjølv som det heiter, og er av faglege årsaker veldig interessert i den tilstanden og kva som hjelper folk. Trudde av ein eller annan grunn at du også sleit med noko slikt, men tok feil. Hage og natur er i alle fall fantastiske kjelder til styrke og vitalitet for meg, og det ser eg det er for fleire! Ha ein fin haustkveld!

Anne-Kirsti sa...

Så utrolig morsomt å lese bloggen din. Kan forørvig opplyse om at det er Jørn Woldsdal min mann og samarbeidpartner i Lopudreiser som har tegnet kartet og satt ut tur-o på Lopud. Dette gjør vi hvert år :-)

Anne-Kirsti (Lopudreiser)

Herdis sa...

Det er eit utruleg bra tiltak, Anne-Kirsti! Vi hadde ikkje sett halvparten av alle dei fine plassane om det ikkje hadde vore for postane og kartet:)