onsdag 31. august 2011

Nokre glimt frå hagen

Først litt blomstring, noko tilfeldig valgt. Ei sjølvsådd valmue som viste seg å vere ganske søt, og den einaste daglilja eg har, og den har eg til og med to av! Stemmer visst ikkje heilt, for eg har ei til som aldri har blomstra. Den SKAL eg flytte nå i haust, og så få vi sjå om den vil vise seg fram neste år.

Dei andre bilda er frå det store mureprosjektet mitt i sommar. Har fått det rimeleg bra til, og er stolt som berre det over byggverket. Hadde aldri greid det utan hjelpfrå den eldste sønnen min med dei tyngste steinane. Trappa skal eg jammen vise fram ein annan dag, har visst ikkje fått eit godt bilde av den. Den er eg sååå fornøgd med!

Etter kvart som denne noko triste sommaren har nærma seg slutten har endeleg hagetiltaket kome tilbake til meg. Eg har nå hatt tre lange og gode hagedagar, og har fått gjort veldig mykje. Kom heim frå forumtreff i Kristiansand søndag kveld, og hadde fått masse inspirasjon og påfyll. Kjekt var det, og møtte mange kjempekoselege folk. Skal på treff neste år også, så sant det går.
Her er det bilde av alle 24 plantar og stilklingar som vart med heim i handbagasjen på flyet. Takka vere Nefertiti sitt tips om korleis ein ekte hagegal ordnar reiseplantane sine fekk eg med meg atskillig meir enn eg hadde sett for meg at gjekk an!

5 kommentarer:

Tove sa...

Flott mur:-) Litt av en fangst på forumstreffet:-)

potentilla sa...

Det var muren sin ja :)

Berit sa...

Det ble råbra! Så du kom deg på treff - jeg håper jeg unngår kollisjoner med annet morsomt neste år.
Og så forstår jeg at du fant ut av publiseringsproblemet!

Mari Anne sa...

Du har all grunn til å være fornøyd både med valmue og ikke minst muren. Det ligger mange tunge tak bak et sånt resultat.

Herdis sa...

Ser nå at eg har berre undervegs-bilder av muren. Skal ta nokre nye.... Ser liksom ikkje så imponerande ut på bilder uansett, men alle som har mura sjølv veit litt om kor mykje arbeid det er;-)
Takk for rosen, gjer godt det!
Elølers hadde det vore veldig koseleg om vi kunne møtast på treffet neste år, Berit!