mandag 27. februar 2012

Har sådd stauder omsider

Desse frøa er i ferd med å kome seg ut i "vinterkulden" for å få ein kuldeperiode før det blir vår for alvor:

Trolliua altaicus (Magnar)
Caltha palustris (Magnar)
Delphinium brunonianum (Magnar)
Meconopsis integrifolia (Magnar)
Meconopsis aff Lingholm (Magnar)
Allium insubricum (Magnar)
Swertia kingii (Magnar)
Angelica archangelica
Primula waltoniihybrid (MonaHN, frøboks)
Helleborus (Ananas, frøboks)

Kan ellers føye til at Browalliaen endeleg har spirt. Sådde alle frøa, i to potter, men har endt opp med tre mikroskopiske spirer. Håper eg greie å halde liv i dei. Så har endeleg blodbegerfrøa mine spirt. Det er ei stund sia nå da, men jammen tok det si tid. Eg har lese at dei skal ha lys fr å spire, er det det som gjer at enkelte får spiring fort medan andre må vente i vekesvis? Uansett er eg litt stolt av at dei sjølvhausta frøa mine var såpass tess, og har nok til å gje vekk nokre i år også. Koseleg det! Har også overvintra nokre plantar for første gong, den eine har forsyne meg blomstra på planterommet i haeile vinter. Det skal da bli blodbeger her til sommaren!

5 kommentarer:

Vivi sa...

Ja, nå er hagesesongen i gang hos deg! Ønsker deg lykke til og håper du får mange flotte spirer!

Klem Vivi

krepsemor sa...

Mange flotte spennende stauder du har sådd, og blodbeger blir det aldri for mange av :) Min overvintra blodbeger strauk med, ingen livstegn å spore, men mange frøplanter på planterommet! Eg har i alle fall erfart at blodbeger spirer godt med undervarme, og så snart dei spirer, må dei ha lys og litt kjøligare forhold ;)
Lykke til!

Grethe Gyldenlakk - hage og pusterom sa...

Lykke til med staudespiring!
Mine Meconopsis Lingholm (Magnarfrø og egne frø) spirte fint inne!

Torill sa...

Har du alle staudene ute? Eg trudde eg skulle ha alle staudene ute, men når eg las på frøpakkane så viste det seg at nesten ingen skulle vere ute. Så no har eg huset fullt. Håpar du får mange flotte stauder frå frøa du har fått :-)

Anonym sa...

Eg set ut alt av stauder, for eg har ikkje plass inne. Mange av dei som ellers er hardføre kan like godt spire ute, enten dei MÅ ha ein kuldeperiode eller ikkje. For meg er det mest praktisk at dei spirer ute når våren kjem, slik at eg ikkje druknar i stauder når sommarblomstene krev plassen under vekstlysa.
Herdis