Så kom vi til alpinavdelinga, som bestod av eit kunstig lite "fjell" eller fjellknaus, og eit glashus for dei mest ømtålege plantane. Knausen var rett og slett masse skiferheller sett på høgkant med litt grus eller jord mellom. Her vart det maksimalt drenert og tydelegvis heilt optimalt for mange fjellhageplantar.
Dei flotte steintraua var også skikkeleg fine. Ein ide til hypertufa-trauet mitt å sette steiheller på høgkant oppi trauet? Mange måtar å gjere det på.
Hagefolket frå Sogn og Fjordane studerer alpine vekster med stor interesse!
Glashuset.
Slike nydelege ville gladioler såg vi mange plassar desse dagane. Eg har nokre trådtynne og sjølvsådde ståande som eg håper ein dag skal bli noko liknande som dette....
Engelsk pelargonium må dei vel ha her på Wisley....
Nokre vekster er meir rare enn fine kanskje?
-og nokre er som den sjuande far i huset: denne hjortebregna skulle visst vere over hundre år!
Trebregner er og blir fantastisk flotte og gir ein følelse av noko nesten trolsk. Tenker på Tyrannosaurus rex og kameratane hans, dei beita vel på sånne eller...?
Flott asiatisk paviljong ved den store dammen.
Eksempel på tørketålande plantar med ulike fargar og former planta i lag i eit mønster.
Ååååh - inngangen til plantesenteret! Her var det bare-se-men ikke-røre som gjaldt, så vi greide å la være å gå inn. Heldigvis hadde dei som trøst for oss nordmenn plassert nokre urner med utsøkt beplantning rett utanfor. Dei måtte avbildast: ein slags vortemelk i lag med "svart gras", hugsar kkje navnet nå.
Heuchera, ei søt lita furu og noko sedum med sølvgrå blad. Så fint mot den grå betongen i krukka!
Berre eit blomstereng rett og slett.
Ser ut til at det blir ein Wisley del III også...(puuuh!)