søndag 24. oktober 2010

Lopud, alt det andre - del III

Da vi landa med flyet frå Flesland om kvelden den 9. oktober var det alt mørkt, og den siste avgangen for rutebåten Postira var vi for seine til. Via Lopudreiser hadde vi bestilt oss ekstra båtskyss ut til øya, og det fungerte fint. I lag med ein diger gjeng med bergensarar som skulle ut og drive med turorientering vart vi først kjørt med minibuss til havna, som heiter Gruz. Der venta det eit slags sjørøverskip på oss. Det var ein ganske stor, men åpen trebåt som nok blir brukt til sightseeing i området der vanlegvis. Litt kaldt var det på tur utover, men det gjekk bra. Det var bekmørkt, og vi sat og kjende havlukta i nesa og såg månen speile seg i vatnet og venta spent på å kome fram dit vi skulle.

Her er eit kart over denne 4,6 km2 store øya ein 50-minutts båttur unna Dubrovnik.

Rutebåten Postira har fire avgangar kvar dag, frå og til Lopud. Den går også til dei andre to øyene. Ekssjømannen vår meinte først at den måtte vere frå 40-talet, å dømme etter byggemåten. Den er nemleg klinka, og ikkje sveisa, og det skal visst i følge han vere ein urgamal måte å lage båtar på. Etterpå undersøkte han litt på nettet, og fann ut at den nok er frå 60-talet. Det stemte bra med stilen på interiøret, som nok ikkje har blitt modernisert særleg mykje. Postira er ein holk av ein båt, men med stor sjarm!
Nå er det mykje furuskog og pinjeskog på Lopud, men for ikkje meir enn 70 år sidan var heile Lopud oppdyrka. Jordsmonnet høver godt for sitrusfrukter, og det har vore dyrka vindruer og oliven og mykje anna. Sauehald var også ei veldig viktig næring.
Det er funne mange spor etter grekarar og romarar, men på 900-talet kom Kroatane og busette seg der. Ein har funne restar av fire kroatiske kyrkjer, som er av dei aller eldste, men det skal vere over tretti kyrkjer og kapell til saman. Frå 1100 vart øya ein del av republikken Dubrovnik, og på 15-1600-talet var det verkeleg gode tider. Da blomstra sjøfart og handel, og dominikanarmunkar og fransiskanarmunkar sørga for at barna lærte å lese og skrive, og ellers fekk utdanning på høgt nivå. Det vart også undervist i navigasjon, slik at sjømennene frå Lopud var godt rusta for turane sine, mellom anna heilt til Amerika. Øya hadde på det meste ein flåte på 80 skip, som bisto Dubrovnik i både krig og fred. Det vart bygd herregardar og palass på øya, og det budde om lag 2000 menneske der på det meste. Nå er det dessverre berre 200 fastbuande, og å snakke med dei som bur der er som å snakke med ein nordmann frå eit utkantbygd. Det er bekymring over låge elevtal på skulen, og over at det snart berre er pensjonistar igjen..... Men om sommaren endrar dette seg, og øya blir besøkt av alle slags turistar. Det er tydeleg at nordmenn har oppdaga øya, og ikkje minst tyskarane. Andre nasjonalitetar var det berre nokre av da vi var der i alle fall. Veldig mange av dei som bur og jobbar der er gode i tysk.


Av dei tidlegare verkeleg store attraksjonane kan eg nevne Dordic-Mayneriparken grunnlagt i 1875, som er ein slags botanisk hage opprinneleg bygd av ein rik familie, i tilknytning til eit av palassa. Her vart det planta eksotiske plantar og tre frå heile verda, og det blir sagt at to av dei enorme furutrea her er dei største i Europa. Eg tok også bilde at eit Magnoliatre av ein viss størrelse. Det heiter magnolia acuminata.

Det var også ein dam med gullfisk der, og vi gjekk sikkert rett forbi mange andre spennande ting. Parken skal vere under rehabilitering, og eg håpar at det kjem meir skilt og informasjon etter kvart. Historia er i alle fall spennande.
Av andre og meir moderne attraksjonar, kan eg nevne Your Black Horizon.


Parken var stengt da vi var der, så eg veit i grunnen ikkje så mykje meir enn det eg har lese meg til etterpå. Paviljongen er laga av kunstnaren Olafur Eliasson og arkitekten David Adjaye , og skal ha noko med det spesielle lyset på Lopud å gjere. Eg har i grunnen ikkje greie på sånt,. så det er sikkert veldig flott og bra. Spesielt i alle fall...

Eg likte betre å vandre rundt på øya og jakte på orienteringspostar, og "oppdage" alle dei utruleg spennande historiske minnesmerka som du snublar over alle stader. Som dette vesle kapellet ved vegen til badestranda Sunj.


Det var spennande plante- og dyreliv også. Vi syntes i alle fall det var kjempeartig å sjå denne firfisla kikke fram i muren langs vegen, og helse på den litt større fetteren hans som nok budde på verandaen utanfor den største leiligheta vår. Han dukka i alle fall opp to gonger på same plass, og skvatt nok like mykje som oss kvar gong!
Det er synd at så mange av dei eldgamle historiske minnesmerka står og forfell, som dei gamle kyrkjene for eksempel. Det gjeld også det flotte, gamle funkishotellet Grand Hotel frå 1936, ved strandpromenaden. Det blir hevda å vere det første hotellet ved Middelhavet som er bygd i betong, og skal vere utforma som eit skip med dekk og lugarar, og hagen framfor skal illudere havet. Det er visst verna, men eigaren har truleg ikkje pengar til å restaurere det. Det skal i følge vertinna vår ha vore eit vidunderleg flott hotell i si tid, men det ypperste av alle fasilitetar og luksus du kan tenke deg. Nå ser det rett og slett forferdeleg ut, men når ein tenker på at det er frå 30-talet og ikkje frå 70-talet blir det ganske spesielt. Dei høge palmene framfor hotellet skal viss vere av dei største i søraust-europa. (Det er teikna av arkitekten Nikola Dobrovic)
Ein liten kuriositet til slutt: far min fann denne boka på eit bord i spisesalen på eit av hotella som er i drift, ein dag vi åt frokost der. Forfattaren er den tidlegare redaktøren i den vesle lokalavisa Fjordingen i Stryn, nabokommunen vår der foreldra mine bur, og boka er på nynorsk!

Da blir det ikkje meir Lopud-stoff frå meg på ei stund. Denne øya gjorde eit sterkt inntrykk på meg, og eg synest det har vore interessant å skrive litt om den, både fordi ein i skriveprosessen finn ut ting en ikkje visste frå før, og fordi det kanskje er spennande for andre også å lese om det. Vi er i alle fall inne på tanken om å reise dit igjen i juni, og da kan det nok kome meir Lopudstoff i bloggen....;-

2 kommentarer:

Berit sa...

Ser ut til å være et spennende reisemål! Men så var det flyskrekken til gemalen, da...

Herdis sa...

Å, så synd at han har flyskrekk. Søstra mi og familien har ofte kjørt nedover, for ho har og flyskrekk. Det er ganske langt da, men om det er det einaste alternativet så... Hadde unt deg å oppleve dette, utruleg sjarmerande og frodig øy:)