torsdag 21. oktober 2010

Lopud sin vakre natur og planteliv - del II

I dette innlegget konsentrerer eg meg om det som veks på øya Lopud, både i naturen og innanfor hagegjerda. Nokre stader er overgangen flytande, noko som gjer det ekstra spennande. Eg har ikkje hatt navn å kome med sjølv, men har fått hjelp med dette av hagebloggvennen min Orchis, busett i Portugal og av den grunn ekspert på plantar som veks på sørlege breddegrader.

Jordsmonnet på øya skal vere kalkrik sandjord, og det har vore dreve aktivt jordbruk der tidlegare. Eg har lese at heile øya var oppdyrka ein gong. Kanskje i storhetstida på 15 - 16-hundretalet, for da skal det har budd om lag 2000 personar på Lopud. Det er visst det meste som har vore der, og da kan ein forstå at det trengtes ein del mat! Ellers spurte eg husvertane våre litt om tilgang på vatn, og dei sa at drikkevatnet i dag kjem frå Dubrovnik i vassledningar på havbotnen. Alle dei tre øyene som høyrer til "Elaphiti-øyene" får vatnet sitt via same rørledning. Vår husvertar har i tillegg eiga sisterne med massevis av tusen liter oppsamla regnvatn. Det blir først og fremst brukt til vatning om sommaren, og det kan sikkert trengs, for da er det varmt og tørt.


Langs dei mange stiane og vegane rundt på øya veks det mykje forskjellig. Vi var der altså i oktober, og det var noko nedbør innimellom som kanskje lokka fram plantar som har venta på haustregnet. Eg såg små, gule krokus i fullt flor i ein skråning i ein kjøkkenhage, men dei kan vere planta. Den ørvesle laukplanta du ser under såg derimot aldeles "vill" ut, der den vaks langs ein litt attgrodd sti på nordvestsida av øya. Det er truleg muscari parviflorum.


Ei anna plante som veks vilt, er cyclamen, eller alpefiol i miniutgåve. Dei er så yndige der dei står:

Ofte når vi gjekk tur kjende vi skyer av ulike slags sterke lukter, nokre veldig gode, og nokre ikkje fullt så gode.... Etter kvart greide eg å identifisere klatreplanta under, som ein av leverandørane av godlukt. Nydeleg, men ubestemmeleg. Kunne minne litt om kaprifol, og litt om liljekonvall, men ikkje akkurat slik. Den var i alle fall frodig og grønn, med pene blanke blad som kan skimtast på bildet, og slike små, lysegule blomsterklaser. (Mykje tyder på at dette er smilax aspera som får raude bær, sjå lenger ned).

Veldig mange plassar gjekk vi og tråkka på desse, som låg og råtna på stien:

Det er synd å seie at dei lukta godt! Guttungen er tydelegvis son av eit hagemenneske, for han sa: "Æsj, det luktar kompost!" Ja, det var akkurat det det gjorde, sur kompost. Eg vart nysgjerrig på kva dette er for slags frukter, og kvifor dei veks absolutt alle plassar. Er dei planta? Kan ein bruke desse digre belgene til noko? Hugsar at aller første gongen eg såg slike på bakken var i Spania. Kva slags blad som høyrer til er eg usikker på, men eg tok altså bilde av blada for å kunne identifisere planta... Da blir dette ein liten spørjekonkurranse for dei sydenplantekunnige! Er det blada under som høyrer saman med belgene, eller er det blada på neste bilde??
(Det viser seg at blada under er blad av fiken, eller ficus på lat.)

Orchis kunne opplyse om at det er desse (under) som er blada til planta med dei store "erte"-belgane. Treet heiter ceratonia siliqua på latin, eller Johannesbrødtre, og han fortel at frøa inne i belgane stort sett veg akkurat det same, og har vore brukt til å avgjere vekta av gull, karat. Det er der navnet kjem frå. Ellers blir dei mellom anna brukt til dyrefor (ikkje lenger på Lopud da), kosmetikk og sjokolade.

Vi såg også ein del busker med bær på, og sjølv om eg ikkje veit kva det er, så er dei uansett pene! Orchis foreslår at planta under er viburnum tinus, noko som verkar ganske rett ut frå googlesøk. Viburnum heiter Krossved på norsk, og det finst mange sortar. Denne blir visst også brukt som hageplante hos oss.

Bæra under veks på ein busk som heiter arbutus unedo, eller Jordbærtre. Fruktene skal vere etande om dei er heilt raude og mjuke blir det sagt. Hmm, skal smake neste gong eg får ein sjanse!

Planta under er smilax aspera, som er ei klatreplante med tornar, og som lagar tette buskas som fuglar og smådyr kan gøyme seg i. Den har hjerteforma blad, og dermed fekk eg vite kva slags blad guten min plukka frå bakken og ga mor si både titt og ofte! Dei har fin hjerteform, men var av og til litt våte og skitne. Det kunne eg jo ikkje la meg merke med, når eg fekk eit hjerte i gave!
Vi var på "fjelltur" og ein dag. Toppen heiter Kastio, og er om lag 200 m over havet. Den ligg rett opp for sentrum, og det er ein gamal borgruin der oppe. Inni den var det masse lort som såg ut som sauelort, utan at vi såg ein einaste sau. Det såg vi derimot nede i sentrum på eit inngjerda beite....

Slike lammeøreliknande planter som den under voks det mykje av på og rundt ruinen. Dei var veldig flotte, og eg sikra meg sjølvsagt frø av den. Klimaet på Eid er muligens litt feil for akkurat denne planta, men det går an å prøve;-)

Her ser du "lammeøre-lookalike" på gamal borgruin, med Adriaterhavet i bakgrunnen. Landet vi ser på den andre sida veit eg faktisk ikkje om er fastlandet, eller ei av dei andre to naboøyene.

Her er enda ei viltveksande plante. Den voks konsekvent ut av sprekkar i mur, såg det ut til...

Nede mellom hus og frodige hagar voks det andre ting. Denne er det vel mange som kjenner igjen. Eg har aldri dyrka den sjølv, men meiner dette er ipomoea. Ein plass der det stod tomt, hadde den overteke ein heil hage, og snodde seg malerisk gjennom åpningane i ei gamal og halvt nedramla tredør. Nydeleg farge!
Eg fekk inntrykk av at alle hus hadde hage, og ikkje minst kjøkkenhage. Folk dyrka masse grønnsaker, og husvertane våre hadde ein liten potetåker mellom anna. Vi såg også rosenkål, og mykje anna som eg ikkje hugsar nå. Husvertane våre hadde mellom anna sitron-, lime- og granatepletre. Under ser du sitrontreet ved porten vår:
Ved pergolaen på uteplassen voks det fleire plantar med chili. Dei var litt spesielle, og med ein fantastisk, lysande raudoransje farge som eg vart heilt fasinert av. Eg hadde tenkt å spørje pent om eg kunne få ei frukt for å prøve å så frø av den heime, men eg gløymte det.
Det eg ikkje spurte om lov til, var å ta frø av ei stor, flott basilikumplante som voks rett ved trappa opp til leilighetene våre. Blada på den verka meir robuste enn på den basilikumen vi får kjøpt som butikkplanter her. Den var ganske høg også, og lukta heilt fantastisk! Tok dessverre ikkje bilde av den. Den hadde mange modne frøstandar, og dei tenkte eg ikkje ville merkast om eg tok nokre av. Eg har alt sådd nokre få frø av den for å sjå om dei var spiredyktige, og etter to dagar har fem av sju frø spirt! Gleder meg til å sjå korleis dein oppfører seg, men ventar til etter jul med å så meir. Litt feil årstid nå.

Ellers veks det oliventre absolutt over alt, nokre på plassar der det ser kultivert og stelt ut, og andre der det ser meir viltveksande ut.

Til slutt eit fyrverkeri av ein beplantning. Eg hugsar ikkje kva denne planta heiter i farten, men det er det sikkert mange andre som gjer. Gje meg gjerne ei tilbakemelding i form av ein kommentar;-)
Navnet er lantana camara, seier Orchis. Den blir visst også kalt Vandreblomst på norsk, og kan brukast som potteplante.
Da har eg lært mykje nytt, og førebur eit nytt Lopudinnlegg, som skal handle om historie.

4 kommentarer:

orchis sa...

Moro å lese din reiseskildring, og se de nydelige bildene.

Den lille blå løkplanta tror jeg er en Muscari parviflorum.
De brune, kompostluktende fruktene tilhører Ceratonia siliqua, johannesbrødtre. Fruktene er nyttige som dyrefor, i kosmetikk, i matvarer, som "falsk" sjokolade m.m... De er svært næringsrike. Selges ofte i helsekostbutikker under navnet karob. Bladene dens er de skinnende blanke på det andre bildet. Det første er fikenblader. Frøene til Ceratonia er forbausende like i vekt og ble engang i historien benyttet som gullvekt - karat. Treets latinske navn er avledet av ordet karat.
De blå bærene gjetter jeg tilhører Viburnum tinus. De røde, rynkete bærene er Arbutus unedo. De røde på neste bilde ligner Smilax aspera. De hvite velduftende blomstene på 4. bildet i innlegget ditt tilhører kanskje den?
Aller sist er Lantana camara.

Herdis sa...

Tusen takk for god hjelp, Orchis! Eg hadde nok eit håp om at du kom meg til unnsetning. Det er interessant å vite navnet på ting ein ser, skal lage ei fotnote under blogginnlegget. Tenk at fiken vekse tilsynelatande vilt, du.....

orchis sa...

Hyggelig å kunne hjelpe.
Ja, fiken vokser vilt rundt hele Middelhavet og her i Portugal. Det antas at treet opprinnelig kommer fra Vest-Asia, men det har vært dyrket i så mange tusen år i disse strøk at det anses som en del av floraen.
Jeg undrer meg enda litt over hva den lodne planten kan være. Kanskje en Phlomis eller Verbascum? Vanskelig å se. Noen andre kjenner kanskje den igjen.
Ha en flott dag og god helg.

Herdis sa...

Eg sa eg skulle lage fotnote, men det vart visst meir enn det. Viltveksande fiken er fasinerande! Den lodne planta hadde kanskje vore lettare å identifisere om eg hadde fått knipsa blomstene, men dei var visne for lenge sia. Vi lurer faktisk på å ta ein ny tur i juni, så kanskje eg greier det da.

Ønsker deg også ei flott helg! truleg blir den snøfri, noko vi ikkje kan reikne med. Her er det nå plutseleg full vinter og adventsstemning...