fredag 24. juli 2015

Kald juli, men det blomstrar likevel

Denne kjøpte eg på hagefestivalen på Dokka i Oppland i juni i fjor. Hugsar ikkje kva den heiter i farten, men den er søt og sneglene likar den visst ikkje. Det er ganske avgjerande her hos meg, for her kryr det.... Kan vere ein erigeron, eller bakkestjerne? Trur det var ein gamal sort uten sortsnavn. 
Fjorårets anlegging av eit cottage-garden-bed bak garasjen har gitt bra resultat. Må nok finjustere litt når det gjeld plassering av ting. Høge, lågare, kven legg seg ned, kven blomstrar når, kven er fine i lag og kven øydelegg for kvarandre osv. Komplisert er det, men eg må prøve meg fram trur eg. Er ein del toårige plantar her, og det betyr at eg må kome inn i eit system med å så kvart år for å ha dei i blomst heile tida. I dette bedet har eg mellom anna alchemilla mollis (stormarikåpe), linaria purpurea, lychnis coronaria, dianthus barbatus (busknellik), digitalis purpurea (vanleg revebjelle), digitalis purpurea 'Apricot delight', nokre iris som eg ikkje hugsar navnet på, geranium phaeum (mørk og kvit), polemonium (fjellflokk, blå og kvit), geranium albanum (geranium, rosa),  euphorbia dulcis 'Chameleon' og fleire andre. 

Linaria purpurea. Flotte, og flinke til å så seg sjølv.
Endeleg i gang med å få vekk meir av plenen!

Ingen kommentarer: