Klematisen Hagley Hybrid. denne har eg hatt i mange år, og den brukar å vere først ute med blomstringa. I år er den liten og puslete, og var slått av ein anna klematis som kjem lengre ned i innlegget.... Dette er uansett ein villig og frodig klematis som eg kan anbefale på det varmaste.
lychnis coronaria, toårig, finst også i kvit og lys rosa men denne cerisefarga er den mest vanlege trur eg. Sjølvsår seg litt men det er berre fint!Dette er ein japansk lønn som heiter Orange Dream. Acer palmatum. I år har den auka bra i størrelse, og det er eg veldig glad for, for eg ser den frå kjøkkenvinduet og den rett og slett gløder der den står! Eg er også veldig glad i orange....
Denne klematisen er eg litt usikker på kva heiter, men trur det er Piilu. I år hadde den to-tre veldig fylte blomster aller først. Det er blomster på fjorårsskudd. Dei som kjem seinare er frå årets skudd, og er enkle. Ikkje verst!
Dette er kongslys, eller verbascum nigrum. Desse frør seg litt, og eg har hatt dei i mange år. Dei er lette å luke vekk, men treng stor plass da rosettane blir digre. Desse likar eg godt. Dei er stilige og ranke og held seg oppreiste og fine uten støtte.
Ein liten ukjent geranium som eg trur må kome frå ei generøs hagedame på Stårheim. Eg fekk den med heim etter Eid hagelag sin basar i vår, og vart overraska da denne nydelege vesle rosa blomsten titta fram.
Klematis Etoile Violet, og årets suverene vinnar av klematiskonkurransen. Den kom tidleg i blomst, og er overveldande diger, men dobbelt så store blomster som dei andre. Den er i slag i år, og håper den gjentek oppvisninga neste år også. Men da skal eg prøve å beskjære dei litt, og ikkje berre la dei gjere som dei vil...
prydsvinerot, eller stachys grandiflora. Den sprer seg sakte, den tåler tørke og regn, den har fint bladverk, den er så tett at den held ugraset unna og den blomstrar forholdsvis lenge og på dei tid da mykje anna er ferdig. Og den har ein fin lillafarge. glad i denne.
Dette er ei prydbuske, nemleg sambucus nigra Black Lace. Den finaste hyllen eg veit. Håper eg får behalde den lenge .
Her er ein litt unnselig peon som eg trur kom som poderot til ein trepeon. Trepeonen døde, men opp kom denne. I år er den fantastisk, og dankar ut dei andre som er fylte og legg seg overende og ligg og blomstrar. Eg er også svak for enkle blomster, så da så.
lychnis chalcedonica, kvit. Sjølvsådd for nokre år sidan. Står heldigvis ein igjen i rotebedet, dei andre har eg gitt bort og eller dei har krepert av vanstell:-(
Her er ein nattlys, eller oenothera speciosa. Den redda eg ut av eit villniss i fjor, og ville prøve å berge den frå kvelningsdøden. Det har eg fått til, og nå skal den få vekse og legge på seg . Er glad i den fine gule fargen som er så fin i lag med dei raude knuppane.
Her er ein hosta som sneglane ikkje rører! Den heiter El Ninjo, og nedstammar truleg frå Halycon. Den har eg også, og den er av dei eg er mest glad i. Herlege planter.
Ja da, dette er vågalt, eg veit det. Snart har krypfredløsen teke over heile bedet. Eg må berre la den få lov til å briljere litt til før eg tek den vekk. Flott!
Ein sjølvsådd primula frå frø feg fekk på Hagegaltreffet i Kristiansand i 2011trur eg. Den heiter primula (hugsar ikkje nå, må sjekke)
Dette er ei herleg staude som heiter gillenia trifoliata.
Her er ein stikling eg tok av ein flott gyllengulgrønn busk for eit par år sia. Den har overlevd i potte, heldigvis! Blærespirea. Physocarpus opulifolius. Trur det er Darts Gold. må finne ein fin plass til den i eit bed snart.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar