torsdag 4. september 2008

Første notat i ny-dagboka


Dette er ei vidareføring av hagedagboka eg har hatt på nettstaden hagegal.no eit par år nå. Eg har blitt heilt avhengig av å skrive om opplevingane mine i hagen, og med plantar og hage i utvida forstand - i skikkeleg utvida forstand handlar haging om livet, og å leve.....(saknar ein høveleg smiley her....)

Eg er nok også temmeleg avhengig av å følge med på andre sine hagedagbøker, og få kommentarar frå likesinna på opp- og nedturar i den grønne delen av tilværet.... (og litt til) Uansett: eg startar skrivinga i den nye dagboka med håp og tru på at det trivelege nettverket av hagedagbokskrivande hagegale ikkje forsvinn, det endrar berre fasong!

Ha ein fin haustkveld alle saman! (saknar igjen ein høveleg smiley: gruppeklem!!!)

5 kommentarer:

Villrose sa...

Se, der var du igjen. Driver selv og knoter til en blogg - noe mer styr en i hagedagboka, men.

Marit sa...

Så flott at du har fått deg en egen blogg, cherie! Vi mennesker er noen vanedyr, og vi liker ikke forandringer som kommer brått på ;)
Men vi får gi dette bloggopplegget en fair sjanse, og se det an. Det kan jo hende vi kan like dette også? :)

Torill sa...

Driver selv å tester ut bloggen...Men tror at det blir bra,bare vi får"vent" oss til det....

Herdis sa...

Åååååå - så koseleg!! Takk for hyggelege kommentarar jenter. Jo da, vi finn nok ut av det. Berre flest muleg velger å gå over på blogg nå, så vi ikkje mister det hyggelege "miljøet" vårt!

Mariann S sa...

Gratulerer med ny blogg.
No har eg og laga meg en,
spennandes ditta her :-)