
I dag har eg potta dei siste hippeastrum-laukane. Nå har eg ein skatt på planterommet! De ser berre ein del av dei på bilda, har vel om lag 21 blomstringsklare, men sikkert like mange som er for små enda. Der har eg ein jobb å gjere snart: bør potte om og stelle litt med smålaukane. Det gjeld og frøplanter av clivia som har stått der i såpottene sine eit år snart

. Dei lever i alle fall, det er det viktigaste. Det vil seie alle unntatt dei utan striper.... Dei viser seg å dø etter å ha sett veldig friske og fine ut lenge. Har lese at det er fordi dei manglar evne til å danne klorofyll, fordi dei er albinoar med heilt bleike blad. Når så næringa i det relativt store cliviafrøet er brukt opp, er det kroken på døra dessverre. Døden ventar....

. Eg har ein plante med striper etter alle frøa eg sådde i fjor vinter. Den har altså mørkare striper med normal fungering, og greier å halde liv i seg sjølv om den veks litt seinare enn dei med heilgrønne blad. Ja ja. Da har eg plass til fleire....
Var forresten på tur i skogen i dag i lag med fire småkarar mellom 4 og 6. Det var godt å vere ute, er mildt og fint her nå. Litt vind var det, men fint likevel. Da vi kom heim fekk eg lurt meg ned i kjelleren og vaska potter ei stund. Eg har uendeleg mange, og i sommar har dei havna i ein stor, stygg rotehaug utafor kjellerdøra!

. Eg har grudd meg for å gå laus på kaoset, men NÅ er eg i gang. Eg har også samla saman aluminiumsbretta mine, som det er plass til mange 7.cm.firkantpotter på. Dei er eg så glad for at eg kjøpte. Fann dei på ein butikk i Førde der dei sel kontorutstyr og cateringutstyr av alle slag. Bretta er nok bereikna på frakting av mat i store mengder, derfor er dei konstruert sånn at dei ikkje mister fasongen og plutseleg veltar innhaldet ut under bæring f.eks. Genialt for tung last av potter.
Eg ser for meg ein såsesong-start rett over jul med berre reine potter og brett, nytt planterom og ryddig uteområde.....

Skal bli flinkare til å rydde heretter, eg lovar det!

Håper ellers alle får ein fin søndagskveld, og fortsatt fin farsdag!