Har denne helga henta eit hengarlass med den finaste, svarte og formulda hestemøkk du kan tenke deg. Eg hadde fått lovnad på møkk hos ei eg kjenner i Hennebygda, og fekk i går med meg mannen på den betingelsen at han skulle sleppe å ha nærkontakt med materien. Han stilte opp som sjåfør, løftemannskap og sekkeleverandør (sekker bereikna på brukte ventilasjonsfilter er perfekte til å frakte møkk i!) Møkka var truleg eit år gamal, og hadde vore oppbevart under tak. Eg fekk også med meg ein sekk med hønemøkk. Den er fersk, og bør vel brukast med måte, da den sikkert er sterk? Hestemøkka var luktaus omtrent, og hadde same konsistens som sånn kukompost du kjøper i sekker. Nå skal det da bli fart på grønnsaksdyrkinga mi tenker eg!
Ellers har eg endeleg fått somla meg til å plante om agurkplantene mine, og ei av tomatplantene. Mannen min monterte eit lysrør under det dørbladet eg har som benk på eine veggen i planterommet. Nå blir det lys i to etasjer der inne, og plass til litt meir. Eg slit med plassmangel for tida, og blir nesten motlaus over kor mange slag sommarblomster og grønnsaker eg hadde tenkt å forkultivere, men som eg ikkje har plass til! I morra må eg få tak i rør, og så er det klart for ompotting av dei siste tomatane også. Agurkplantene mine er ganske små, for dei har stått for lenge i 7 cm. potter, likevel blomstrar dei! Nå skal dei få betre stell, eg lovar.
I dag har eg endeleg byrja på den møysommeleg prosessen å spa opp, dele, flytte og ikkje minst
SORTERE stauder! Med sortere meiner eg ta stilling til kven som skal stå i lag, kva som blir fint, kva som blomstrar når og med kva slags farge etc. Til nå har eg berre stappa ting i jorda for å sjå korleis dei vart..... Å du og du for ein jobb for meg som ikkje er så planmessig av meg, og som likar alle slags plantar i alle slags fargar... Må vere enklare for dei som konsekvent ikkje skaffar seg noko anna enn rosa/burgunder/kvitt, og resolutt lar alt gult og orange vandre til det hinsidige (=komposten). (eeehhhhm; eg dristar meg også til å seie: kjedelegare......hysssj...).
Det eg gjekk laus på aller først var to store røtter med hagemarikåpe (Alchemilla mollis). Alt i fjor såg eg at dei var nær ved å kvele den eine peonen min. Peon likar ikkje andre vekster over seg. Røttene var store, og begge vart delt i fire med sag! Eg planta fem langs den komande hagegangen min, under rododendronen. Dei tre siste også langs hagegangen, men litt lenger bort. Det løsna også fleire rosettar med rotanlegg, og dei planta eg i potter til bruk på planteloppemarknaden til hagelaget. Dette er i alle fall ei plante eg ville ønska meg til hagen min om eg hadde ny hage, eller berre ikkje hadde den frå før. Fortrenger elegant skvallerkål og innpåslitne grasrøtter!
Eg har også starta anlegginga av eit "kvitt bed" under syrinen, i den våte delen av hagen. Hit flytta eg nokre kvite kuleprimula (Primula denticulata), to kvite japanprimula (Primula japonica), ein hosta med kvite kantar på blada (vart delt, viste seg at den var direkte enorm under jorda, kjemperot!!), ein nusseleg sak som eg trur heiter "knollhestehavre"?? (
Arrhenatherum bulbosum variegatum). Den skal like skygge, men eg er usikker på kor fuktig den vil ha det. Vel, vi får sjå. Det går som oftast betre enn ein trur, mange planter som har ord på seg for å ville ha det slik eller slik, kan også klare seg fint om dei ikkje har det heilt optimalt. Så gauv eg laus på ein sjølvsådd fjellflokk (Polemonium). Den stod håplaus feilplassert i fjor sommar, men blomstra og blomstra og blomstra så fint! Eg orka ikkje gå laus på det stoooore puslespelet da, så nå tok eg altså sjansen på å spa den opp sjølv om den stod med knuppar. Da ser eg i det minste forskjell på dei blå og dei kvite, for eg ville ha berre kvite i det kvite bedet mitt sjølvsagt! Følte meg ein smule brutal, for den var slett ikkje lett å dele på ein "human" måte. Til slutt fekk eg laus tre kvite og sette i det som sagt fuktige bedet. At eg innbiller meg at Fjellflokk vil ha det litt tørt lot eg som eg gløymte. Den blir fin der, om den berre ikkje tok skade av herjinga mi i dag. Dei "kvite duppene" skal også dit, men den tør eg ikkje røre før den er avblomstra. Nå står den så fin i ein ventekarm og blomstrar. Søt!
Så kom eg på at eg skal flytte Brunnera "Looking glass" ned dit, Den blir nå litt svidd av sola der den står, og eg ser for meg at den blir kjempefin med reint kvite-og-grønne omgivnader. Dessverre trur eg nok at eg får litt lappeteppe-effekt i dette bedet også, som vanleg. Trur nå eg har forstått at fleire plantar av same sort er lurt.... men det er så vanskeleg å velge vekk nokon!! Plasskrevande å vere estetikar dessverre.
Eg har også omnsider fått dekt med aviser under den tredje søtmispelen oppe ved kjøkkenhagen, og dekt med bork. Nå ser det ryddig og fint ut, og eg håper veldig at dei skyt i været i år. Dei skal bli 2-3 meter står det på lappen, men til nå har dei berre kome seg om lag ein meter over bakken. Dei står rett nok på ein litt skrinn plass, men eg trur ikkje dette er busker som stiller så store krav. Den som har stått med kveke heilt innpå seg var uansett minst, men han fekk ei nistepakke av hestemøkk med seg under avisdekket. Sommaren 2009 kan berre kome.
Neste punkt på "hastelista" er å ordne kjøkkenhagen, og så grave ned slange så eg får vatna der oppe. Det er ein stooor jobb, for eg skal grave opp ein del torv, få ned møkka, og lage gangar med aviser/bork. Heldigvis er det meldt fint vær uti veka. Berre så fortærande med 17. mai midt oppi alt saman, og så ein søndag!
Uansett: ønsker dei få som har orka å lese heilt hit ei flott veke...