
I dag oppdaga eg at ein navnlaus iris kjøpt frå nautesund for to år sidan endeleg blomstrar: søt er den da? Gjer ikkje så veldig mykje av seg der den står, men er sart og vakker på sitt vis.
Tok inn ein bukett med nyutsprungne syrinar i dag. Det er av dei gamle, blålilla og kjem frå hagen til farmora mi. Koseleg lukt, som gir masse minner frå barndommen. Har tenkt på om eg også skal prøve å få tak ei eit rotskudd av ein kvit, gamaldags syrin frå Hadeland der mormora mi budde. Det hadde vore artig med ein frå kvar av bestemødrene sitt område. Syrin fanst jo i alle hagar før i tida, og eg tenker meg at den var noko alle jenter, damer og husmødre på landsbygda hadde eit forhold til. Syrinduft og forsommar, ahhhh! 


3 kommentarer:
Vakre Iris du har fått til å blomstre, verre med sneglen som jeg nok ville tatt for en Iberia.
De følger ofte med planter som tas inn i hagen.
Syriner er vakre og dufter vidunderlig. Lett å ta rotskudd av er de også, gammeldagse syriner fra slekta er kjekt å kunne føre videre.
Ha en fin hagehelg!
Er dessverre en slemming, ja :-(
Men irisen er nydelig!
OK, da er dei altså eit faktum i hagen min.... Fram med saksa! grrrr
Legg inn en kommentar