
Eg har planar om å feire nyttår heime med familien i ro og fred, og har liggande nokre filmar om det skulle bli bruk for litt anna underhaldning enn den som er på fjernsynet. Veslegutten må vel legge seg, og dei store forsvinn nok ut av huset så fort ribba er fortært.
Ute er det lett regn i dag, men det hindrar vel ikkje ungane i å ville gå nyttårsbukk. Det er tradisjon her, meir enn julebukk som eg er vant med frå Valdres. Julebukk går du i romjula, nyttårsbukk er på nyttårsaften. Minstemann har ein avtale om å gå med ei nabojente, det er vel ikkje lenge til dei er klar. Kanskje det bør bli mørkt først.
Dette har vore eit roleg år utan så mykje dramatikk. Nå kjenner eg at eg er klar for nye utfordringar, og er spent på kva det nye året kjem til å by på. Eg har ingen planar eller idear om kva eg kjem til å gjere eller sette i gang med, SÅ sjølvsikker er eg ikkje.... Eller så sikker på kor mykje energi eg greier å hoste opp. Drivhus er for eksempel eit stort ønske, men eg orkar ikkje kjempe for å få det realisert. Det må liksom legge seg til rette, om de forstår kva eg meiner. Det som står på agendaen er å RYDDE HUS OG HAGE!!!!!!!!

I følge ei Feng Shui-bok eg hadde med på ferie nyleg skal alt det gode i livet berre poppe opp av seg sjølv om du RYDDAR HUSET DITT. Kast, gi bort og vask..... da er lykken sikra.

Nå har eg innsett at noko er det i det. Her ligg det mykje gruff lagra i krokane, og nå skal det vekk. Kjenner berre kor mykje energi det ga å male stua i vinter. Hmmm - skal ta høgde for at eg igjen tek munnen litt full, og legg ut om planar som kanskje ikkje blir gjennomført så entusiastisk og kraftfullt som eg hadde tenkt. Det får så være. Nytt år gir nye muligheter - og nye krefter?
Ønsker uansett alle mine gode hagevenner eit kjempefint nytt år i 2009!

PS.Nyttårsbukkane: