torsdag 2. oktober 2008

Granplanting og begravelse

Eg skal ikkje i begravelse altså, men dei to store gutta mine er i begravelsen til farfaren sin i dag. Han har vore ufør av MS i mange år, og kunne nesten ikkje snakke på slutten. Likevel trist når det er over. Eg har planta ei kjeglegran i dag, og kjem sikkert til å forbinde den med han Rolf heretter. Den står i bakken bak rhododendronbedet, og representerer eit "skritt" videre oppover grasbakken....... Må snart anlegge gangsti tvers over bedet, for nå er det ganske stort. Været er betre enn annonsert, men eg vil nå gjerne ha litt regn eg nå. Har planta masse i det siste, og det er fortsatt rimeleg tørt i jorda.

Ellers driv eg med den faste haustaktiviteten min: panikkplanting! Nå hadde eg greid å fortrenge at eg ventar Jensen-pakke også, du store min korleis skal det gå! Skal ta ein tur til ei venninne i dag og prøve å bli kvitt litt av overskuddet. Har litt bekymring for nokre relativt små av årets sjølvsådde, dei bør plantast på velegna plass før vinteren. Tenker det gamle grusbedet mitt kunne høve, og spekulerer voldsomt på kva eg kan flytte UT av det same bedet. Har så mange småtre og busker der, nokre sådde og nokre stiklingar. Eg må tenke vidare. Det er ein ting som er sikkert, og det er at til våren, da får eg den jobben med å plassere ting "på rett plass", om det er noko som heiter det da??

4 kommentarer:

RandiF sa...

Panikkplanting om høsten veit eg alt om......hehe.

Sine sa...

Panikkplanting var ordet!
I morgen skal jeg panikkplante resten.

Berit sa...

Auda! Har ikke tid til panikk enda. Søndag, kanskje. Men jeg har tatt opp potetene, 5 m2 panikkplanteplass i løs, fin jord. ;)

Herdis sa...

Der ga du meg ein fantastisk god grunn til å ha poteter, Berit!!:-)