tirsdag 14. oktober 2008

Tulipaner

Førdetur i dag, og lynrask tur innom Plantasjen for å sjå om dei hadde noko eg kan bruke til arbeids/plantebrett på planterommet. Det hadde dei ikkje. Eg kom utatt med eit par skinn hagehanskar, ei (reserve) Fiskars planteskei av raudlakkert metall og treskaft. Det er den beste eg har hatt nokon gong. Nå har eg to, så panikken kan avvergast om den andre skulle bli borte - noko som skjer av og til. Eg fekk også med meg to poser med tulipanlaukar: "Orange Breeze" (orange)og "Jan Reus" (mørk raud). Den første er fosteriana, den andre triumph, utan at eg veit kva som er skilnaden. Tenker eg plantar dei i lag, dei har same blomstringstid.

Eg er trøtt i kveld, så den planlagte filmsjåinga mi trur eg at eg droppar. Kjenner at senga skal bli god snart nå!

Ingen kommentarer: