fredag 28. november 2008

Orange Souvereign - vanleg men fin

Dette meiner eg er eit bilde av Orange Souvereign, teke i fjor. Den er ein av dei aller finaste, synest eg. Lett å ha med å gjere, stor blomst, kraftig stilk og veldig ORANGE!. Nyleg oppdaga eg eit brett med hippeastrum på Bunnpris på Moengården Vest. Dei var merka med berre Souvereign, og bildet var fiksa litt sånn at den såg meir raudaktig ut. Det er nok mange som blir skuffa når det dei trudde var ein "Red Lion-juleraud" hipp viser seg å vere strålande orange. Eg har ein frå før, og den vart også kjøpt før jul som juleblomst. Eg er glad for å ha fått ein til....

Gleder meg veldig til blomstringa byrjar her nå, men må utsette det så godt det let seg gjere i fjorten dagar framover. Når eg er tilbake frå det store utland har eg vyar om å FRÅTSE i hippeblomstring til godt over jul. Spennande om Papilioen finn det for godt å blomstre i år, forresten. Men uansett blir det bra!

3 kommentarer:

solfrid sa...

Elsker orange jeg :o)


Det blir nok en del billige rett over nyttår. Må holde meg litt i skinnet.


Ha ei god helg!

Herdis sa...

Lett å bli frista, ja. Her har det vore så kjedeleg utvalg, at eg så langt berre har kjøpt to. Over nyttår ja, da skal eg vere obs:-D

Berit sa...

Min Souvereign fra i fjor er ganske så rød. Fins det to, eller var min feilmerka?