søndag 28. juni 2009

Heroisk innsats i 28 varmegrader

OK. Da startar vi med Cephalariaen. I år er dei enorme, vil tru ein middels basketballspelar ville kjent seg litt liten ved sida av.... Dei er så fantastisk flotte! Høgt over alle dei andre blomstene svever desse små solene.... Åh - yndlingsblomsten min akkurat nå.

Så kjem bøttene med - eh, mandelpoteter?? Nei da. Slett ikkje. Dette er faktisk mine nesten 20 liter med påskeliljelauk, greve opp i går og i dag. Ja, litt snøklokker og nokre få krokus også, men hovudsakleg påskeliljer av alle slag og fargar. (Nokon som vil ha....?) Årsaken til at dei er greve opp, ser du på bilda under.



Dette området vart først laga fordi eg har ein mann som er rå med motorisert hageutstyr. Han slår, kuttar og ryddar som ein tornado berre han får bruke noko som durar. Ergo fekk jo aldri dei stakars påskeliljene mine tid til å samle næring i lauken sin før han var ute med ljåen om våren....
Dermed kom ideen å gjerde dei inne, med eit lite fletta gjerde av hasselgreiner teke i hagen her. Ideen fekk eg vel i eit eller anna hageblad, tenker eg. Dette har fungert fint, men etter blomstringa har det blitt meir og meir syregras og skvallerkål som har boltra seg innanfor "murane". Nå som vi skal til å male huset, har det kome fram eit rimeleg stort behov for meir bedplass, jamfør krisesituasjonen i austveggen omtalt i eit tidlegare blogginlegg. Dermed gauv den hagegale laus. Eg har spadd, rista rottufser reine for jord og plukka blomsterlauk til eg var besvimelsen nær i dei om lag 30 varme gradene vi har hatt. Men SJÅ NÅ!

Eg er veldig fornøgd med meg sjølv, håper følelsen sit i lenge.... Har til og med laga ein liten sti tvers over, med duk under, og flate steinar som "heller". Eg fann til og med ei STOR rund, flat helle medan eg grov, som eg har plassert på midten. Eg har også lagt tjukke lag med våte aviser rundt det vesle plommetreet ("Herman"), og så kompost oppå der igjen, samt ein liten steinkant rundt for å halde ting på plass.
Ellers er det mykje som blomstrar nå, og eg fekk teke ein fotorunde i kveld, men dei bilda legg eg nok ut i morra. Eg ventar stadig på Iris ensata, er så spent! Da blir det garantert bilder, det lovar eg. Ha ei god natt alle saman

4 kommentarer:

Signe sa...

Kjempeinnsats. Du har all grunn til å være fornøyd med deg selv :)

Iris sa...

Så flink du har vært! Det er vel bare vi hagegale som kan finne på sånne oppgaver i en sånn temperatur... ;-)

RandiF sa...

Ja sånn galskap har jo jeg lidd av også i helgen. Se bloggen min.
Jeg går nå og venter på mine Cephalaria gigantea som jeg sådde for et par-tre år siden og planta ut i fjor. Da blomstret de ikke, men nå er de på vei opp i høyden og har knopper. Gleder meg stort. :-))

Sine sa...

Wow, så flink du har vært i varmen.

Mine Cephalaria gig. blomstrer også nå. De er vidunderlige. Men må flyttes til neste år, for de ble virkelig diiiigre.