torsdag 18. juni 2009

tagging forts....

Grunna slurv frå mi side forsvann visst dei tre første spørsmåla i tagge-besvarelsen min i går. ja ja - får ta dei nå da:

Hva er du opptatt av for tiden? Hmmmm - trur eg er mest opptatt av å finne min "indre balanse". Prøver å ta meg sjølv mindre høgtideleg, og dei gode tinga i livet meir høgtideleg.... Hørtes det pretensiøst ut?? tja... Er i alle fall sant.

Hva har du på deg i dag? Dongeribukse, lillamønstrete skjorte og ballerinasko.

Hva skal du spise til middag? Å søren - i dag hadde vi restemat. Oppvarma laks frå forrige dagen, med mandelpoteter og ny kål.

Nå har eg fri i tre dagar, og er spent på været. Må prøve å få litt orden i plantekaoset ute. Skal jobbe iherdig med å kose meg, og ikkje ergre meg. Det er jo så fint ute nå! Juni er ein overjordisk vakker månad her på vestlandet. I dag kjørte eg tur/retur Stadt (Norges vestlegaste punkt), og det var som å kjøre gjennom eit fleire mil langt samanhengande blomsterbed!

Ha ein fin sommarkveld!

1 kommentar:

Haldis sa...

Du har ein fin hageblogg. Mykje fine blomster i hagen din. Må nok kikke bedre over gjerdet neste gong eg går forbi.Ha ei god helg.