
Her ser ein spor etter dagens graving, såvidt... Jammen er det ein del arbeid. Skal grave ut ei stripe som er ein meter brei, og her skal det leggast grus/duk/grus og snekrast langsgåande kant på høgre sida (øversida) av stien. Det skrår ganske kraftig, syns ikkje så godt på bildet. Under ser du utsikta frå kjøkkenvinduet, med den nyplanta kjeglegrana i bakgrunnen. I dag fekk den selskap av to buksbom ("Faulkner"), og nokre lauk av kvit perleblomst samt fem Thalia-laukar. (narciss). Eg prøver å unngå "øyer" i plenen som mannen må klippe rundt, så etter kvart må eg grave meg ned til det andre bedet, og legge tråkkheller der det nå er ei stripe med gras.
Ellers: bilde av malurten "Powis Castle" med tagetes "Favourite Red" framfor. Ja, eg likar malurt, og synest den er kjempefin i lag med gult og orange og raudt. Grått bladverk i det heile tiltalar meg.
Har også med bilde av ei diger staudesolsikke av eit eller anna slag. Den legg seg litt mykje overende, så den kan nok ikkje stå øverst i ein skråning. Den har klart seg utruleg bra i tørken i sommar, så kanskje den vil ha det tørt og full sol? Må visst lese meir om kva den likar før eg flyttar den.
Nå kjenner eg det i heile kroppen at eg har jobba fysisk i dag, men det er mest ein god følelse. Er jo rimeleg fornøgd med meg sjølv og da ;-). Ha ei fin helg alle saman!