fredag 3. oktober 2008

Innsats som merkast mest fysisk

Her ser ein spor etter dagens graving, såvidt... Jammen er det ein del arbeid. Skal grave ut ei stripe som er ein meter brei, og her skal det leggast grus/duk/grus og snekrast langsgåande kant på høgre sida (øversida) av stien. Det skrår ganske kraftig, syns ikkje så godt på bildet. Under ser du utsikta frå kjøkkenvinduet, med den nyplanta kjeglegrana i bakgrunnen. I dag fekk den selskap av to buksbom ("Faulkner"), og nokre lauk av kvit perleblomst samt fem Thalia-laukar. (narciss). Eg prøver å unngå "øyer" i plenen som mannen må klippe rundt, så etter kvart må eg grave meg ned til det andre bedet, og legge tråkkheller der det nå er ei stripe med gras.




Til venstre bilde av fyllinga ved garasjemuren. Her skal meitemarken få litt å pusle med i vinter. Den er til god hjelp i hagen, sparer meg for mykje graving.
Ellers: bilde av malurten "Powis Castle" med tagetes "Favourite Red" framfor. Ja, eg likar malurt, og synest den er kjempefin i lag med gult og orange og raudt. Grått bladverk i det heile tiltalar meg.
Har også med bilde av ei diger staudesolsikke av eit eller anna slag. Den legg seg litt mykje overende, så den kan nok ikkje stå øverst i ein skråning. Den har klart seg utruleg bra i tørken i sommar, så kanskje den vil ha det tørt og full sol? Må visst lese meir om kva den likar før eg flyttar den.
Nå kjenner eg det i heile kroppen at eg har jobba fysisk i dag, men det er mest ein god følelse. Er jo rimeleg fornøgd med meg sjølv og da ;-). Ha ei fin helg alle saman!

8 kommentarer:

Alexia sa...

Den malurten var bare namnam *sikle* :D. Du har gjort en kjempejobb med gravinga :)

Røsslyng sa...

Du har all grunn til å være stolt av dagens innsats! :)

Ha en finfin helg!

Britt Åse sa...

Flinking!
Tror det er den malurten jeg også har. Den er helt kjempelekker :-)

solfrid sa...

Flink jente! Malurten var lekker :o)

Harryford sa...

Malurten er "til å spise opp"!!!! og kombinasjonen med Favourite Red er flott! Har brukt mange av de i sommerblomstsamplantingene! (det ble et laaaangt ord!)

Her finnes også en eller annen sånn st.solsikke, som legger seg!!!!!!

Et varm karbad etter slike graveøkter, gjør godt for trøtte muskler!!! Ha en fin helg der vest!

Elisabeth sa...

Dette var en skikkelig innsats ja!

Berit sa...

Så mye du har fått gjort!
Lekker malurt. Er den av det aggresivt spredende slaget? Har en romersk en som er pen, men ustyrlig.

Herdis sa...

Malurten sprer seg ikkje, men er lite vinterherdig. Går i alle fall lett ut. Kjempelett å ta stiklingar av heldigvis.