onsdag 29. oktober 2008

Vinterblomstringa redda i siste liten!

I dag har eg avspasert nokre timar, og har endeleg fått i hus hippelaukane mine, samt dahlia, fuchsia og pellis. Absolutt i siste liten, eg var rimeleg nervøs da eg grov opp den første hippelauken. Har altså vore nede i 2-3 minus her i natt...

Det såg ut til å ha gått bra! Var ei skorpe med frosen jord på toppen, men mjukt og fint under. Laukane såg slett ikkje verst ut, så nå er eg letta!

Været akkurat nå er forresten fint, med sol og bittelitt rim/snø på bakken. Skulle egentleg ha vore heime og kost meg med dei siste soltrålene for i år i staden for å traske på jobb.

Er billaus for tida, etter å ha kjørt til Stadt med "nybilen" til mannen i går. Det starta med ein liten bankelyd først, men skramla og skalv så fælt da eg var framme at den berre måtte settast att på næraste verkstad. I dag fekk eg beskjed om at høgre framhjul var så laust at om eg hadde kjørt ein kilometer til hadde det ramla av.

Er fotgjengar i dag, eg.

3 kommentarer:

Berit sa...

Heisan!
Bra du sa fra at bloggen din ikke oppdateres i lista, jeg trodde ikke du hadde skrevet noe på to uker! Nå skal i alle fall jeg være obs, og så ordner det seg nok når ekspertene trår til.

Planter du hippeløkene rett ut, altså? Jeg har latt dem stå i pottene sine. De har blitt store og fine i sommer likevel!

Berit sa...

Og der var du på riktig plass i listene, ser jeg. Flott!

Herdis sa...

Planta hippelaukane ute i ein pallekarm i sommar fordi eg har så mange!! For å få plass til alle tok eg dei ut av pottene. Det ser ut til å ha gått bra, men om dette er den luraste måten det veit ikkje eg. Nå står dei i fiskekasse på planterommet og ventar på skikkeleg planting i potter. Håper bloggen kjem med på lista nå, er litt "surt" å skrive når ingen oppdagar det!;-)