fredag 1. mai 2009

Her går det unna, altså....

Mange etterlengta spirer kjem opp, og nokre ein ville vore glad for å sleppe å sjå...... Må likevel seie at ved hjelp av Roundup har eg fått rimeleg kontroll på dei to verste områda i hagen, og det er eg glad for. Gjer den store forskjellen - sarte lundhagevekster i kamp med skvallerkål er ikkje noko vakkert syn:-(
Kerria japonica - Soleiebusk? Blir ikkje enig med meg sjølv om eg likar veksten på den eller ikkje, men kvar vår er eg veldig enig med meg sjølv om at eg likar blomstene!
Det spirer i gamle potter også! Sølvlind? hmm - må google.
Eit av mine kjære, små valnøttre med nye, flotte skudd. Skal felle ein diger lønn slik at denne får ein bra plass, men det blir først når mannen med dei motoriserte reiskapane får tid/lyst etc....
Sanguinaria canadensis, enkel, - Blodrot. Veks i lundhagen, og er eit av årets overraskingar for alzheimer-gartnaren!
Låge, blå lungeurt er trufaste, og som alltid perfekt selskap for dei gule påskeliljene!
Frittilaria pallidiflora frå Europris kjem att i år også! Stolt av den...
I lundhagen veks denne Helleborusen, men navnet... Uansett er den så ekstremt flott og blomsterrik, og fargen er så frisk og fin, samt at den høver godt saman med den mørke Helleborusen den står i lag med. Håper dei blir meir omfangsrike begge to, kunne godt ha planta dei tettare i lag. Eg forstår ikkje heilt at dei blomstrar så voldsomt nå, da eg hører andre seie at dei er ferdige for året- men eg er glad til eg!
Vart planta i fjor, og denne er kjempefin! Eg har hatt eit litt anstrengt forhold til den kraftigare, knallrosa søstera, men denne blyge, kvitrosa skapningen med søte små og smale blad er berre bedårande. Så var det navnet da..... Bergenia (Bergblom) dette er "Bressingham White". Lekker!
My favourite! Påskeliljene som heiter "Thalia". Dei er såååå fine!
Rhododendron "Blueshine girl", har fine blomster i tillegg til nydelege, blåaktige skudd! Spesiell dame dette her.
I år kom Darmera peltata (skjoldsildre) endeleg med blomster. I fjor oppdaga eg at den hadde overlevd, men fekk berre blad. Har planta den på ein problemplass som ofte er overrisla av vatn i lange perioder om vinteren og når vi har regnsommar. Tenkte denne skulle tåle det, som er ei slags sumpplante. Det gjer den nok, men etter at den kom i jorda har det ikkje vore så veldig mykje regn.... Likevel har den kome igjen, flotte knuppar, bildet vart teke onsdag, og i dag blomstrar den i vilden sky.
I dag har eg oppdaga at eit nokolunde lokalt gartneri har oppe, og dei lokkar med mange godbitar om ein kjem tidleg.... Trur eg skal ha meg ein tur ja!

4 kommentarer:

Røsslyng sa...

Dæven så mye lekkert!

hajal. sa...

Helleborusen din er sikkert H. orientalis 'St. Ashwoods Strain' eg har den samme og den har blomstra i mange veker no, dei står utruleg lenge i blomst.

Anonym sa...

Den grønne helleborusen var virkelig lekker! Deilig å sjå kor mykje som sprett opp for tida. I dag kom regnet, så då blir det nok enno meir fart i hagen :)

Jorids BestemorBlogg. sa...

kjempespennende tid i hagen nå om dagen,og så mye lekkert du har!!
Ha ei fortsatt fin helg!!