onsdag 31. desember 2008

GODT NYTTÅR

Da har vi altså kome til siste dagen i dette året. Det gode med det er at vi får eit nytt, fint år i presang, som vi kan bruke til nesten det vi vil! Her har vi sett på pinnekjøttet til damping, og den gode lukta er nok til å sette alle vestlendingar i godt humør og slå an ein munter og forventningsfull tone i heimen!

Eg har planar om å feire nyttår heime med familien i ro og fred, og har liggande nokre filmar om det skulle bli bruk for litt anna underhaldning enn den som er på fjernsynet. Veslegutten må vel legge seg, og dei store forsvinn nok ut av huset så fort ribba er fortært.

Ute er det lett regn i dag, men det hindrar vel ikkje ungane i å ville gå nyttårsbukk. Det er tradisjon her, meir enn julebukk som eg er vant med frå Valdres. Julebukk går du i romjula, nyttårsbukk er på nyttårsaften. Minstemann har ein avtale om å gå med ei nabojente, det er vel ikkje lenge til dei er klar. Kanskje det bør bli mørkt først.

Dette har vore eit roleg år utan så mykje dramatikk. Nå kjenner eg at eg er klar for nye utfordringar, og er spent på kva det nye året kjem til å by på. Eg har ingen planar eller idear om kva eg kjem til å gjere eller sette i gang med, SÅ sjølvsikker er eg ikkje.... Eller så sikker på kor mykje energi eg greier å hoste opp. Drivhus er for eksempel eit stort ønske, men eg orkar ikkje kjempe for å få det realisert. Det må liksom legge seg til rette, om de forstår kva eg meiner. Det som står på agendaen er å RYDDE HUS OG HAGE!!!!!!!!

I følge ei Feng Shui-bok eg hadde med på ferie nyleg skal alt det gode i livet berre poppe opp av seg sjølv om du RYDDAR HUSET DITT. Kast, gi bort og vask..... da er lykken sikra.

Nå har eg innsett at noko er det i det. Her ligg det mykje gruff lagra i krokane, og nå skal det vekk. Kjenner berre kor mykje energi det ga å male stua i vinter. Hmmm - skal ta høgde for at eg igjen tek munnen litt full, og legg ut om planar som kanskje ikkje blir gjennomført så entusiastisk og kraftfullt som eg hadde tenkt. Det får så være. Nytt år gir nye muligheter - og nye krefter?

Ønsker uansett alle mine gode hagevenner eit kjempefint nytt år i 2009!

PS.Nyttårsbukkane:

søndag 28. desember 2008

Gutta mine....

Her er eg og dei tre gutta mine. Koseleg med store ungar som kjem heim til jul!
Denne jula har vore av dei beste eg har hatt - eg "tenker positivt" og innser gradvis kor mange grunnar eg har til å vere glad! Resten er ikkje viktig.... Sola saknar eg sjølvsagt, men eg veit jo at den er der ein plass, og at den kjem tilbake. Ha ei fortsatt fin romjul alle som er innom her!

onsdag 24. desember 2008

GOD JUL TIL ALLE VENNER!

Ja, her er det temmeleg dødt om dagen! Får kome sterkare igjen over nyttår. Da er det jo snart vår og alt.
Her ser de nokre bilder frå Tenerife i byrjinga av desember. Som de ser er julestjerne ein ynda utplantingsblomst til jul på dei breddegrader. Samplantinga med Tagetes gjorde ekstra stekt inntrykk.. Ellers likte eg godt dei tre elefantane utanfor Loro park, med julestjerner ved beina!

Så vil eg til slutt ønske alle GOD JUL, og eit GODT, NYTT HAGEÅR!!!



torsdag 11. desember 2008

Orkidear og delfinar

Her kjem det eit lite livsteikn til fraa Tenerife. Sit naa i ein spelehall og ventar paa to spelegale karar, der den eine paa snart 5 har blitt fullstendig hekta paa bilspel.... den skal tidlig kroekes.... (huff, desse bokstavane som manglar!) Vi har hatt nokre flotte opplevingar sidan sist eg skreiv. Vi har hatt leigebil eit par dagar, og kjoerte opp til foten av Teide - Spanias hoegaste fjell paa 3 700 meter! Vegen gjekk opp i ei hoegde paa ca. 2200 meter. Det var eit fantastisk, om enn ikkje saa veldig vakkert, syn, med lava over alt og ikkje eit grasstraa eller busk paa store omraade. For ein hagegal er det nesten "vondt" aa sjaa, men heldigvis kom vi til eit atskillig frodigare og meir groederikt landskap paa veg nedatt paa nordsida av oya. Kult aa sjaa bananpalmer paa rekke og rad, og skimte dei nesten modne klasene med blaa plastposar paa der dei hang til "ettermodning" slik det saag ut til.

Ellers har vi faat med oss Aqualand (badeland), Loro Park og Jungle Park. Vi har sett to delfinshow og eit spekkhoggarshow (som "Keiko"), og det var flott! Loro Park hadde eit overbygg med ei samling orkidear, men ikkje eit einaste navneskilt... Fine var dei likevel, eg tok ein del bilder, samt av nokre fine palmer og andre vekster. Loro Park var ein attraksjon paa mange maatar, men ikkje minst for ein hagegal var det flotte rabattar og spennande ting aa sjaa. Likevel ikkje saa mykje blomster, anna enn nokre rabattar med julestjerner paa framsida, ein plass i kombinasjon med straalande orange tagetes..!!

Soendag reiser vi heim, og det er delte meingar i familien om vi vil ha snoe eller ikkje naar vi kjem att. Haaper vi faar bilen inn i garasjen i det minste. Ha ei fin helg alle saman!

torsdag 4. desember 2008

Livsteikn fraa ytlandet

Er berre innom som snarast for àa seie hei - sit i hotell"gangen" (kva heiter det egentlig, lobby??) og skriv. Maa putte euro pàa ein automat, jammen gaar dei unna!!



Vi har det veldig bra her, har stort sett bada, sola oss litt (bittelitt kaldt saa langt) og rusla rundt og kost oss. I morra har vi planar om aa bli med paa delfin-safari med baat med glasbotn, og innlagt bading og lunching undervegs. Trur det blir bra for junior. Ellers har vi jo god tid, over ei veke igjen. Dette er herleg. mannen er i godlage, han kan visst tenke seg aa bu her aaret rundt. Akkurat det onsket faar han nok ikkje oppfylt, men ei veke av og til er greit...

Ja, naa datt eg ut her, heldigvis hadde det blitt lagra som utkast - puh!!

Kanskje eg berre skal onske alle ein god fredag i morra (hm... ER det fredag i morra??;-)), og deretter ei flott helg.

Kjem sterkare igjen....