Viser innlegg med etiketten urtesalt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten urtesalt. Vis alle innlegg

søndag 21. juni 2009

Allium og Bowl of Beauty

Ein liten tass som har lurt seg til å blomstre under ein peon i ventebedet. Sjølvsådd allium, som eg kvart år gløymer at eg har, men som eg blir veldig overraska og glad over å finne igjen. Lurer berre på kvar den har lyst til å vekse? Litt ille å la den vansmekte i ventebedet i år etter år, sår den er sååå fin!

I år har denne peonen, som heiter Bowl of Beauty trur eg, fire blomster, to i fjor! Spratt skikkeleg ut i dag, men bildet er frå 08.
Dagen har vore brukt i hagen. Har planta ut sommarblomster, rydda og prøvd å få tømt planterommet samt få det til å minke litt på alle pottene med diverse. Det er meldt fint, varmt vær, og da veit eg kven som blir gåande og vatne småpotter i timevis....
Har også laga ny porsjon med urtesalt. Denne gongen også innblanda nokre blad av ruccolaen som er fin og hausteklar. Må prøve å få ete den opp medan den er så fin, har ein lei tendens til å vente for lenge, og så blomstrar den plutseleg:-( Saltet står nå til tørk i den nye steikeovnen, med varmluft denne gongen. Har eg ikkje kome på før i dag.... Håper det går litt fortare da, for forrige porsjon brukte fleire dagar på tørkeprosessen.
Nå er eg varm i kjakane og på skuldrene, og ser at veslegutten har fått farge han også. Vi har nemleg hatt ein forsmak på sommaren i dag, med delvis sol. Nå som det blir varmare i været kjem det vel til å eksplodere med blomster: eg ventar på Iris ensata "Gracieuse", graslilja frå Hajal og to peonar med knuppar for første gong, mellom anna. Ha ei fin veke de og!

mandag 15. juni 2009

Urtesalt 2009

Aller først bilde av ein nydeleg Geranium som omsider har funne ut at den skal blomstre. I fjor hadde den berre blad. Eg har fått den av ei dame her på Eid, og den har enorme blomster, og ganske lodne blad. Veksten er pen, tueforma, om lag 40 cm. høg kanskje. Denne likar eg. Ein del andre Geraniar som er meir sprikete i veksten, samt legg seg ned, likar eg ikkje. Nokon som kan kome med eit tips om navn, kanskje?
I går laga eg urtesalt igjen. Prøvde med litt anna blandingsforhold i år, men er omlag det same eg hadde å putte oppi i fjor. Blir litt at "man tager hva man haver". Fekk det innfallet at eg skulle putte oppi eit par skvallerkålblad også. Ser på det som ei magisk handling, der eg fortærer den forhatte planta og håper det vil svekke veksten og gje frøa dårlege kår i året som kjem!!


2009-utgaven av urtesalt:
2 liter friske urter - forholdsvis tettpakka; mest av det første på lista, og gradvis mindre av det andre:
-oregano
-sitrontimian
-vanleg timian
-bjørnerot
-løpstikke
-basilicum
-persille
-graslauk
-salvie
-skvallerkål (!!, if you cant beat it, eat it!!)
-nokre blad hestemynte
-to vårlauk
-1 chili
-2-3 små godt modne tomatar
Kjør i matmølle til finhakka graut.
Ha i 2 dl. havsalt. Kjør litt til. Tørk på bakepapir. Kjør i matmølla igjen til pulver.
I dag er eg heime frå jobb. Er tufs, men har ingen diagnose. Nå ser det forresten ut til at eg må ein tur til Stryn likevel. Sukk....