Viser innlegg med etiketten pris. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pris. Vis alle innlegg

onsdag 21. januar 2009

Cherie er eit surrehue....

Eg har fått ein award som eg ikkje har nevnt i bloggen min: RandiF ga meg den. Tusen takk, Randi!! (Som sagt: eigaren av denne bloggen er dessverre eit surrehue). Fordi det nå er så mange som har fått denne prisen, lar eg den gå vidare "i ånden" til alle bloggarar som kikkar innom her hos meg. De har fortent den alle saman.

“Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET- nærhet i rom, tid og forhold! Disse bloggerne er usedvanlig sjarmerende og søte, og formålet er å finne og å være venner. De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse. Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet, vil enda flere vennskap ha forplantet seg. Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse! Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere, som igjen må velge seg åtte nye. Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres”.

I dag tok eg med meg surrehuet mitt til den nye fastlegen min, og ba om hjelp. Fastlegen, som er ny for meg, var ei "blottande ung" dame med stavangerdialekt, som viste med mimikk og kroppsspråk at ho nok ikkje har tenkt å ha den rolla så skrekkeleg mykje lenger. Bra ein ikkje er avhengig av å gå til legen ofte, eller er avhengig av oppfølging frå nokon som faktisk føler eit ansvar for korleis det går med deg. Det eksisterer ei oppfatning av at fastlegen bør føle eit visst ansvar og ha omsorg for oss.... Det er nok ikkje ofte det er slik, er mi erfaring. I jobben min ser eg sjelden legar, faste eller andre som orkar/vil/greier å henge på mentalt i høve til behandling, vurdering og generell oppfølging. Trur nok det handlar mest om tid og kapasitet. Eg veit sjølv at det går ei grense for kor mange ein kan "romme", eller ha med seg i tankane. Blir det for fullt, dett nokon ut. Sånn er det.

Nå skriv eg meg vekk her, dette vart mykje filosofering om ingen ting. Eg er egentleg frisk, men slit med mangel på energi, og nå i det siste vondt i huet og nakken, samt øresus... Det eg ba om i dag, og fekk, var ei tilvising til fysioterapeut med utdanning innanfor psykomotorisk behandling. Så spørs det når eg kan få time der da, ho sa det var fullt til over sommarferien....

Så ser det ut til at "Så-møtet" vi har planlagt i hagelaget i februar ikkje kan haldast i det lokalet vi hadde tenkt. I morra må eg på jakt etter egna lokale som ikkje er for dyrt... Vi har eit styremedlem ved navn Harald, også kjent som Hajal, som skal snakke litt om såing av stauder, så det blir eit interessant møte... Ei av dei andre medlemmene skal ta for seg såing av sommarblomster, og vi skal ta kopi av sommarblomsttabellen frå Hagegal og dele ut hadde vi tenkt. Håper den ikkje er beskytta av ein eller annan opphavsrett...

Da er det sikkert på tide å seie god natt.

torsdag 8. januar 2009

Bloggpris


Medan eg var på ferie på Tenerife i desember i fjor vart eg gjort oppmerksom på at bloggen min var funne verdig ein PRIS. Det var Røsslyng som ga meg den, og teksten som er begrunnelsen for prisen er som følger:

"Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET- nærhet i rom, tid og forhold! Disse bloggerne er usedvanlig sjarmerende og søte, og formålet er å finne og å være venner. De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse. Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet, vil enda flere vennskap ha forplantet seg. Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse! Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere, som igjen må velge seg åtte nye. Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres".

Det er litt flaut å ha somla så lenge før eg fekk ført denne tråden vidare, men endeleg er eg på sporet. Det handlar ikkje om at eg ikkje er takknemleg, Røsslyng, så langt ifrå. Eg er skikkeleg stolt og glad! Kanskje det handlar litt om at ein først blir veldig glad og stolt, men så kjenner litt på at det der med premiar og utmerkelsar er så uendeleg fjernt frå min kvardagslege blogg, som mest berre handlar om nokre av dei bagatellane og småtinga som utgjer livet mitt. Eg trivst med å legge prestisje-lista på nullpunktet, og skrive i veg om alt strev og snubling livet mitt fører med seg, men og gleden over både dei uviktige og viktige tinga, kanskje helst det første. Uansett: premieteksten handlar jo om nettopp det. Det å gå på idealtid, og ikkje for å kome først i mål! Å kome i mål, det er ikkje så stas egentlig. Det beste i livet er å vere i det medan ein har det, meiner nå eg...

Mine kandidatar for pristildeling er desse (prøver å unngå at alt for mange får for andre gong, men det er vanskeleg etter kvart, ikkje har eg full oversikt heller):

Randines hageblogg (Randine)
Sunnmørshage (Mariann S)
Olines byhage (Oline)
Eling`s hobbyblogg (Elin)
Hajals hagegalskap på Nordåker (Hajal)
Harryfords Hage og Husdagbok (Harryford)
Mitt lille rom (Tonemeia)
Omkalfatret (Solfrid)


"Gla i dokke.....!!!!"