Viser innlegg med etiketten clivia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten clivia. Vis alle innlegg

mandag 2. mars 2009

Har sådd masse (eg og vil prikle snart!)

Har sådd litt igjen, men har att masse frø fortsatt. Det monnar liksom ikkje?

Februar 09:

Tomat "Silvery fir tree"
Tomat "Sub arctic plenty"
Agurk "Zeina"
Agurk "Bush champion"
Lauk, stor (Seemnemaailm)
Purre (Seemnemaailm)

Antirrhinum "Madame butterfly"
Orlaya grandiflora
Nemesia "Carnival"
Clarkia (for tidleg...)
Rudbeckia "Golden brown"

Polemonium pauciflorum "Silver leaf form" (er sett ut)

Mars 09
Antirrhinum "White spire"
Antirrhinum "Rose princess"
Verbena "Sandy mix"
Diascia "Trio"

Purre "Blaugruner winter"
Piri piri (bærpepper) 2. gong. Første såing spirte dårleg.

Ellers kjøpte eg meg ein lysegul Clivia på plantasjen i Ålesund i helga. Den eg hadde sådd sjølv døde dessverre. Det var ein lærepenge med omsyn til at dei tåler dårleg å stå i vatn. Denne sto i ei potte utan oasis under slik eg brukar, men eg har berre vatna den når den har vore tørr oppå jorda. Likevel har røttene stått nok våte til å råtne. Slike småplanter er sjølvsagt meir sensitive enn store og veletablerte da. Uansett: nå har eg ein stor gul, dessverre navnlaus, med masse knuppar.

Eg handla i lag med svigerdottera til mannen min, og ho fekk seg også ein clivia, men orange. Eg forklarte så godt eg kunne korleis den skal stellast, og ho verka absolutt interessert. Dei har ei einaste potteplante i huset frå før, så nå har dei auka bestanden bra..... (eg hjalp jo til med å potte om den andre, så dette blir spennande. Greier eg å "omvende" henne til å bli hagegal...??)

Nå har eg ein følelse av at det hadde vore lurt å legge seg snart, med tanke på at eg har skumle (!) planar om å kome meg på jobb i skikkeleg tid i morra.

Ha ei god natt!

fredag 23. januar 2009

Endeleg hippeblomst å vise fram



Nå har omsider Macarena starta blomstringa: Den er fin, har ein laaang stilk, og ikkje blad. Lauken kjøpte eg på Bystasjonen i Bergen i november. Den har stått i kjøleg planterom i fleire veker på grunn av at vi var på Tenerife før jul, men det fungerte bra.


Kjøpte meg ein ny Clivia da eg var i Stryn tirsdag. Den kosta 136 på Coop, og da måtte eg ha den. Tanken var at eg skulle gje den til mor mi, som ikkje har clivia frå før, men etter kvart har eg meir lyst til å ha den på kontoret.... Fin kontorplante i og med at dei tåler tørr luft og skjelden vatning. Eg får sjå, det kan hende det blir dårleg med blomster på kontoret i og med at den vil ha ein kjølegare periode akkurat som hippeastrum. Uansett: eg likar så veldig godt den "mjuke" orange fargen på den vanlege miniataen. Nyyydeleg!

Her ser de eit bilde som viser den flotte, orange fargen på cliviaen. Ikkje noko godt bilde, men fargen kjem fram. Eg tok også med eit bilde av den einaste variegerte cliviaen eg har. I fjor kjøpte eg frø frå Kina, og fleire skulle vere variegerte. Ein var truleg albino, så den døde da næringa i frøet var brukt opp. Den var nyydeleg, lys grønngul; men utan klorofyll - intet liv! Sånn er det i planteverda.... Den eg har att er eg veldig redd for og stolt av. Nå har den fått kome frå planterommet og opp i stua. Den får litt ekstra lys, ellers tenker eg at når februar kjem blir det så mykje naturleg dagslys at eg kan få dei til å vekse litt med å byrje gjødslinga så smått. Må vel nytte sesongen så godt ein kan for å få litt størrelse på desse småtassane. Da blir dei meir robuste og eg slepp å oppleve at dei stryk med, det er så utruleg irriterande. Eg hadde nesten greid å ta livet av ei anna clivia-frøplante med å la den stå i vatn for lenge. Den var i ferd med å råtne i rota, men eg fjerne det verste og sette den ned i jorda igjen og ga den rekonvalesens på planterommet og minimalt med vatn. Har eit visst håp om at den klarar seg, det var heldigvis små rotanlegg på undersida. Det var endatil "Butterball", den einaste gule eg har! Spørsmålet er berre når eg får sjå blomsten...? Får trøste meg med at det blir andre blomster å kose seg med mens eg ventar.....