Viser innlegg med etiketten såing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten såing. Vis alle innlegg

søndag 13. mai 2012

På tide å så ringblomster...?

JAAA, det er verkeleg på tide. Eg er nok litt seint ute som vanleg, men sår inne og håper at varmen kjem snart, for nå føles det som om det er mars/april, sjølv om vi er langt uti mai. Frøa ligg nå i vatn, og det er fire sortar i år:
Calendula "Honeymoon" 
                 "Pacific Beauty"
                 "Apricot Daisy"
                 "Peach Sherbet"
Skal verkeleg prøve å halde dei frå kvarandre, så eg får sjekka korleis dei ser ut og oppfører seg med tanke på nye frøkjøp. Lengtar etter lukta av ringblomster. Det er sommar!

Ellers har eg sådd asparges i år ("Mary Washington"), og dei står i jordbærkorga si som eit grønt slør, og seier tydeleg ifrå om at nå vil dei ha meir plass! Skal prøve å prikle, men dei er jo så tynne så tynne! Dei skal plantast i ein pallekarm, og eg er verkeleg spent på korleis det vil fungere. Tenker jo på rotugras og sånt, for dette er jo som ein slags kjøkkenhagestauder som kjem att frå rota år etter år. Må prøve å skjerpe meg på lukinga... Gleder meg til å kunne ete nokre ferske skudd om ein to-tre år:-)


søndag 22. januar 2012

Verbena bonariensis og spiring

Kom over denne tråden på hageforumet hagegal. Her finn du informasjon om korleis så verbena bonariensis. Greit å høyre korleis andre har gjort det, spesielt om dei har fått det til sjølvsagt;-)

VERBENA BONARIENSIS-tråd

Fleire nye bekjentskap i frøposane i år, og nokre gamle

Sådd i dag 22. januar:
Asarina antirrhiniflora (mørk rosa) frå Mariann G, frøboksen i fjor. Lysspirande.
Eccremocarpus scaber "Cherry red" frå aiaus, frøboksen i år.

17. januar:
Rhodochiton atrosanguineum (blodbeger) av eigenhausta frø.
Browallia speciosa "Blue bells"
Heliotropium "Marine" Spirte alt etter fire dagar. Lysspirande.

Ja, så blir det spennande å følge med da. Spirer i januar fungerer som eit effektivt humørvitamin!

mandag 16. januar 2012

Browallia, nytt bekjentskap

Har kome i gang med litt såing, av dei slaga som treng tid for å blomstre. Har sådd blodbeger, verbena bonariensis og stemor "Rococo ruffles" så langt. Nå vurderer eg å så browallia snart. Det har utvikla seg ein avstandsforelskelse her frå mi side! Gleder meg til å bli betre kjent med denne nydelege planta som så mange skryter av.

Har lese litt om ulike erfaringar folk har med planta på hageforumet Hagegal , og i Daves garden er det nokre nesten poetiske skildringar av blomsten. Litt bekymringsfullt at det er amerikanarar som skryt så av kor fint den klarer seg i varmen, sia eg bur på vestlandet og vanlegvis ikkje kan by på så mykje sommarvarme, men men. Har også lese at den tålte fjorårets regn godt, rett nok på sørlandet, så eg håper det beste.

Såg over frøposane mine i går. Hmm, må begrense meg kraftig så eg ikkje skal sprenge kapasiteten under plantelyset før våren kjem. Korleis i all verda har eg greid å få tak i så mykje frø??

torsdag 10. mars 2011

Tid for frø

Sit med bunkevis med frøpakkar her, og det dukkar opp ting eg dessverre hadde gløymt at eg hadde skaffa: Gladiolus caucasicus-frøa frå Akoen for eksempel. Spennande! Må berre prøve å få dei i jorda nå da, ellers blir det vel dårleg med spiring...

Her ei liste over staudesådden så langt:

Gladiolus caucasicus (Akoen)

Gladiolus i. palustris (Akoen)

Delphinium cashmerianum (Akoen)

Iris wilsonii (Racemosa)

Anthyllis vulneraria coccinea (Seascape)

Har også på sålista matthiola longipetala, eller Gresk levkøy som den heiter i Impecta-katalogen. Skal visst lukte godt, så det skulle bli ein velduftande sommar når både den og heliotropium "Marine" set i gang å blomstre. Mmmmm, gleder meg til varme sommarkveldar på plattingen:-)

onsdag 2. mars 2011

Litt hageaktivitet igjen

Har endeleg fått ordna og rydda litt på det lusebefengte planterommet mitt i dag. Har strevd med å bli kvitt beista, og har ikkje turt å så eit frø før eg hadde kontroll på det. Da eg endeleg forsto at det var Decis som måtte til, gjekk det bra. Nå er det ingen lus igjen, hurra!

Har jo lenge tenkt at nå MÅ eg snart få sådd blodbegerfrøa frå frøboksen. (Boks med frø som folk legg overskotsfrø i, og sender vidare til andre som har sagt seg interessert). Har jo prøvd å så denne luringen før, men utan hell. Det blir sagt at frøa bør vere ferske, og nå har eg brukt ein mix av "sjølvhausta amatørfrø" frå diverse plassar, noko som brukar å fungere bra når det gjeld frø. Berre prøv, det hjelper ikkje med fin frøpakke, dei heimehausta er alltid best. Blir spennande nå framover:-)

Rhodochiton atrosanguineum (Blodbeger)

Har også lagt i vatn frø av denne, det er ein pelargonium ved navn "Maverick Star"


Og sist men ikkje minst, berre for å ha litt meir "på gang", ei av alle pakkane med løvemunnfrø eg ikkje fekk sådd i fjor: Antirrhinum "Appleblossom"
Dette var ein liten begynnelse, og så er det berre å vente på spirene!

fredag 22. oktober 2010

Trangen til grønt

Som alltid om seinhausten, når det er uigjenkalleleg slutt på dei grønne gledene utadørs, får eg ein sterk trang til å sjå grønne spirer. Det er berre det at dette er ei fullstendig feil årstid å så på... Eg løyser problemet med å så pelargonium, som likar varm inneluft berre dei får nok lys, og pusle med hippeastrumane som snart skal blomstre. Hippene skal gjødslast og vatnast passe mykje heilt til dei skal starte på den kjølege vintersøvnen sin, rett nok med grønne fine blad, men likevel. Dei står i kjellervinduet og er sannsynlegvis opptekne med nokre usynlege, mystiske prosessar inni laukane sine, som handlar om å lage blomsteremner! Der skal dei stå i seks til åtte veker, i ein temperatur på under tretten grader helst. Så kan dei etter kvart takast opp i varmen og få ny jord og litt vatn, for å blomstre. Gleder meg til dette, midt i mørketida:-)))


Pellisfrøa eg har sådd er av to ville artar: pelargonium capitatum og pelargonium alchemilloides Dei har venta eit par år på kome i jorda da, men eg får tru dei vil spire likevel. Gjer dei ikkje det får eg finne noko anna å så......


Dessutan har eg prøvesådd nokre basilicumfrø som havna i ei lomme i haustferien. Spiring etter to dagar. Herleg!

Ynskjer alle ei fin helg!

PS. Etter ei natt på badegolvet er det alt to spirer av alchemilloidesen:-)


tirsdag 24. mars 2009

Klokkeranke

Har sådd klokkeranke - Cobaea. Putta lke godt i jorda alle frøa eg hadde liggande, dei hadde begynt å bli litt gamle. Nå får vi sjå om det blir jungel her i år! Det var både blå og kvite. Dette blir spennande!

Ellers har eg oppdaga at eg må prikle nemesiaen enkeltvis, og ikkje dottevis som eg i min optimisme såg for meg. Kanskje det blir massedød som blir resultatet, da er det jo godt at eg har rikeleg å ta av.... Overlever dei har eg nemesia å gje bort. Det er jo koseleg!

I kveld har eg snakka med ei dame på Stårheim som hagelaget skal ha hagevandring hos i mai. Ho var veldig positiv, og ville gjerne ha ein gjeng med hagetullingar tråkkande rundt mellom bed og buskvekster. Eg gleder meg til hagevandringane denne sesongen. Det var så moro i fjor, det er veldig inspirerande å sjå andre sine hagar. Trur dette blir eit fint hageår:-)

PS: har prøveprikla 24 nemesiaspirer. 18 hippebabyar fekk ein brå overgang til sommartemperatur; dei måtte opp i stua for å gje plass til nykomarane på planterommet. Er spent på kor stor overlevingsprosenten på nemesiaene blir. Skal sjekke dei i morra tidleg!

onsdag 11. mars 2009

"Kven er eg?" - dykk i frøboksen

Eg har masse frø. Ikkje alle eg hugsar at eg har bestilt, og kvifor.... Her er eit lite utvalg:

Echium plantagineum "Pink bedder"
Echium russicum
Molinia arundinacea
Phacelia
Lilium pyreniacum
Helianthemum nummularium "Mutabile"

Prøver å få sådd mest muleg i år. Går det så går det, trur mange må settast ut for spiring etter naturmetoden. Har ikkje plass inne, sjølv om "alle" utanlandske frøposar har påtrykt oppskrifta: "spirer ved ca. 20 grader, og ved jevn fuktighet". Når er det stabilt 20 grader ute her på vestlandet? - eg berre spør. Muleg dei har såpass til overlevingsinstinkt at dei tek til takke med temperaturar som stadig svingar mellom 6 og 20 grader - i beste fall! Under plantelyset mitt blir det i alle fall trongt om saligheta snart.

lørdag 7. februar 2009

Kunstig vår på badegolvet og hippeblomstring omsider

Her er ein ukjent rosa hipp som endeleg har kome i blomst. Den har mista navnelappen sin i sommar, men eg lurer på om det er ein som opprineleg var merka "rosa", kort og godt. Det er muleg at ekspertar som Sigrid klarer å finne navn på den, men uansett er den fin! Eg er glad i dei enkle, og rosafargen med det grønne i midten er liksom så vårleg og uskuldig. Ei fin oppmuntring akkurat nå, når spireprosjekta mine går så som så...

Her er den same rosa hippen med dagens utetilhøve i bakgrunnen. Godt det er ei glasrute mellom.... "Hipp i vinterlandskap" kunne høve som tittel. Den står sjølvsagt på kjøkkenbordet, for eg vil kunne sjå på den så ofte som muleg!


De hugsar kanskje at eg har hatt midd-angrep på hippelaukane mine? Eg har nå kvitta meg med 8 stykk som er kasta, og hadde eit lønnleg håp om at resten er friske. Så såg eg litt meir nøye etter på denne "cluster"-hippen som var kjøpt frå Eurobulb og skulle ha vore raud: Den er som de ser kvit, og har nydelege, liljeaktige enkle blomster. Eg er så glad i denne, men oppdaga ei raud stripe på eit av blada. I dag skal eg ta den ut av potta og dele den opp, den består av mange laukar nemleg. Tek vare på dei som ser friske ut og kastar den dårlege. Så kryssar eg fingrane for at det går bra!

I dag vart fleire frøpotter plassert på badet; desse kjem frå ein kunstig vinter i køleskapet til ein kunstig vår på badegolvet: Verbena bonariensis og Thalictrum rochebrunianum. Dei siste kunne eg sikkert ha sådd og sett ut, og det skal eg gjere med resten av frøa. Saken er at eg har prøvd det før utan resultat, så nå tenkte eg at eg skulle ha meir kontroll over desse etterlengta spirene med å gjere det slik. Dei skal få stå på planterommet til det blir vår ute, i kamp med tagetes og andre sommerblomster. Eg VIL ha sånne i hagen............!!!!!!

lørdag 10. januar 2009

Har starta såinga

Har sådd i dag:


Impatiens "Picotee Swirl" (finn ikkje bilde på nettet)
Impatiens "Expo"
Lilium martagon - kvit (skal settast ut)

Har lagt i bløyt frø av:

Pelargonium "Summer showers mix" (sår i morra)

Tilføyelse:

Lobelia "White lady"

Lobelia "Ruby cascade"