søndag 17. juni 2012

Hagetur til England pinsa 2012. Wisley del II

Her er kjøkkenhage-avdelinga, med sirlege og ugrasfrie bed med alle slags tenkelege grønnsaker og urter. Tok bilde av desse fine støttene for sukkererter. Sånn kan det gjerast!
 Så kom vi til alpinavdelinga, som bestod av eit kunstig lite "fjell" eller fjellknaus, og eit glashus for dei mest ømtålege plantane. Knausen var rett og slett masse skiferheller sett på høgkant med litt grus eller jord mellom. Her vart det maksimalt drenert og tydelegvis heilt optimalt for mange fjellhageplantar.

 Dei flotte steintraua var også skikkeleg fine. Ein ide til hypertufa-trauet mitt å sette steiheller på høgkant oppi trauet? Mange måtar å gjere det på.

 Hagefolket frå Sogn og Fjordane studerer alpine vekster med stor interesse!
 Glashuset.
Slike nydelege ville gladioler såg vi mange plassar desse dagane. Eg har nokre trådtynne og sjølvsådde ståande som eg håper ein dag skal bli noko liknande som dette....

 Så kom vi til det store glasshuset, med avdelingar for tropiske og andre eksotiske vekster.
 Engelsk pelargonium må dei vel ha her på Wisley....
 Nokre vekster er meir rare enn fine kanskje?
 -og nokre er som den sjuande far i huset: denne hjortebregna skulle visst vere over hundre år!
 Trebregner er og blir fantastisk flotte og gir ein følelse av noko nesten trolsk. Tenker på Tyrannosaurus rex og kameratane hans, dei beita vel på sånne eller...?

 Flott asiatisk paviljong ved den store dammen.


 Eksempel på tørketålande plantar med ulike fargar og former planta i lag i eit mønster.
 Ååååh - inngangen til plantesenteret! Her var det bare-se-men ikke-røre som gjaldt, så vi greide å la være å gå inn. Heldigvis hadde dei som trøst for oss nordmenn plassert nokre urner med utsøkt beplantning rett utanfor. Dei måtte avbildast: ein slags vortemelk i lag med "svart gras", hugsar kkje navnet nå.
 Heuchera, ei søt lita furu og noko sedum med sølvgrå blad. Så fint mot den grå betongen i krukka!

Berre eit blomstereng rett og slett.
Ser ut til at det blir ein Wisley del III også...(puuuh!)

Tilbakeblikk på hageturen til England pinsa 2012. Wisley

Nokre reiselystne eldsjeler frå Hageselskapet Sogn og Fjordane inviterte til hagetur til England i mai for å besøke nokre av dei aller mest berømte hagane i denne hagekulturens høgborg som England jo er. Turen hadde stort sett eitt mål for auge: å få så mykje hageoppleving ut av dagane som råd. Det tilbodet sto eg ikkje for, men meldte meg på straks. Eg angrar ikkje! Det vart ei kjempeoppleving frå start til slutt, og i tillegg var vi uvanleg heldige med været... Ein STOR takk til Gro og Margit som tok på seg arbeidet med og ansvaret for turen. De gjorde ein kjempejobb!

Her kjem ein haug med bilder. Desse er tekne i Wisley gardens, som er det engelske hageselskapet sitt "flaggskip" av ein praktpark. Her finn du mellom anna enorme staudebed, rosehage, alpinhage, veksthus, dammar, woodlandparti, kjøkkenhage og så vidare. Her testar dei ut nye sortar hageplantar og dyrkingsteknikkar. Eg ser at eg har teke enormt med bilder herifrå, og her kjem eit utval:

Randi ved inngangspartiet på Wisley. Vi måtte vente litt før vi kunne gå inn. Ungar på julekvelden er vel det næraste ein kjem i samanlikning!















 Vi kjørte rundt i ein liten buss vi hadde leigd, Det var veldig praktsk og greit. Over ser ein såvidt den blå bussen, bak den himmelblå buska som vi såg mange plassar, men som eg ikkje veit kva er.
 Noko av det første vi såg var denne vakre muren beplanta med lewisia og andre tørketålande vekster.
 Eit lite trepeon-galleri. Eg er svak for alle slags peonar, men spesielt trepeonar, og vi kom midt i blomstringstida for desse.

 Wisteria (Blåregn) var det også sesong for i slutten av mai, og eg oppdaga kor nydeleg det luktar av dei. Har aldri vore på så nært hald før nemleg....
 Det var nydelege sampalntingar av både farge og form kvar ein snudde seg. Nesten overveldande!
 Norske bønder får nok bakoversveis av å få sjå denne smørblomstenga - midt i den verdsberømte hagen! Engelskmennene er glade i og veldig opptekne av natur, og det ville og naturlege uttrykket. Dei set av slike små område innimellom alt det friserte og temte, for at ein verkeleg skal få sjå og oppdage det vakre i det kvardagslege kanskje? I alle fall kvardagsleg for oss vestlendingar, om enn ikkje for ein Londonbuar...

 Flotte motiv over alt.... Romkameraten min Randi tok masse bilder, og har også blogga om turen. Les gjerne den også, for vi har garantert knipsa og lagt merke til ulike ting.
 Det var mykje dammar og sumpområde, med enorme eksemplar av gunnera og lysichiton mellom anna. Synd eg ikkje har klart å få fram størrelsen på desse plantane. Dei er ikkje berre store, dei er gigantiske! Lurer på om desse sortane er spesielt store. Knipsa navneskilta så eg skulle hugse kva dei heitte.








Treet over er eit bartre med hengande vekst. Det var nok nokre år gamalt, og det hadde laga seg ei slags hytte inni der...
Ser ut til at det får bli ein Wisley del II også:-)

mandag 11. juni 2012

Trepeon og asparges

Her er den fantastiske trepeonen min, som trass i at den ikkje er så veldig mange år ville blomstre med ein blomst i år. Her ser du knuppen, som nå endeleg er nesten åpen - den er stor! Det har teke laaang tid i denne kjølege forsommaren vi har hatt. Nå er det like før, i morra kanskje?

I dag har eg endeleg fått planta ut aspargesplantene mine. Det er sorten "Mary Washington", av frø frå frøboksen (Impecta). Dei spirte veldig bra, og har stått der og venta til i dag. Det var ein del å gjere med bedet deira, men endeleg vart det ferdig. Under ser du bedet, med jord som er forbedra med kompost, skjellsand og sand frå sandkassa. Kattane brukar sandkassa som utedo, så eg er glad det er eit par-tre år til vi skal hauste... Nå er det berre å håpe at ikkje alt for mange av plantane er hanplanter. Eg oppdaga i dag (!) at ein blir anbefalt å sortere vekk hoplantane etter to år, for hanplantane gir best avling. Da får eg berre håpe at minst seks av tolv er av hankjønn, og at dei vil vekse og trivast i bedet sitt alle saman.