mandag 30. mars 2009

Drivhusdraumen lever




Eg seier berre: svenskeimport må da lønne seg veldig for tida..... (og eg har fått att på skatten!!!)






















Sjekk ut

http://www.willabgarden.se

lørdag 28. mars 2009

Grøne gleder i overflod

Har litt dårlig samvittighet for at eg har vore så dårleg til å legge ut hippebilder i år. Det handlar mest om at eg fekk ein skikkeleg nedtur da eg oppdaga midd (trur eg) på ca. ein tredjedel av hippene mine i vinter. Eg kasta dei angrepne rett på dør, og nå ser det ut til at resten er friske. Dei veks og trivst i alle fall, og det gjorde slett ikkje dei som var sjuke. Nokre har blomstra, sjølv om eg nok kasta ut i minusgradene mange med knuppar som ikkje hadde kome fram enda. Sukk... Nyttar ikkje å gråte over spilt melk, heiter det. Får heller glede meg over at dei som er att ser friske ut, og at det nå neeesten er plass til alle i kjellerstua.... Denne raude var fin, og er ein eg fekk frå Eurobulb i fjor, men navnet har eg visst gløymt.
Ellers har det vore pilflettekurs i regi av Eid hagelag i dag, og det fortsetter i morra. Eg tok nokre bilder, men dei vart ikkje så bra. Det viste seg at det sat ein liten papirbit på linsa! Uansett får de eit visst inntrykk av prosessen. Eg deltok berre som kaffekokar denne gongen, men muleg det blir fleire kurs? Kunne heller tenkt meg eit støypekurs. Å lage ting i betong til å ha ute, verkar meir nyttig synest eg... Muleg er er litt kjedeleg av meg?




Så tok eg meg ein tur på planterommet for å prikle litt: Som de ser kjem det til å bli nok Tagetes tenuifolia og Nicotiana "Lime Green" på meg i år... Har frå før prikla 55 Nemesia, og alle overlever?! Merkeleg at eg sleit så vanvittig med desse i fjor, da daua alle saman. Verkar som om det er kvalitetsforskjell på frøa?








Her ser de den voldsomme spiringa i Nicotiana-pottene:
Nicotiana "Lime Green" står for tur for prikling.... Det er sjølvhausta frø, og spireprosenten må ha vore nær 120%. Har aldri sett på maken til grønn, kompakt "plen". Sådde jo litt tett, da eg ikkje var sikker på spireevna.... (ha ha).

Eg har tenkt å prakke på nokre av kursdeltakarane overskuddsplanter i morra, har heldigvis fått signal om at fleire er interessert. Da slepp eg å kaste dei, eller kanskje måtte flytte på hotell...?
Tomat "Silvery fir tree" og Tomat "Sub arctic plenty" fekk også kvar sine potter. Her hadde eg gamle frø, og sådde fire frø av kvar sort. Trur du ikkje samtlige spirte, og eg har fire kraftige planter av kvar sort! Litt i meste laget for meg som ikkje har drivhus, og i grunnen ikkje nokon egna plass å ha dei. Kanskje mannen min skal få snekre eit enkelt plasthus ute. Det hadde jo vore styggeleg moro å fått til tomatar for aller første gong i sitt liv.

Akkurat nå er det snø ute, men det har vore bart lenge og truleg forsvinn snøen att raskt. Heldigvis tåler alle laukvekstene litt kulde. Eg hugsa heldigvis på å sette kassene med staudefrø ut under åpen himmel, for dei var temmeleg tørre.
Da må alle ha ein fin laurdagskveld!

tirsdag 24. mars 2009

Klokkeranke

Har sådd klokkeranke - Cobaea. Putta lke godt i jorda alle frøa eg hadde liggande, dei hadde begynt å bli litt gamle. Nå får vi sjå om det blir jungel her i år! Det var både blå og kvite. Dette blir spennande!

Ellers har eg oppdaga at eg må prikle nemesiaen enkeltvis, og ikkje dottevis som eg i min optimisme såg for meg. Kanskje det blir massedød som blir resultatet, da er det jo godt at eg har rikeleg å ta av.... Overlever dei har eg nemesia å gje bort. Det er jo koseleg!

I kveld har eg snakka med ei dame på Stårheim som hagelaget skal ha hagevandring hos i mai. Ho var veldig positiv, og ville gjerne ha ein gjeng med hagetullingar tråkkande rundt mellom bed og buskvekster. Eg gleder meg til hagevandringane denne sesongen. Det var så moro i fjor, det er veldig inspirerande å sjå andre sine hagar. Trur dette blir eit fint hageår:-)

PS: har prøveprikla 24 nemesiaspirer. 18 hippebabyar fekk ein brå overgang til sommartemperatur; dei måtte opp i stua for å gje plass til nykomarane på planterommet. Er spent på kor stor overlevingsprosenten på nemesiaene blir. Skal sjekke dei i morra tidleg!

mandag 16. mars 2009

Mandag og gråvær

Det vart berre den eine juvelen av ein soldag i helga. Vi får smøre oss med tålmodighet og vente på at det slår til igjen... Er rart med det: etter mørketida så har sola ein spesiell betydning. Den gir så masse energi og ikkje minst glede. Er også energigivande og ekstremt gledesfylt å sjå alle dei friske skudda på veg opp, men det skreiv eg visst om i forrige innlegg og. Skal gi meg nå...

I kveld har eg vore på spinning, og det gjorde godt. Prøver å få det til eit par gonger i veka. Kan komme godt med å ha litt kondis når grave-sesongen startar for full igjen! Eg sådde litt i går også, men det aller meste er sett ut. I kveld skal eg så bladpersille og svartkål. Persilla er jo treig, så den må såast nå, men eg innbiller meg at den kålen og bør i jorda snart? Har lese det ein eller annan plass.... Det er "Nero di Toscana", og eg har aldri prøvd den før. Den ser flott ut på bilder, da.

Sålista ser sånn ut denne gongen:
Anchusa italica "Dropmore" (Impecta) - ute
Brassica "Nero di Toscana" (Primafrø) - inne
Dianthus superbus - silkenellik (Seemnemaailm) - ute
Lysimachia atropurpurea (Th&M) - inne, skulle ha over 20 grader for å spire?
Polemonium pauciflorum (Primafrø) (æh, har eg sådd den før i år?) - ute
Petroselinum crispum "Gigante d`Italia" (Impecta) - inne

Eg har tre fulle grønnsakskasser med potter ståande ute nå, og er spent som ein unge på spiringa utover våren! Håper veldig at eg får spirer av dei ferske martagonlilje-frøa mine. Kvite!!

Impatiens-plantene som vart så omsorgsfulle prikla har overlevd alle saman. Dei ser faktisk bortimot fornøgde ut der dei står på kjøkkenbenken, på "gromplassen" under lyset. Tenk om det blir blomster på dei til slutt! Føles som noko nær eit under...

Det er også framleis liv i Nemesiaspirene. Dei tør eg knapt puste på, men dei er altså i ferd med å få skikkelege blad nå, så dette ser lovande ut! Eg er glad!

Livskvaliteten min aukar merkbart frå mars og framover, det er sikkert. Eg er så glad eg er hagegal!

lørdag 14. mars 2009

Ein fantastisk fin soldag i hagen

I dag har vi hatt eit vær som gir ny energi, og bevis for at "nytt liv av daude gror", som det heiter i sangen. Eg har rydda i bed, spadd om komposten og kikka på spirer i heile dag. Tempeltreet mitt (Gingko biloba) har overlevd sin andre vinter ute nedgravd i potte, og eg er happy!

Eg har også sådd meir denne veka: desse pottene vart endeleg sett ut i dag. Hadde sikkert vore lurare å sette dei rett ut i og med at dei ikkje treng kuldebehandling. Det innsåg eg først etter at dei hadde fått nokre dagar på badet. Håper dei ikkje er i gang med spiring heilt enda.

Digitalis purpurea "Pams choice" (Mr. Fothergills)
Digitalis hybrida "Camelot cream"
Dianthus "Rainbow loveliness mixed" (Th&M)
Codonopsis pilosula
Scabiosa "Beaujolais bonnets"

Eg har nå våga meg til å prikle mine fire (!!!!) Impatiens-spirer. Det er nokre pingleplanter, som eg har irritert meg kraftig over i vår. Eg sit att med fire spirer som sagt, etter å ha sådd tre posar med frø. Det var til slutt Brødrene Nelson-frø (Mix) som slo til. Dei andre spirte, men stagnerte i veksten. Har opplevd akkurat det same med ein pose petuniafrø også. Lurer nå på om det kan handle om dårleg kvalitet på frøa? Er da rart at ting spirer, og så skjer det ikkje meir. Andre plantar sådd under nøyaktig same tilhøva veks og blir til planter... Eg veit ikkje, men det er surt.

Alt i alt har dette vore ein herleg dag, og nå skal eg prøve å ta meg litt av dei som er inne i huset....

onsdag 11. mars 2009

"Kven er eg?" - dykk i frøboksen

Eg har masse frø. Ikkje alle eg hugsar at eg har bestilt, og kvifor.... Her er eit lite utvalg:

Echium plantagineum "Pink bedder"
Echium russicum
Molinia arundinacea
Phacelia
Lilium pyreniacum
Helianthemum nummularium "Mutabile"

Prøver å få sådd mest muleg i år. Går det så går det, trur mange må settast ut for spiring etter naturmetoden. Har ikkje plass inne, sjølv om "alle" utanlandske frøposar har påtrykt oppskrifta: "spirer ved ca. 20 grader, og ved jevn fuktighet". Når er det stabilt 20 grader ute her på vestlandet? - eg berre spør. Muleg dei har såpass til overlevingsinstinkt at dei tek til takke med temperaturar som stadig svingar mellom 6 og 20 grader - i beste fall! Under plantelyset mitt blir det i alle fall trongt om saligheta snart.

mandag 9. mars 2009

Såing i vilden sky......

Nå er det unntakstilstand her. Har rigga meg til med voksduk på spisebordet, og har klarert plass til pellisar og etter kvart agurk og tomat i stueglaset. I helga fekk eg skifta jord på pellisane, dei er faktisk i god vekst alt på grunn av plantelyset. Frodige og tette og fine... Håper på litt meir blomster på dei i år, i fjor fekk eg ikkje til ting som eg ellers meiner eg har dreisen på. Anar ikkje kva det kom av - kanskje eg hadde for mange å passe på?

Eg har luseinvasjon på planterommet, og det har byrja å bekymre meg litt. Det er granatepletreet som er syndaren, og den har smitta fleire fucksiaer og til og med Appleblossom rosebud (pellis)! Dei går det vanlegvis ikkje så lett lus på, men desse er aggressive! Hadde ikkje rødsprit, men det skal eg få tak i i morra. Spraya i stden med grønnsåpevatn med salmiakk i. Håper eg ikkje tok for mykje.... Har putta Provado for bladlus i pottene, men det ser ikkje ut til å affisere beista. Skal nok klare å ta dei, men er redd for at småplantene blir smitta, det er det ikkje sikkert dei tåler.

Ellers har eg sådd meir i kveld: har litt dilla for tida. Sit på jobb og lengtar etter å kome heim og få sådd meir.

Her er dagens frø-i-jord:

GRØNNSAKER/URTER
Basilicum "Yiotis" (Primafrø)
Basilicum "Ararat" (Primafrø)
Allium tuberosum (kinesisk graslauk, Primafrø)
Allium cepa (vårlauk, Th&M)
Allium fistulosum (pipelauk, Lene i Fredrikstad. Sådd før, men kvar blei den av?)
Allium/purre "Blaugruner winter" (Primafrø) Har sådd før, men dårleg spiring! Er dei så treige?

SOMMARBLOMSTER
Rudbeckia hirta "Golden brown" (Unwins, også sådd før men med dårleg spiring)
Phlox drummondii "Twinkle stars" (Gamle frø, Unwins)
Phlox drummondii "Tapestry" (Mr. Fothergills)

Har enda masse frø igjen, mellom anna sånt som skal såast rett ut og nokre som det er for tidleg å så enda. Det er også nokre stauder som eg trur det er greit å la spire inne og sette rett ut, evt. la spire ute når det blir varmare i lufta. Dette gjeld f.eks. mimulus og valmuer, samt ein malvasort (lommefrø). Veit ikkje om eg har rett, men har rett og slett ikkje plass til meir inne nå!

Det er lysare ute, og eg merkar det med ein gong på overskuddet. Kjenner meg nesten energisk innimellom. Har dessverre ein mann som hanglar, han er overarbeidd og stressa, og blir derfor forkjøla i eitt kjør. Håper han kjem seg snart, både for hans del og fordi eg har eit visst håp om at han skal orke å få gjort litt av alt utearbeidet som vart sett på vent sist sommar - på grunn av jobben hans.

Nå må eg vel snart legge meg. Sjekkar spirer på badet kvar morgon, og i dag hadde Diasciaen spirt! (Men har eg blitt velsigna med Blodbegerspirer??? neeei - Har sådd to gonger, og frø frå to ulike leverandørar)

torsdag 5. mars 2009

Frø i jorda i dag også

Har sådd i kveld:

Verbena (navnlaus)
Alcea filicifolia "Antwerp mixed" (rustresistent, frå Th&M!)
Salvia pratensis "Rose Rhapsody"

Det spirer som eit uvær i Nemesiapottene! Har erfart at dei spirene berre plutseleg dauar, så nå tør eg knapt flytte pottene. Dei spirte på planterommet, og eg har berre teke av dei den svarte plasten (mørkespirande) og senka lysarmaturen litt. Nå held eg pusten....

mandag 2. mars 2009

Har sådd masse (eg og vil prikle snart!)

Har sådd litt igjen, men har att masse frø fortsatt. Det monnar liksom ikkje?

Februar 09:

Tomat "Silvery fir tree"
Tomat "Sub arctic plenty"
Agurk "Zeina"
Agurk "Bush champion"
Lauk, stor (Seemnemaailm)
Purre (Seemnemaailm)

Antirrhinum "Madame butterfly"
Orlaya grandiflora
Nemesia "Carnival"
Clarkia (for tidleg...)
Rudbeckia "Golden brown"

Polemonium pauciflorum "Silver leaf form" (er sett ut)

Mars 09
Antirrhinum "White spire"
Antirrhinum "Rose princess"
Verbena "Sandy mix"
Diascia "Trio"

Purre "Blaugruner winter"
Piri piri (bærpepper) 2. gong. Første såing spirte dårleg.

Ellers kjøpte eg meg ein lysegul Clivia på plantasjen i Ålesund i helga. Den eg hadde sådd sjølv døde dessverre. Det var ein lærepenge med omsyn til at dei tåler dårleg å stå i vatn. Denne sto i ei potte utan oasis under slik eg brukar, men eg har berre vatna den når den har vore tørr oppå jorda. Likevel har røttene stått nok våte til å råtne. Slike småplanter er sjølvsagt meir sensitive enn store og veletablerte da. Uansett: nå har eg ein stor gul, dessverre navnlaus, med masse knuppar.

Eg handla i lag med svigerdottera til mannen min, og ho fekk seg også ein clivia, men orange. Eg forklarte så godt eg kunne korleis den skal stellast, og ho verka absolutt interessert. Dei har ei einaste potteplante i huset frå før, så nå har dei auka bestanden bra..... (eg hjalp jo til med å potte om den andre, så dette blir spennande. Greier eg å "omvende" henne til å bli hagegal...??)

Nå har eg ein følelse av at det hadde vore lurt å legge seg snart, med tanke på at eg har skumle (!) planar om å kome meg på jobb i skikkeleg tid i morra.

Ha ei god natt!