Viser innlegg med etiketten allium. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten allium. Vis alle innlegg

søndag 4. juli 2010

Julihagen min

Etter å ha hatt trekvart år med hageulyst, har hagen sjølv gitt meg ei påminning om kva gleder som ligg der og ventar på meg. Plantane har ikkje fått anna stell enn ein neve med fullgjødsel i vår, og likevel veks dei over sine bredder. Dei blomstrar og trivst, og er like vakre som før - trass i eigaren sin forsømmelse og vanstell. Eg er i alle fall hekta igjen - heldigvis;-)))

Bilda under ev av eit bed eg vart overraska over i år, fordi eg hadde gløymt at det var så FINT! Eit av dei få beda her som har litt system i fargar og blomstringstid. Nå er bedet i allium-fasen, med lime/lilla som fargetema. De ser prydgraset millium effesum, Allium purple sensation (?), heuchera Lime Rickey og den mørkblada heuchera Rachel. Har også geranium Purple Pillow (?) som er perfekt i fargen til alliumen. . Hadde i tillegg ein lysrosa låg geranium, men den ser ut til å ha forsvunne. I framkant er det klatrebeinved med lyse, brokete blad. Den tek litt mykje plass nå, og må stussast. Ellers har eg ein lukejobb med sjølvsådde (ikkje meg, men planta sjølv) matrem, enkle. Fine, men ugras her etter kvart. Dei er lysegrønne og veldig pene i bladfargen tidleg på sommaren, og var verkeleg dekorative i lag med det endre. Gjekk rett inn i fargepaletten:-)

Bilda av peonar er ikkje teke her i hagen, men hos ei hagevenninne her på Eid. Ho har mange fine, men nå er mine snart i blomstring og! Større i år enn nokon gong, og med mange knuppar!


Ja, da må de alle ha ein fin hagesøndag vidare:-)

mandag 22. juni 2009

Alliumbilde og iris med pene striper

Den mystiske Alliumen i heilfigur. Ikkje noko fint bilde, vart teke i full fart. Den er atskilleg høgare enn 10 cm., kanskje 20-25?
Navnet mitt er Allium cyathophorum var. farreri

Her er bilde av den variegerte irisen Iris pseudacorus "Variegata", med blomst. Den er da fin? Eg synest den er enda meir variegert i år enn i fjor?, og har auka bra i omfang der den står i ventebedet.... Eg må ta meg saman og prøve å få planta ut litt meir. Såg at RandiF hadde sin ved ein mørkblada sak, det var veldig pent. Muleg den skal få vekse ved Sambucus nigra "Black Beauty". Der hadde den verkeleg lyst opp. Nå har eg kutta ned naboen (Kerria japonica) som var så stygg, rota skal eg spa opp ein dag eg er i humør til litt fysisk slit.... Da blir det fint plass til ein variegert Iris på utkikk etter ein permanent heim!
PS: Snuffeldyret fann meir info: HER.
Ser ut til at det har sneke seg inn ein n for mykje. Magnar Aspaker skriv f.eks. cyathophorum ser eg. Rettskriving er faktisk viktig, det....


søndag 21. juni 2009

Allium og Bowl of Beauty

Ein liten tass som har lurt seg til å blomstre under ein peon i ventebedet. Sjølvsådd allium, som eg kvart år gløymer at eg har, men som eg blir veldig overraska og glad over å finne igjen. Lurer berre på kvar den har lyst til å vekse? Litt ille å la den vansmekte i ventebedet i år etter år, sår den er sååå fin!

I år har denne peonen, som heiter Bowl of Beauty trur eg, fire blomster, to i fjor! Spratt skikkeleg ut i dag, men bildet er frå 08.
Dagen har vore brukt i hagen. Har planta ut sommarblomster, rydda og prøvd å få tømt planterommet samt få det til å minke litt på alle pottene med diverse. Det er meldt fint, varmt vær, og da veit eg kven som blir gåande og vatne småpotter i timevis....
Har også laga ny porsjon med urtesalt. Denne gongen også innblanda nokre blad av ruccolaen som er fin og hausteklar. Må prøve å få ete den opp medan den er så fin, har ein lei tendens til å vente for lenge, og så blomstrar den plutseleg:-( Saltet står nå til tørk i den nye steikeovnen, med varmluft denne gongen. Har eg ikkje kome på før i dag.... Håper det går litt fortare da, for forrige porsjon brukte fleire dagar på tørkeprosessen.
Nå er eg varm i kjakane og på skuldrene, og ser at veslegutten har fått farge han også. Vi har nemleg hatt ein forsmak på sommaren i dag, med delvis sol. Nå som det blir varmare i været kjem det vel til å eksplodere med blomster: eg ventar på Iris ensata "Gracieuse", graslilja frå Hajal og to peonar med knuppar for første gong, mellom anna. Ha ei fin veke de og!