Viser innlegg med etiketten utøy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utøy. Vis alle innlegg

tirsdag 19. mai 2009

Brune iris og brune snegler.....

Denne fann eg ute i hagen nettopp. Først tenkte eg at det var ein svart skogsnegle, men den var oppi bedet, på ei plante, og den ar da mørkebrun, ikkje svart? Eg er livredd for at dette er starten på ein invasjon, har ikkje hatt mordersnegler til nå...... Den vart delt i to med hagesaksa, så eg håper det er ein "slemming". Eg tek nemleg ikkje livet av anna enn dei aller, aller verste kreka. Dei andre får leve her hos meg...
I dag oppdaga eg at ein navnlaus iris kjøpt frå nautesund for to år sidan endeleg blomstrar: søt er den da? Gjer ikkje så veldig mykje av seg der den står, men er sart og vakker på sitt vis. Tok inn ein bukett med nyutsprungne syrinar i dag. Det er av dei gamle, blålilla og kjem frå hagen til farmora mi. Koseleg lukt, som gir masse minner frå barndommen. Har tenkt på om eg også skal prøve å få tak ei eit rotskudd av ein kvit, gamaldags syrin frå Hadeland der mormora mi budde. Det hadde vore artig med ein frå kvar av bestemødrene sitt område. Syrin fanst jo i alle hagar før i tida, og eg tenker meg at den var noko alle jenter, damer og husmødre på landsbygda hadde eit forhold til. Syrinduft og forsommar, ahhhh!

mandag 9. mars 2009

Såing i vilden sky......

Nå er det unntakstilstand her. Har rigga meg til med voksduk på spisebordet, og har klarert plass til pellisar og etter kvart agurk og tomat i stueglaset. I helga fekk eg skifta jord på pellisane, dei er faktisk i god vekst alt på grunn av plantelyset. Frodige og tette og fine... Håper på litt meir blomster på dei i år, i fjor fekk eg ikkje til ting som eg ellers meiner eg har dreisen på. Anar ikkje kva det kom av - kanskje eg hadde for mange å passe på?

Eg har luseinvasjon på planterommet, og det har byrja å bekymre meg litt. Det er granatepletreet som er syndaren, og den har smitta fleire fucksiaer og til og med Appleblossom rosebud (pellis)! Dei går det vanlegvis ikkje så lett lus på, men desse er aggressive! Hadde ikkje rødsprit, men det skal eg få tak i i morra. Spraya i stden med grønnsåpevatn med salmiakk i. Håper eg ikkje tok for mykje.... Har putta Provado for bladlus i pottene, men det ser ikkje ut til å affisere beista. Skal nok klare å ta dei, men er redd for at småplantene blir smitta, det er det ikkje sikkert dei tåler.

Ellers har eg sådd meir i kveld: har litt dilla for tida. Sit på jobb og lengtar etter å kome heim og få sådd meir.

Her er dagens frø-i-jord:

GRØNNSAKER/URTER
Basilicum "Yiotis" (Primafrø)
Basilicum "Ararat" (Primafrø)
Allium tuberosum (kinesisk graslauk, Primafrø)
Allium cepa (vårlauk, Th&M)
Allium fistulosum (pipelauk, Lene i Fredrikstad. Sådd før, men kvar blei den av?)
Allium/purre "Blaugruner winter" (Primafrø) Har sådd før, men dårleg spiring! Er dei så treige?

SOMMARBLOMSTER
Rudbeckia hirta "Golden brown" (Unwins, også sådd før men med dårleg spiring)
Phlox drummondii "Twinkle stars" (Gamle frø, Unwins)
Phlox drummondii "Tapestry" (Mr. Fothergills)

Har enda masse frø igjen, mellom anna sånt som skal såast rett ut og nokre som det er for tidleg å så enda. Det er også nokre stauder som eg trur det er greit å la spire inne og sette rett ut, evt. la spire ute når det blir varmare i lufta. Dette gjeld f.eks. mimulus og valmuer, samt ein malvasort (lommefrø). Veit ikkje om eg har rett, men har rett og slett ikkje plass til meir inne nå!

Det er lysare ute, og eg merkar det med ein gong på overskuddet. Kjenner meg nesten energisk innimellom. Har dessverre ein mann som hanglar, han er overarbeidd og stressa, og blir derfor forkjøla i eitt kjør. Håper han kjem seg snart, både for hans del og fordi eg har eit visst håp om at han skal orke å få gjort litt av alt utearbeidet som vart sett på vent sist sommar - på grunn av jobben hans.

Nå må eg vel snart legge meg. Sjekkar spirer på badet kvar morgon, og i dag hadde Diasciaen spirt! (Men har eg blitt velsigna med Blodbegerspirer??? neeei - Har sådd to gonger, og frø frå to ulike leverandørar)