mandag 25. mai 2009

Iris og løvetann i skjønn forening


Her er ein Polemonium carneum "Apricot delight"

Ein Phlox divaricata "Clouds of perfume" blomstrar nå. Søt sak. (den blå) Blir frustrert over at bilda og teksten havnar hulter til bulter....


Iris kjøpt frå Nautesund for to år sia


Gudeblom - plutseleg var den berre der!
Driv med luking for tida. Ugraset veks som besatt, og eg innbiller meg at det er om lag 500 millionar fleire løvetannplanter i hagen i år enn i fjor.... Eg samlar frøstandar og kastar i bio-avfallet. Heldigvis er det også andre ting som veks og er frodige som de ser. Men eg har sååå mykje eg skulle ha spadd opp og renska, delt og flytta! Kunne sysselsatt ein gartner på heiltid. Må berre prøve å roe meg heilt ned og ta det etter kvart som eg har tid og ork. Nå regnar det i alle fall på grønnsaksfrøa mine - det er ein god ting;-)

tirsdag 19. mai 2009

Brune iris og brune snegler.....

Denne fann eg ute i hagen nettopp. Først tenkte eg at det var ein svart skogsnegle, men den var oppi bedet, på ei plante, og den ar da mørkebrun, ikkje svart? Eg er livredd for at dette er starten på ein invasjon, har ikkje hatt mordersnegler til nå...... Den vart delt i to med hagesaksa, så eg håper det er ein "slemming". Eg tek nemleg ikkje livet av anna enn dei aller, aller verste kreka. Dei andre får leve her hos meg...
I dag oppdaga eg at ein navnlaus iris kjøpt frå nautesund for to år sidan endeleg blomstrar: søt er den da? Gjer ikkje så veldig mykje av seg der den står, men er sart og vakker på sitt vis. Tok inn ein bukett med nyutsprungne syrinar i dag. Det er av dei gamle, blålilla og kjem frå hagen til farmora mi. Koseleg lukt, som gir masse minner frå barndommen. Har tenkt på om eg også skal prøve å få tak ei eit rotskudd av ein kvit, gamaldags syrin frå Hadeland der mormora mi budde. Det hadde vore artig med ein frå kvar av bestemødrene sitt område. Syrin fanst jo i alle hagar før i tida, og eg tenker meg at den var noko alle jenter, damer og husmødre på landsbygda hadde eit forhold til. Syrinduft og forsommar, ahhhh!

mandag 18. mai 2009

Bestilling og rekordar

Her er "skogsbedet" mitt. Det er faktisk oppi ei plantekasse, og har delvis blitt slik av seg sjølv. Eg har lagt mose oppi der, og så har eg planta litt Erica som først sto i potter til pynt ved gangdøra. Gaukesyra har slått rot heilt av seg sjølv, og så har nok stemorsblomnstene frå i fjor sådd seg sjølv... Eg synest det er flott, og er faktisk dekorativt året rundt med minimalt med stell.

Vårgyvelen min den 16. mai: Den er diiiiger, og flott. Eg er veldig glad i den, men må nok klippe den ned og flytte den snart. Står ein plass det skal lagast mur og trapp opp til garasjeloftet. Dessutan luktar den så enormt sterkt og intenst (godt, forsåvidt), men noko overveldande. Nå står den rett ved der vi går inn til huset, og rett ved uteplassen. Nærbilde av dei fine tulipanane mine, men kva var navnet igjen nå da? Her er dei nevnte tulipanane i bedet i lag med knall orange tulipanar som nå er nesten avblomstra. At det var knallgul Gullkorg i same bedet hadde eg gløymt, og blå perleblomster! Vi satsar på kraftfull fargebruk her hos meg. Muleg eg kjem til å flytte Gullkorga.... Endeleg blomst på Barlow-akeleiene! Sjølsådde, og skulle liksom ha blomstra i fjor sommar? Kjøkkenhagen etter omorganiseringa. Rododendron-bedet mitt! Dette er eit rotebed utan like, og sjølv om eg likar både litt kaos og tilfeldighetenes spill, så er dette litt too much! Her skal det ryddast, eg driv og planlegg eit primula-bed på nedsida av huset. Einaste aberet er at eg da ikkje får sjå primulablomstringa frå kjøkkenvinduet:-( -og kvar kom den eine orange tulipanen frå?? Euphorbia, men kva for ein. Eg er rett og slett forelska i denne....


Der greide eg å slette "rosinen i pølsa": Acer shirasawanum "Aureum": Måneskinnslønn. Det er praktbusken i hagen for tida. Den er eg så indeleg glad for at eg fekk tak i, og den ser eg frå kjøkkenvinduet heldigvis. Lastar opp på nytt:

Cephalaria gigantea blir faktisk gigantiske i år! Plantene er to år gamle, og var store og flotte i fjor, men i ÅR:
Har også bestilt følgande i kveld:

Primula x pubescens (blue). Aurikkel.
Kirengeshoma palmata. Voksklokke.
Bergenia "Bressingham White" Bergblom
Elymus magellanicus.

I tillegg prøver eg å få Håkon Vangsnes på Nautesund til å sende meg Helichrysum petiolare (grå og lime) i posten sjølv om det er sommarblomster, og han vanlegvis ikkje sender det. Hååååper det går i orden, dei er så vanvittig fine!

Ja, det skjer mykje for tida, ikkje minst er det høgsesong for konfirmasjonar! Eg er glad det ikkje er like hektisk kvar vår, neste år blir det meir tid til hagen;-)

Nå blomstrar også syrinen og alliumen (purple sensation). Det ER den 18. mai i dag, som alle veit. Kvar skal dette ende....

fredag 15. mai 2009

Kjøkkenhage-innsats

I dag har eg sådd følgande i kjøkkenhagen:
Spinat
Rødbeter
Ruccola

Til snitt:
Calendula mørk orange, fylt. (Seemnemaailm)
Calendula "Triangle flashback"
Calendula "Pink surprise"
Godetia "Rembrandt"
Lupinus aridus "Summer spires"
Gilia "Twilight"

Inne har eg broccoli, salat og mais til spiring, men anar at det skal bli vanskeleg å finne plass til alt. Går det an å selge maisplanter på planteloppemarkedet tru??

Ellers er eg så smått i gang med å dekke med aviser og bork i gangane i kjøkkenhagen. Er eit stort arbeid å kome rundt, men da er det gjort for nokre år framover. Eg er impulsiv og kjem derfor ofte på at eg skulle ha gjort ting på ein annan måte, eller vil endre litt, utvide etc. Da kan eg berre omorganisere bed og senger utan at eg grev meg på duk, faste kantar eller andre hindringar. Aviser med borkdekke fungerer veldig bra for meg. Det går sakte i oppløysing, men nokre år greier det å halde ugraset i sjakk. Eg lagar juksebed på den måten også, når eg ikkje orkar å spa seig torv. Meitemarken hjelper meg, og etter eit par år er det laus, fin jord under. Sjølvsagt berre der det er steinfritt, dei må fjernast på gamlemåten sjølvsagt.

Ha ei fin helg, og ein flott 17. mai!!

torsdag 14. mai 2009

Har sådd og planta i kjøkkenhagen

Må lage ei lita liste her, ellers går det i gløymeboka:

Gulrot "Nantes 2" (midterste rad)
Gulrot "Samurai" (øvste rad)
Gulrot "Dragon" (nederste rad)
Sukkerert "Oregon Sugar Pod"

Planta ut:
Purre "Blaugrüner Winther" (sådd inne)
Purre frå Seemnemaailm (sådd inne)
Kepalauk (sådd inne)
"Stor lauk" frå Seemnemaailm (sådd inne)

Samt nokre ufo-potter med diverse laukvekster: vårlauk og allium fistulosum? Mista lappane sine da plastdrivhuset for med vinden.....

søndag 10. mai 2009

Møkkhenting og andre oppløftande hendingar

Har denne helga henta eit hengarlass med den finaste, svarte og formulda hestemøkk du kan tenke deg. Eg hadde fått lovnad på møkk hos ei eg kjenner i Hennebygda, og fekk i går med meg mannen på den betingelsen at han skulle sleppe å ha nærkontakt med materien. Han stilte opp som sjåfør, løftemannskap og sekkeleverandør (sekker bereikna på brukte ventilasjonsfilter er perfekte til å frakte møkk i!) Møkka var truleg eit år gamal, og hadde vore oppbevart under tak. Eg fekk også med meg ein sekk med hønemøkk. Den er fersk, og bør vel brukast med måte, da den sikkert er sterk? Hestemøkka var luktaus omtrent, og hadde same konsistens som sånn kukompost du kjøper i sekker. Nå skal det da bli fart på grønnsaksdyrkinga mi tenker eg!

Ellers har eg endeleg fått somla meg til å plante om agurkplantene mine, og ei av tomatplantene. Mannen min monterte eit lysrør under det dørbladet eg har som benk på eine veggen i planterommet. Nå blir det lys i to etasjer der inne, og plass til litt meir. Eg slit med plassmangel for tida, og blir nesten motlaus over kor mange slag sommarblomster og grønnsaker eg hadde tenkt å forkultivere, men som eg ikkje har plass til! I morra må eg få tak i rør, og så er det klart for ompotting av dei siste tomatane også. Agurkplantene mine er ganske små, for dei har stått for lenge i 7 cm. potter, likevel blomstrar dei! Nå skal dei få betre stell, eg lovar.

I dag har eg endeleg byrja på den møysommeleg prosessen å spa opp, dele, flytte og ikkje minst SORTERE stauder! Med sortere meiner eg ta stilling til kven som skal stå i lag, kva som blir fint, kva som blomstrar når og med kva slags farge etc. Til nå har eg berre stappa ting i jorda for å sjå korleis dei vart..... Å du og du for ein jobb for meg som ikkje er så planmessig av meg, og som likar alle slags plantar i alle slags fargar... Må vere enklare for dei som konsekvent ikkje skaffar seg noko anna enn rosa/burgunder/kvitt, og resolutt lar alt gult og orange vandre til det hinsidige (=komposten). (eeehhhhm; eg dristar meg også til å seie: kjedelegare......hysssj...).

Det eg gjekk laus på aller først var to store røtter med hagemarikåpe (Alchemilla mollis). Alt i fjor såg eg at dei var nær ved å kvele den eine peonen min. Peon likar ikkje andre vekster over seg. Røttene var store, og begge vart delt i fire med sag! Eg planta fem langs den komande hagegangen min, under rododendronen. Dei tre siste også langs hagegangen, men litt lenger bort. Det løsna også fleire rosettar med rotanlegg, og dei planta eg i potter til bruk på planteloppemarknaden til hagelaget. Dette er i alle fall ei plante eg ville ønska meg til hagen min om eg hadde ny hage, eller berre ikkje hadde den frå før. Fortrenger elegant skvallerkål og innpåslitne grasrøtter!

Eg har også starta anlegginga av eit "kvitt bed" under syrinen, i den våte delen av hagen. Hit flytta eg nokre kvite kuleprimula (Primula denticulata), to kvite japanprimula (Primula japonica), ein hosta med kvite kantar på blada (vart delt, viste seg at den var direkte enorm under jorda, kjemperot!!), ein nusseleg sak som eg trur heiter "knollhestehavre"?? (Arrhenatherum bulbosum variegatum). Den skal like skygge, men eg er usikker på kor fuktig den vil ha det. Vel, vi får sjå. Det går som oftast betre enn ein trur, mange planter som har ord på seg for å ville ha det slik eller slik, kan også klare seg fint om dei ikkje har det heilt optimalt. Så gauv eg laus på ein sjølvsådd fjellflokk (Polemonium). Den stod håplaus feilplassert i fjor sommar, men blomstra og blomstra og blomstra så fint! Eg orka ikkje gå laus på det stoooore puslespelet da, så nå tok eg altså sjansen på å spa den opp sjølv om den stod med knuppar. Da ser eg i det minste forskjell på dei blå og dei kvite, for eg ville ha berre kvite i det kvite bedet mitt sjølvsagt! Følte meg ein smule brutal, for den var slett ikkje lett å dele på ein "human" måte. Til slutt fekk eg laus tre kvite og sette i det som sagt fuktige bedet. At eg innbiller meg at Fjellflokk vil ha det litt tørt lot eg som eg gløymte. Den blir fin der, om den berre ikkje tok skade av herjinga mi i dag. Dei "kvite duppene" skal også dit, men den tør eg ikkje røre før den er avblomstra. Nå står den så fin i ein ventekarm og blomstrar. Søt!

Så kom eg på at eg skal flytte Brunnera "Looking glass" ned dit, Den blir nå litt svidd av sola der den står, og eg ser for meg at den blir kjempefin med reint kvite-og-grønne omgivnader. Dessverre trur eg nok at eg får litt lappeteppe-effekt i dette bedet også, som vanleg. Trur nå eg har forstått at fleire plantar av same sort er lurt.... men det er så vanskeleg å velge vekk nokon!! Plasskrevande å vere estetikar dessverre.

Eg har også omnsider fått dekt med aviser under den tredje søtmispelen oppe ved kjøkkenhagen, og dekt med bork. Nå ser det ryddig og fint ut, og eg håper veldig at dei skyt i været i år. Dei skal bli 2-3 meter står det på lappen, men til nå har dei berre kome seg om lag ein meter over bakken. Dei står rett nok på ein litt skrinn plass, men eg trur ikkje dette er busker som stiller så store krav. Den som har stått med kveke heilt innpå seg var uansett minst, men han fekk ei nistepakke av hestemøkk med seg under avisdekket. Sommaren 2009 kan berre kome.

Neste punkt på "hastelista" er å ordne kjøkkenhagen, og så grave ned slange så eg får vatna der oppe. Det er ein stooor jobb, for eg skal grave opp ein del torv, få ned møkka, og lage gangar med aviser/bork. Heldigvis er det meldt fint vær uti veka. Berre så fortærande med 17. mai midt oppi alt saman, og så ein søndag!

Uansett: ønsker dei få som har orka å lese heilt hit ei flott veke...

fredag 1. mai 2009

Her går det unna, altså....

Mange etterlengta spirer kjem opp, og nokre ein ville vore glad for å sleppe å sjå...... Må likevel seie at ved hjelp av Roundup har eg fått rimeleg kontroll på dei to verste områda i hagen, og det er eg glad for. Gjer den store forskjellen - sarte lundhagevekster i kamp med skvallerkål er ikkje noko vakkert syn:-(
Kerria japonica - Soleiebusk? Blir ikkje enig med meg sjølv om eg likar veksten på den eller ikkje, men kvar vår er eg veldig enig med meg sjølv om at eg likar blomstene!
Det spirer i gamle potter også! Sølvlind? hmm - må google.
Eit av mine kjære, små valnøttre med nye, flotte skudd. Skal felle ein diger lønn slik at denne får ein bra plass, men det blir først når mannen med dei motoriserte reiskapane får tid/lyst etc....
Sanguinaria canadensis, enkel, - Blodrot. Veks i lundhagen, og er eit av årets overraskingar for alzheimer-gartnaren!
Låge, blå lungeurt er trufaste, og som alltid perfekt selskap for dei gule påskeliljene!
Frittilaria pallidiflora frå Europris kjem att i år også! Stolt av den...
I lundhagen veks denne Helleborusen, men navnet... Uansett er den så ekstremt flott og blomsterrik, og fargen er så frisk og fin, samt at den høver godt saman med den mørke Helleborusen den står i lag med. Håper dei blir meir omfangsrike begge to, kunne godt ha planta dei tettare i lag. Eg forstår ikkje heilt at dei blomstrar så voldsomt nå, da eg hører andre seie at dei er ferdige for året- men eg er glad til eg!
Vart planta i fjor, og denne er kjempefin! Eg har hatt eit litt anstrengt forhold til den kraftigare, knallrosa søstera, men denne blyge, kvitrosa skapningen med søte små og smale blad er berre bedårande. Så var det navnet da..... Bergenia (Bergblom) dette er "Bressingham White". Lekker!
My favourite! Påskeliljene som heiter "Thalia". Dei er såååå fine!
Rhododendron "Blueshine girl", har fine blomster i tillegg til nydelege, blåaktige skudd! Spesiell dame dette her.
I år kom Darmera peltata (skjoldsildre) endeleg med blomster. I fjor oppdaga eg at den hadde overlevd, men fekk berre blad. Har planta den på ein problemplass som ofte er overrisla av vatn i lange perioder om vinteren og når vi har regnsommar. Tenkte denne skulle tåle det, som er ei slags sumpplante. Det gjer den nok, men etter at den kom i jorda har det ikkje vore så veldig mykje regn.... Likevel har den kome igjen, flotte knuppar, bildet vart teke onsdag, og i dag blomstrar den i vilden sky.
I dag har eg oppdaga at eit nokolunde lokalt gartneri har oppe, og dei lokkar med mange godbitar om ein kjem tidleg.... Trur eg skal ha meg ein tur ja!